1 minute read

Kva er det med Else?

Else – like heit som alltid.

Kva er det med Else? Substantiv som endar på -het og -else, er vanlege i bokmål. Sidan desse orda kom inn i norsk frå tysk på 1300-talet, har dei blitt oppfatta som framande og ikkje blitt brukt like ofte i nynorsk. I seinare tid, derimot, ser vi at fleire og fleire ord som endar på -heit, kjem inn i nynorsken òg. Sjølv om dei er meir vanlege no, brukar vi framleis ofte ei omskriving, eller særeigne nynorske ord. Til dømes heiter det kjærlighet på bokmål, men kjærleik på nynorsk. I staden for ein del av orda som endar på -het og -else i bokmål Finn ei erstatning bruker vi eigne ord eller omskrivingar i nynorsk, til dømes heiter for -else i ordet tillatelse løyve. I ordboka vil du finne forslag til andre ord og forelskelse, og i omskrivingar. forkjølelse.

Vurderingseksemplar

Forstavingane an- og be- høyrer helst bokmålet til, men dei finst også i nynorsk i ord som betale, begynne og anbefale. Når vi skriv nynorsk, prøver vi likevel å finne andre nynorske ord. Til dømes seier vi gjerne nytte eller bruke i staden for benytte, eller slit eller strev i staden for anstrengelse. Mange slike ord med forstavingane an- og be- finn du ikkje i nynorskordlista i det heile, til dømes anfører eller ankomme. Her må vi skrive førar og komme/kome (fram) på nynorsk.

This article is from: