2 minute read

Martin er feiarlærling

Det mest utrulege med å vere feiar er å feie krematoriet, men dei som absolutt ikkje vil, får sleppe.

– Det er mange som ikkje heilt forstår at feiar berre er namnet på yrket vårt, fortel Martin Iversen på e-post til Framtida.no. 24-åringen frå Bergen er feiarlærling, og fortel at det å feie skorsteinar berre er ein liten del av den store jobben dei gjer. – Vi jobbar som regel med å førebygge brann i bustadar, osb.: og så bortetter, fritidsbustadar, burettslag osb., forklarar han. Som feiar passar bokmål: og så videre ein mellom anna på at heimar har nok røykvarslarar, at rømningsvegane er godkjende og korleis folk unngår såkalla beksot, som kan føre til pipebrann. (osv.) Fakta Martin Iversen Alder: 24 år Frå: Bergen Yrke: Feiarlærling Utdanning: StudiekompetanseVurderingseksemplar

tilsett: ansatt på bokmål

OPPGÅVER

Feiarfamilie

For Martin Iversen ligg feiaryrket i familien. Bror hans Tommy er praksiskandidat i Oslo, og dei har begge henta inspirasjon frå mor si, Janne, som i 1989 vart tilsett som ein av dei første kvinnelege feiarlærlingane nokosinne på Bergen brannstasjon. – Eg valde dette yrket fordi mor mi fortalde at dei søkte etter ein lærling. Eg vart då motivert til dette, då mor mi òg er feiar, fortel 24-åringen. I eit intervju med Fagbladet forklarar Iversen-brørne at ingen av dei fortalde kven mora var, då dei var til førstegangsintervju. På andregongsintervju hadde derimot arbeidsplassen funne ut at dei hadde fått feiaryrket inn med morsmjølka. Likevel overgjekk yrket forventningane Martin Iversen hadde før han tok til: – Eg hadde ikkje forventa at arbeidsdagane mine skulle vere så bra som dei er, med fantastiske kollegaar og med god opplæring. Vi ser mykje nytt kvar einaste dag. 24-åringen er no i gang med læretida for å verte feiar. – Eg har 3,5 år opplæring før eg kan gå opp som svein, slik at eg får ei god og rett opplæring for å verte ein dyktig feiar og brannførebyggjar, forklarar han. Bente Kjøllesdal, Framtida.no, 16. oktober 2020 4 Jobb saman med ein medelev. Les utdraget frå artikkelen ovanfor og svar på spørsmåla: • Kva for yrke har Martin? • Kva for yrke har broren hans? • Kva for yrke har mor deira? • Er Martin ferdig utdanna i yrket sitt? • Kor lang er opplæringa for å bli feiar? • Kva går jobben som feiar ut på? • Kva fortel Martin om arbeidsdagane? Forklar desse orda munnleg på nynorsk: røykvarslar, rømningsveg, fritidsbustad, pipebrann, læretid, lærling, svein,

Du kan lese heile artikkelen i tekstpraksiskandidat, andregongsintervju, morsmjølk. samlinga på side 440, eller høyre han på Aunivers.no.Vurderingseksemplar 5 Kva for yrke kunne du tenkje deg? Skriv ein kort tekst om kva du vil jobbe med som vaksen, eller kva du trur du kjem til å gjere. Kvifor vil du velje akkurat dette yrket, og kva du ser for deg kan vere interessant med det? Les intervjuet med Martin for inspirasjon. 6 Tenk deg at du er eigar av ein sportsbutikk og skal tilsette fleire medarbeidarar. Kva for spørsmål vil du stille søkarane? Les meir om jobbintervju på side 22–23.

This article is from: