m pl
ar
LÆR OM
se
Á Else – like heit som alltid.
ek
Kva er det med Else?
Vu
rd e
rin
gs
Substantiv som endar på -het og -else, er vanlege i bokmål. Sidan desse orda kom inn i norsk frå tysk på 1300-talet, har dei blitt oppfatta som framande og ikkje blitt brukt like ofte i nynorsk. I seinare tid, derimot, ser vi at fleire og fleire ord som endar på -heit, kjem inn i nynorsken òg. Sjølv om dei er meir vanlege no, brukar vi framleis ofte ei omskriving, eller særeigne nynorske ord. Til dømes heiter det kjærlighet på bokmål, men kjærleik på nynorsk.
Finn ei erstatning for -else i ordet forelskelse, og i
I staden for ein del av orda som endar på -het og -else i bokmål bruker vi eigne ord eller omskrivingar i nynorsk, til dømes heiter tillatelse løyve. I ordboka vil du finne forslag til andre ord og omskrivingar.
forkjølelse.
Forstavingane an- og be- høyrer helst bokmålet til, men dei finst også i nynorsk i ord som betale, begynne og anbefale. Når vi skriv nynorsk, prøver vi likevel å finne andre nynorske ord. Til dømes seier vi gjerne nytte eller bruke i staden for benytte, eller slit eller strev i staden for anstrengelse. Mange slike ord med forstavingane an- og be- finn du ikkje i nynorskordlista i det heile, til dømes anfører eller ankomme. Her må vi skrive førar og komme/kome (fram) på nynorsk.
6 Bruk nynorsk
125