
1 minute read
Aktiv og passiv
from 9788203408304
OPPGÅVER
13 Finn nynorske ord du kan bruke i staden for desse bokmålsorda.
Prøv deg fram med -ing, -heit, -leik eller inga ending.
forståelse trygghet hemmelighet ensomhet etterstavelse undersøkelse avgjørelse ledelse sannhet
Slå opp i ordboka og finn ut kva som er korrekt.
«Rommet mitt vert rydda kvar uke.» Av kven? Gjer setninga aktiv! Aktiv og passiv Sjå på denne setninga: Soldaten blei drepen i krigen. Akkurat kven som drap han, er kan hende ikkje så viktig, så derfor kan vi gøyme bort den informasjonen ved å skrive blei drepen. Denne måten å skrive ei setning på kallar vi passiv. Kanskje vil vi likevel forklare korleis det skjedde: Ein snikskyttar drap soldaten. No har vi fått ein aktiv setning. I bokmål lagar vi ofte passiv ved å setje ein s til verbet. Husene males. Bilene vaskes. Marsvina mates. Vurderingseksemplar
Nynorsk har òg passivformer av verb: vaskast, målast, matast.
Vi kan nytte dei i infinitiv etter hjelpeverb i formuleringar som dette:
Huset skal målast. Bilane bør vaskast. Marsvina må matast.
Men i nynorsk bruker vi helst aktiv form. Bokmål: Det snakkes mye og gjøres lite. Nynorsk: Folk snakkar mykje, men gjer lite. Om det ikkje er naturleg å skrive om til aktiv form, kan vi skrive om med hjelpeverbet å bli: Husa blir måla. Bilene blir vaska. Marsvina blir mata.
OPPGÅVER
14 Sett om følgjande setningar på bokmål til nynorsk utan mange passivformer av verba: Det drikkes for mye brus her i landet. Vurderingseksemplar Det diskuteres stadig hva som kan gjøres for at klimasaken kan oppleves som viktig for folk. 15 Skriv om denne oppskrifta til nynorsk og med aktive verbformer.
Pizzasaus
Tomatene moses lett med hendene eller i en blender. Deretter has tomatene i en bolle. Tomatene kan gjerne helles over i en sil så overflødig vann renner av. Basilikum finhakkes og has i bollen. Salt og pepper tilsettes, og alt blandes godt sammen. Sausen smøres utover pizzabunnen. Til slutt tilsettes ønsket topping.