6 minute read

Tung tids tale

OPPGÅVER Tung tids tale

Tung tids tale

Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di. Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg. Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd, barm slår varmt imot barm. Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm!

Halldis Moren Vesaas, fra Dikt i samling, 2015, først i samlinga Tung tids tale, 1945 23 Kva for pronomen finn du i diktet? 24 Finn ut meir om forfattaren og om diktet, til dømes når det vart skrive. Kva slags «tung tid» er det tale om? Skriv ei halv sides tolking av diktet på nynorsk. Svar mellom anna på: Kva handlar diktet om? Kven vender eg-stemma i diktet seg mot? Du kan lese meir om dikttolking i kapittel 9, «Lytt til ord og lyd». Vurderingseksemplar 25 I kva for samanhengar kunne det passe å lese dette diktet høgt? 26 Forfattaren Olaug Nilssen har skrive ei bok som heiter det same som diktet. Finn ut meir om denne boka. Kva handlar boka om, og kvifor har forfattaren valt å bruke same tittel, trur du? 27 Teksten på neste side, om el-sparkesyklar, er eit døme på at bokmål og nynorsk kan vere litt ulike i uttrykksmåten. Les båe versjonar. Kva for endringar som ikkje har med bøying å gjere, finn du i nynorskversjonen?

Tenk på bestemoren din! Tenk på bestemora di!

I et debattinnlegg 15. juni med denne overskriften, beklaget to representanter for arten bestemor seg over råsykling på byens fortau og stilte spørsmålet: «Hvilke rettigheter har vi som fotgjengere, om noen?» Siden spørsmålet er kjønnsnøytralt, tillater jeg meg som representant for arten bestefar å svare: Alle. Trafikkreglenes paragraf 18, pkt. 3 er klinkende klar: «Sykling på gangveg, fortau eller i gangfelt er tillatt når gangtrafikken er liten og syklingen ikke medfører fare eller er til hinder for gående. Slik sykling må ved passering av gående skje i tilnærmet gangfart.» Det er altså simpelthen ikke tillatt å sykle på et fortau med mange gående eller på en trang gangsti. Det er forbudt å snitte seg frem med små marginer, og farten – også på syklene – bestemmes av dem som går, ikke av dem som sykler. Hvorfor overholdes ikke dette regelverket? Og hvorfor håndheves det ikke?

Stian Sørlie, jurist og bestefar, Aftenposten 23. juni 2020

I eit debattinnlegg 15. juni med denne overskrifta, beklaga to representantar for arten bestemor seg over råsykling på fortaua i byen og stilte spørsmålet: «Kva for rettar har vi som fotgjengarar, om nokon?» Sidan spørsmålet er kjønnsnøytralt, tillet eg meg som representant for arten bestefar å svare: Alle. Paragraf 18, pkt . 3 i Trafikkreglane er klinkande klar: «Sykling på gangveg, fortau eller i gangfelt er tillatt når gangtrafikken er liten og syklingen ikke medfører fare eller er til hinder for gående. Slik sykling må ved passering av gående skje i tilnærmet gangfart.» Det er altså beintfram ikkje tillate å sykle på eit fortau med mange gåande eller på en trong gangsti. Det er forbode å snitte seg fram med små marginar, og farten – også på syklane – skal vere bestemt av dei som går, ikkje av dei som syklar. Kvifor blir ikkje dette regelverket overheldt? Og kvifor blir det ikkje handheva? Stian Sørlie, jurist og bestefar, Aftenposten 23. juni 2020. Innlegget er opphaveleg skrive på bokmål.Vurderingseksemplar

OPPGÅVER

28 Les dette utdraget fra Hans Rotmo. Sju år gammel tok æ gitaren te mora mi og lista meg inn på rommet te storebroren min som spellt slagera på trekkspell. Æ satt livredd og slo akkorda heilt te æ slo feil og vart kasta ut. Seinar fikk æ moped. Etter å ha vørti lei av å kjør Verdalen rundt, kjøpt æ mæ bassgitar I Østersund, foreldran så hoppende ferbanna, fer den ha enda fleir ulyda i sæ enn mopeden. Ja, æ trur det va den blåe Kent-bassen som fikk mæ te å nynn sjøllaga melodia te sjøllaga bassganga. Du skjønne – bassgangan min passa itj på nå’n kjente melodia. Nå’n av melodian min va ordlaus og nakin som grisunga, mens andre hadde ragg av engelske og svenske ord. Hans Rotmo, Tekstforfatteren, 1993

a Kva for dialekt er denne teksten skriven på? b Ligg språket til Hans Rotmo nærmast bokmål eller nynorsk, tykkjer du? c Finn ein aktuell norsk songtekst som er skriven på dialekt. Skriv meininga di om teksten, med tanke på publisering i skuleavisa. Skriv litt om kva den handlar om, og kva du tenkjer om teksten, og om Vurderingseksemplar du vil råde andre til å høyre på låta. d Diskuter. Er det vanleg å bruke dialekt i norsk populærmusikk? Kva tenker de om tekstar på dialekt? 29 Er dialekta di mest lik bokmål, nynorsk eller ein stad midt i mellom? Kva for trekk i di eiga dialekt finn du igjen i standardisert bokmål og/eller nynorsk? Diskuter med ein læringspartner og del tankane dykkar med klassen.

OPPGÅVER

30 I tekstsamlinga på Aunivers.no finn de to lesarinnlegg om nynorsk: Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang., av Lars Erik Haugvaldstad Børresen og Vi burde starta med sidemål enda tidlegare, av Dordi Boksasp Lerum. Les dei to tekstane og gjer éi av desse oppgåvene: a Les dei to tekstane nøye, og finn argument både for og imot å ha sidemål i skulen. Sett opp argumenta på eit ryddig og oversiktleg vis, til dømes i eit skjema eller tokolonnenotat. b Diskuter i klassen: Kva for fordelar og ulemper er det ved å ha sidemål i skulen? c Skriv eit debattinnlegg kor du får fram argument og meiningar omkring sidemål i skulen. 31 a Lag ei digital biletforteljing. Ta bilete av folk som er aktive, som gjer noko, til dømes syklar, surfar, køyrer slalom eller rullebrett. Set bileta saman. b Skriv undertekstar og replikkar til bileta og lag eit samandrag av biletforteljinga. c Vis biletforteljinga til ein medelev og les opp teksten. d Gå saman og spel biletforteljingane som eit skodespel eller ein sketsj. Vis klassen. e Ein av tilskodarane fortel korleis han eller ho forstod kva som hende. 32 Skriv ein songtekst på dialekta di. a Kva for målform er nærmast di eiga dialekt, bokmål eller nynorsk? b Kva skal til for å sette om songteksten frå dialekt til standardisert skriftspråk? c Diskuter kva for fordelar det kan vere å lage tekstar på dialekt framfor standardisert skriftspråk. Diskuter i klassen. Kva har du lært? Dersom du skulle forklare for ein elev på trinnet under deg kva du har lært i dette kapittelet, kva ville du seie? Meiner du at bokmål eller nynorsk er nærmast talemålet ditt? Grunngje svaret. Vurderingseksemplar Korleis har du lært det?

Har du fått nokre aha-opplevingar gjennom arbeidet med dette kapittelet? Skriv eit notat på ei halv side om korleis de har jobba med nynorsk i klassen, og korleis du har opplevd å arbeide med nynorsk.

Kvifor skal du kunne dette?

Kva kan argumenta vere for påstanden: Arbeidet med sidemålet gjer elevane betre i stand til å forstå korleis norsk er bygd opp, og dessutan til å forstå kva som er god språkbruk i norsk.

This article is from: