1 minute read

Spørjeord

Det er særleg i 2. og 3. person fleirtal at nynorsk skil seg frå bokmål. Setninga «De ga dem skikkelig juling på fotballkampen.» heiter «Dei ga dei skikkeleg juling på fotballkampen.» på nynorsk.

I nynorsk bruker vi ikkje den som personleg pronomen. I staden bruker vi han eller ho: Nynorsk: Eg las boka du lånte meg. Ho var fantastisk! Bokmål: Jeg leste boka du lånte meg. Den var fantastisk!

Nynorsk: Gratulerer med ny sykkel. Han ser dyr ut. Bokmål: Gratulerer med ny sykkel. Den ser dyr ut.

Men: Vi bruker peikeordet den når vi vil peike på noko spesielt: STOPP OG TENK Kva for spørjeord brukar du mest? Det er den eg vil ha. Spørjeord På nynorsk heiter hvem kven, og hva heiter kva. Andre spørreord Nynorsk: kvifor Bokmål: hvorfor Nynorsk: korleis Bokmål: hvordan Nynorsk: kvar eller kor Bokmål: hvor Nynorsk: kva for eller kva Bokmål: hvilken Spørreordet hvor på bokmål heiter kvar eller kor på nynorsk. Dei er rekna for å vere adverb, ikkje pronomen. Vi bruker kvar eller kor om staden, men berre kor dersom vi vil spørje om Vurderingseksemplar graden av noko, altså kor mykje eller lite av noko. Kvar/kor bur den tøffe jenta som skreiv den beste artikkelen eg har lese? Kor mange gonger har du ikkje spurt om nett det?

This article is from: