136
Pulp Fiction – ein postmodernistisk film
Ein film som har ei rekkje postmodernistiske trekk, er Pulp Fiction (regi: Quentin Tarantino, 1994). Det er ein gangsterfilm med ei rekkje handlingstrådar som i starten ikkje ser ut til å henge saman, men som til slutt blir vikla inn i kvarandre. Filmen hoppar også fram og tilbake i tid, og er altså ikkje kronologisk fortald. Alt dette får oss som ser filmen, til å tenkje at dette er konstruert og laga til, og dette er noko postmoderne kunst er oppteken av: Forfattarar og regissørar trur ikkje at dei kan «lure» oss til å tru at dei etterliknar verkelegheita. Å vise fram fiksjonen, altså tydeleggjere at det er snakk om noko som er dikta opp, blir kalla metafiksjon. Både postmoderne filmar og litteratur har ofte eit slikt metaperspektiv.
Vu r
metafiksjon
de
rin
gs
ek s
Frå filmen Pulp Fiction (1994) av Quentin Tarantino
em
↥
tekst i kontekst
pl ar
grip teksten
Hovudrolleinne havaren, John Travolta, var før Pulp Fiction mest kjend for å ha spela i den enormt populære dansefilmen Saturday Night Fever (1977). Når Travolta dansar på nytt i Pulp Fiction, blir det eit nikk tilbake til den filmen. ↦
200452 GRMAT Grip teksten VG3 210501.indb 136
08.03.2022 11:56