
6 minute read
Asbjørn Rydland – Galderstjerna
from 9788203408304
FØR DU LESER Galderstjerna
Hva hadde du gjort hvis livet ditt og dataspillene du spiller, ble blandet sammen?
Asbjørn Rydland
4
Det har begynt å mørkna då eg kjem heim. Både mor og far jobbar seint, så huset står heilt tomt og ventar på meg. Berre utelyset over døra gjer at plassen ikkje ser heilt forlaten ut. Første stopp er løa. Eg reknar ikkje med at gjesten vår er der lenger, men ein veit jo aldri. Kanskje han liker oppvartinga og har tenkt å bli? Eg har aldri vore sånn kjempeopptatt av å ha dyr, men det hadde jo vore litt kult å ha ein rev buande på tunet. Bakken framfor løedøra er sleip og gjørmete, men eg hoppar frå stein til stein og landar rimeleg tørrskodd på steintrammen. Mor mi har ikkje vore like heldig, etter fotspora å døma. Eg skal akkurat til å opna døra då det slår meg: Det gjørmete fotavtrykket på trammen er altfor ferskt til å kunna vera hennar. Eg blir ståande med handa på dørhandtaket og ser meg rundt, set foten ned ved sida av avtrykket og samanliknar. Det ser ut som det kraftige mønsteret frå ein militærstøvel eller tursko, eit par nummer mindre enn mine eigne. Eg har aldri vore speidar og kan ikkje ein drit om å lesa spor bortsett frå det eg har sett på tv, men ein treng ikkje å vera skogsninja for å skjønna at det er noko som ikkje stemmer her. Mor mi hadde aldri gått på jobb i sånne sko, og uansett er det fleire timar sidan ho drog på vakt. Nokon andre har vore her, og det er ikkje spesielt lenge sidan heller. Den store løedøra glir langsamt opp, og eg gløttar forsiktig inn. Det er for mørkt til å sjå noko der inne, så eg fomlar etter lysbrytaren medan eg ser etter eit glimt av reveauge i halvmørket. Vurderingseksemplar Lysstoffrøyra flimrar og kjem nølande til live eitt etter eitt, og eg blir ståande og måpa. Buret er der ikkje lenger. Matskåla som stod utanfor, er knust utover golvet. Plastkassar, sementsekkar, søppel- og striesekkar ligg strødde om kvarandre. Plankestabelen eg brukte to timar på å samla, ser ut som om han har vore utsett for eit jordskjelv og rasa ut. Ingenting rører seg der inne. Med langsame steg går eg lenger inn i løa. «Hallo ...?» Spør meg ikkje kvifor eg opnar kjeften. Det siste eg vil, er at nokon skal svara der innanfrå. På panseret til eit traktorvrak i hjørnet skimtar eg dei forvridde restane av buret, og stoppar opp og gnir meg i auga. Det ser ut som
om Hulken har gått amok her inne og kasta alt veggimellom, men eg ser verken grøne kjemper eller noko anna levande. «Kva i helvete ...?» kviskrar eg til meg sjølv, berre for å gjera stilla litt mindre øyredøyvande. «Er det nokon her?» Ingen svarar. Eg fiskar fram mobilen og er akkurat i ferd med å skriva ei melding til mor mi då eg høyrer ein ukjent bil koma inn på tunet. Stod alt bra til i løa då du drog? sender eg, før eg gløttar ut på bilen. Det er ein sånn moderne firehjulstrekkar du stort sett berre ser i byen, med mørke vindauge og berre nokre få striper av gjørme oppetter sida. Så vidt eg kan sjå, er det berre ein person i bilen, og kven det no er tar seg god tid med å koma ut. Til slutt går døra opp, og ein kraftig kar i dress kjem ut. Eg tenkjer livvakt eller sivilpoliti med ein gong. Det er noko med måten han ser seg rundt på, og eg ventar halvvegs at han skal ta seg til øyret og gi melding om at alt er klart, helikopteret kan landa. Han gjer ikkje det, sjølvsagt. I staden går han bort til huset og kikkar inn vindauget ved sida av inngangsdøra, prøver handtaket og tar eit par steg tilbake då han ser at døra er låst. Eg blir ståande. Med eitt verkar han ikkje som ein politimann lenger, og hjernen begynner å spinna av garde på andre teoriar. Kanskje han er ein tjuv? Eg slår tanken frå meg, like raskt som han dukkar opp. Det er vel ingen som stel eit flyttelass? Etter å ha sjekka døra på hovudhuset legg mannen vegen over tunet og går med faste steg mot løa. Eg studerer han frå halvmørket medan han kjem nærare. Han ser ut som han veit kor han skal, kva han ser etter, og jo nærare han kjem, jo meir usikker blir eg. Skal eg gøyma meg? Gå ut og møta han? Han er berre nokre få steg frå døra då eg bestemmer meg. Eg tar eit langt steg ut frå halvmørket og stenger døra halvvegs bak meg. «Hei,» seier eg, litt nølande. «Kan eg hjelpa deg med noko?» Vurderingseksemplar Han stoppar opp, overraska. Eit lite augeblikk verkar det som om han ikkje var budd på at det skulle vera nokon her i det heile tatt. Han er kanskje førti år gammal, glattbarbert og med kort, mørkt hår. «Har du køyrt deg vill?» spør eg. Han ristar på hovudet. «Nei, eg er ganske sikker på at eg er på rett plass. Bur du her?» «Nei, eg berre liker å reisa rundt og snoka på gardane til folk.
Vi har ei facebookgruppe, viss du vil vera med.» Han blir stram om munnen. Eg ser irritasjonen i blikket hans, før han tvingar fram eit smil. «Festleg. Men du har rett, det verkar kanskje litt rart at eg kjem innom sånn umeld.»
OPPGAVER
«Lite grann.» «Namnet er ... Hansen. Jon Hansen. Eg arbeider for eit inkassofirma.» Eg stussar litt, både fordi eg lurer på kva i alle dagar ein inkassofyr har her å gjera, og fordi noko med måten han presenterer seg på, skurrar. Han skjønner tydelegvis at eg er skeptisk, for han stikk handa innanfor jakka og fiskar fram noko frå innerlomma. Ein telefon. «Her, eg har ID,» seier han og tar eit steg nærare for å visa meg eit eller anna på telefonen. Skjermen lyser opp idet tommelen hans glir over han. Eg gløttar mistenksamt ned og ser eit spindelvevliknande, glødande mønster breia seg ut rundt fingertuppen hans. Han legg den andre handa liksom vennskapeleg på skuldra mi, klemmer til litt då eg prøver å vri meg unna. «Hei, gi faen ...» Meir får eg ikkje sagt før han pressar tommelen mot halsen min og heile kroppen står i spenn og stivnar. Lysande spindelvevstrekar kryssar kvarandre framfor auga på meg, og ikkje ein einaste muskel i kroppen vil lystra. Hjartet hamrar i panikk i det knea mine treffer bakken og eg veltar framover og går på trynet i søla. Eg vil springa, ropa, slå, men greier ikkje eingong å trekkja pusten der eg ligg. Hansen eller kva han no heiter, skrittar over meg og dyttar oppe løedøra. Eg prøver å knyta neven, bita tennene saman og tvinga lungene til å samarbeida, men ingenting skjer. «Eg er her,» seier Hansen til mørket der inne. «Vis deg.» Stemma hans held allereie på å forsvinna for meg. Eg kan halda pusten lenger enn dette til vanleg, men no er det som om panikken klemmer all luft ut av brystkassen på meg, og eg kjenner det held på å svartna. Kanskje det er fordi eg held på å svima av at det kjennest som eit gufs av kulde står ut av løa. Eg veit ikkje. Vurderingseksemplar
Fra Galderstjerna, Vegandi – første bok, 2016
33 Jobb sammen alene eller i par med tekst- og sjangerforståelse. a Hva får vi vite om hovedpersonen, gameren Eirik? b Det dukker opp noen frampek, som forteller leseren at noe kanskje er galt. Finn disse. c Kommer det fram at dette er fantasylitteratur, eventuelt på hvilken måte? d Hva tror du vil skje videre? e Ønsker du å lese boka? Begrunn svaret ditt.