LÆR OM
Tung tids tale Tung tids tale Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di. Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi. Alt du kan løfte av børa til bror din, Det er mange ikring deg som frys,
m pl
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
ar
må du ta på deg.
Hender finn hender, herd stør herd,
se
barm slår varmt imot barm. at du er varm!
ek
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
gs
Halldis Moren Vesaas, fra Dikt i samling, 2015, først i samlinga Tung tids tale, 1945
rin
OPPGÅVER
rd e
23 Kva for pronomen finn du i diktet? 24 Finn ut meir om forfattaren og om diktet, til dømes når det vart skrive. Kva slags «tung tid» er det tale om? Skriv ei halv sides tolking
Vu
av diktet på nynorsk. Svar mellom anna på: Kva handlar diktet om? Kven vender eg-stemma i diktet seg mot? Du kan lese meir om dikttolking i kapittel 9, «Lytt til ord og lyd».
25 I kva for samanhengar kunne det passe å lese dette diktet høgt? 26 Forfattaren Olaug Nilssen har skrive ei bok som heiter det same som diktet. Finn ut meir om denne boka. Kva handlar boka om, og kvifor har forfattaren valt å bruke same tittel, trur du? 27 Teksten på neste side, om el-sparkesyklar, er eit døme på at bokmål og nynorsk kan vere litt ulike i uttrykksmåten. Les båe versjonar. Kva for endringar som ikkje har med bøying å gjere, finn du i nynorskversjonen?
6 Bruk nynorsk
131