7 minute read

Peter Strassegger – Aleksander den store

FØR DU LESER Aleksander den store

Hva handler bibelfortellingen Peter Strassegger om David og Goliat om? Skriv ned det Aleksander mot Goliat du vet eller gjør et David var ein eg gjekk i klassen med. Han var den største og søk på internett. farlegaste av alle gutane, alle kalla han derfor for Goliat. Han hata Hvem var Alexander alle, og alle var redde han. Eg var berre ein av fleire smågutar i den store? Skriv ned klassen som han banka for moro skuld. Han byrja med det allereie det du vet eller gjør i fjerde klasse. Nesten heile livet mitt har han halde på, men då me et søk på Internett. byrja på ungdomstrinnet i fjor, fekk eg nok. Eg ville ikkje vera den Hva menes med flinke guten på fyrste rad som gjorde alt riktig lenger, for same kva eg gjorde, fekk eg Goliat imot meg. Til slutt fann eg ein måte å ta han på: Uansett kva han gjorde, skulle eg verken flykta eller bli redd, eg skulle ta igjen. Dersom han spytta på meg skulle eg spytta tilbake. Dersom han slo meg, skulle eg slå tilbake. Same kor mykje det kom til å provosera han. Dersom han blunka, skulle eg blunka, dersom han gjekk, skulle eg følgja etter han. Heilt til han gav seg. voldsspiral? «David og Goliat» (ca. 1550) av Daniele de Volterra (1509–1566).Vurderingseksemplar

Heilt til eg fekk overtaket. Etter nokre månader gjekk det på automatikk, det vil seia, eg tenkte ikkje meir over det eg gjorde, eg gjorde berre det same som han. Eg var blitt ein annan, var ikkje lenger strevaren på fyrste rad. Eg ante ikkje at eg hadde det i meg, på berre nokre månader var eg blitt ein maskin, ein krigar, og eg heldt fram med dette i nesten eit år. Og fyrst då gjekk det gale. Eg var blitt sint. Illsint. Så sint at det svartna for meg. Og då var ingen trygg for kva eg kunne finna på. Og David? Eg hadde ikkje lagt merke til at eg hadde knekt han, før det var for seint.

Me hadde slåst i skulegarden. Han drog til meg, og eg drog til han tilbake, han kvelte meg, og eg klarte å kvela han tilbake. Det var då det svartna for meg. Eg hugsar ikkje alt som skjedde etterpå, berre at eg mista styring over nevane mine. David klarte ikkje å kjempa imot meir. Eg hugsar at han ein augeblink, medan eg kvelte han, likna ein gammal mann som heldt på å døy, eller kva skal eg seia? Han smilte så rart. Så forsvann alt eg såg rundt meg, og hendene mine gjorde resten. Eg veit ikkje korleis dei klarte det. Eg kallar det eit uhell. Det neste eg hugsar, var at auget hans låg som eit kvitt og raudt egg på asfalten framføre meg. David vrei seg på bakken. Læraren skreik. Nokon skinnrista meg, og eg blei slept med til legen. David kunne ha blitt min beste venn. Kunne eg drepe han? Slik som eg drap små dyr då eg var barn? Mor sa alltid at eg hadde vore ein vanskeleg unge. Ho sa at eg allereie som liten kunne fara opp og bli sint for ingenting, at det nok var noko eg hadde arva av far, sjølv om han hadde blitt rolegare med åra. Eg hugsar at eg i barnehagen ofte øydela ting andre hadde laga. Eg visste ikkje alltid kvifor. Eg hugsar at eg gøymde meg i eit kott fyrste skuledag. Eg hugsar at eg ein dag fann ein pakke fyrstikker på veg til skulen, og at eg prøvde å Vurderingseksemplar setta fyr på ei kladdebok. Det var i andre klasse. Eg hugsar at eg måtte vera heime i nokre dagar etter det, at mor tok meg med til legen, men at han berre sa at dei ikkje skulle gje meg fleire fyrstikker. Utanom det var eg den flinkaste i klassen. I fjerde klasse blei eg ein gong rasande fordi eg visste at læraren tok feil i ei sak, og at eg hadde rett, men han ville ikkje gje meg rett. Eg blei så sint at eg grein, og det var då David kom etter meg fyrste gong. Eg hugsar eg blei redd David då, og eg blei også redd læraren. Eg hugsar at eg byrja bli stille på skulen etter det. Og at eg sette meg på fyrste rad. Ein gong kom David bort til meg om morgonen og sa at han skulle knusa hovudet mitt som ei dasskål på slutten av dagen. Eg

blei livredd. I andre time klarte eg ikkje å pusta og trudde eg skulle kvelast. Læraren ringde mor, mor kom og henta meg, tok meg med til legen, men han sa det berre var panikk, og at eg måtte ta det med ro i nokre dagar. Berre panikk? Eg fekk ikkje pusta, eg trudde eg skulle døy der og då medan alle såg på. Eg fekk vera heime i nokre dagar og ta det med ro, og det var då eg fann ut at det hjelpte meg å kvesta edderkoppar og biller og andre smådyr. Det heldt panikken unna. Ein gong drap eg eit marsvin, og det var då mor og far meinte eg var blitt galen og tok meg med til legen igjen. Men han sa det same som alltid: At eg var heilt vanleg, at det er berre slike ting ungdommar gjer iblant. Eg hugsar at eg likte legen, på veg ut frå kontoret gav han meg tommelen opp. Men då eg hadde rive ut auget til David, blei eg send til eit anna legekontor. Far venta heime. «Utestengd ut skuleåret. Og utgreiing hjå spesialistar etter sommaren,» sa han. «Nei, ikkje no. Det kan me ikkje, me skal jo flytta. Og eg skal føda snart, og denne ungen skal ut i Noreg. Det var avtalen, alt er klart,» sa mor. «Men kva skal me gjera med dette då?» sa far og peika mot meg. «Dette?» svara eg. Dei overhøyrde meg. «Kan me berre flytta ifrå alt?» spurde mor. Begge såg på meg. Eg var framleis heilt tom inni meg. I fleire månader hadde dei snakka om å flytta til Noreg, eigentleg hadde dei snakka om det i årevis, så lenge eg kunne hugsa, men dei siste par vekene hadde dei pakka ting ned i øskjer. Det var då eg skjøna at det var alvor. Mor ville til heimlandet sitt for å føda, for det nye barnet skulle bli ein norsk unge. Vurderingseksemplar «Alt blir enklare då,» hadde ho sagt. Mor gløymde meg av då ho blei gravid, ho tenkte berre på magen sin som vaks og vaks for kvar dag, og kor fint livet kom til å bli når jentungen endeleg kom. No måtte ho ta omsyn til meg, men eg kjente ingenting. «Eg er ikkje noko dyr,» sa eg. «Kva?» sa far. «Du snakka om meg som om eg var eit dyr.» Far sa: «Nei då, me må berre finna ut kva me skal gjera.» «Skal me framleis flytta?» «David har det greitt. Han har sjølvsagt blitt blind på den eine sida, men elles klarer han seg.» «Eg skal snakka med foreldra hans,» sa mor.

OPPGAVER

«Men korleis gjorde du det?» spurde far. Eg svara ikkje. «Kva var det som skjedde?» spurde far. «Eg veit ikkje! Det var eit uhell!» ropa eg og kjente at tårene pressa seg fram i meg. «Så, så, okay. Det var eit uhell. Dokker slost, og det gjekk for langt. Eg skjønar det. Det seier alle som såg på òg, og rektor veit kva David har gjort mot dei dei siste åra. Det kjem til å gå fint.» Ei sterk kjensle rørte seg rundt i hjartet mitt. Då tok far tak i meg og sa: «Ikkje grin. Eg skal læra deg det viktigaste. Du heiter Aleksander. Du er min son, og eg elskar deg.

Det er det viktigaste.» «Men kva skjer med David no? Eg meinte ikkje å riva ut auget hans.» Eg klarte ikkje lenger å sjå føre meg ansiktet hans. Såg berre eit kvitt, blodig egg på bakken. «David vil klara seg, det kjem til å gå fint,» kviskra far. «Sikker?» Han svara ikkje, berre nikka. «Alt går seg til. Me kjem til å dra til Noreg som planlagt, og så blir alt som det skal vera,» sa far og heldt meg fast. «Sikker?» Fra Aleksander den store, 2020 25 Skriv en tekst som handler om livet til Aleksander. Du skal si noe om oppveksten hans, opplevelser han har hatt, erfaringer han har gjort seg og hvordan har blitt behandlet hjemme, av venner og på skolen. Finn en passende tittel på teksten. Du velger selv sjanger, og bruker Vurderingseksemplar passende sjangertrekk. 26 Les tekstene for hverandre i grupper. Deretter diskuterer dere hva som gikk så fryktelig galt og hvorfor det skjedde. Kunne hendelsen vært forhindret? 27 Sammenlign teksten med bibelfortellingen om David og Goliat. Hva er likt, og hva er ulikt?

This article is from: