1 minute read

Samsvarsbøying

I nynorsk bøyer vi i partisippa av mange verb som om de var adjektiv når dei kjem etter vere, verte eller bli: Mobilen er stolen og veska er stolen. (hankjønn og hokjønn) Smykket er stole. (inkjekjønn) Pengane er stolne. (fleirtal) På bokmål kan vi bruke stjålet alle stader. Det er dei sterke verba og svake verb på -te eller -de i fortid som får slik samsvarsbøying.

OPPGÅVER

16 Les desse setningane. Romanen er skriven av Jo Nesbø. Brevet er skrive av meg. Oppgåvene er skrivne av ivrige elevar. Korleis ville ordet skrive vore brukt om desse setningane hadde vore på bokmål? a Skriv om setningane til bokmål. b Kva skjer med setningane? Diskuter med ein læringspartnar. 17 Prøv deg på samsvarbøying her: Kampen vart døm...

Novella var godt fortal... Foreldra vart tidleg skil... Handballjentene vart utspur... av journalistar Feltet vart utbyg... i 50-åra Sykkelen blei reparer... 18 Du rapporterer frå ein fotballkamp mellom favorittlaget ditt og hovudmotstandaren deira. Skriv ein kort reportasje på nynorsk. Få med desse orda: kamp/dømt, ball/teke, kamp/avblåse, spelarane/utskjelt, taklingane/diskutert. Vurderingseksemplar

This article is from: