opplevd sammen
Fine ting å gjere saman med ca. 100 000 andre
med mange andre?
Are Kalvø
FØR DU LESER Hva som er det
Kva er det finaste du har gjort saman med cirka 100 000 andre? For hundre år sidan gjekk Roald Amundsen til Sørpolen. Han om det. Sjølv har eg aldri vore ein stor friluftsmann. Når folk har gjort seg umaken med å finne opp ting som veggar, tak og hotellbarar, så verkar det litt utakknemlig å bu i telt. Kaldt er det også. Amundsen og Nansen skal hyllast. For all del. Store sterke menn som utførte imponerande bragder og tok seg fram til stader der ingen hadde vore før. Men nye tider har nye heltar. Og eg meiner at tida snart er inne for å hylle dei som nettopp ikkje tar seg fram til stader der ingen har vore før. Tida er inne for å hylle dei som tvert imot tar seg fram til stader der det er veldig mange andre. Vi har hylla dei som gjekk til stader langt frå folk. No er tida inne for å hylle dei som forstår at noko av det finaste, beste og luraste folk kan gjere, er å vere saman med veldig mange andre folk. Folk er ikkje så ille som folk vi ha det til. Og når veldig mange folk er saman, kan det skje flotte ting. Og rare ting og komiske ting. Nokre av mine finaste stunder har eg hatt saman med veldig mange andre. For eksempel på ein stadionkonsert når alle hoppar opp og ned samtidig og syng omtrentlig med til den same teksten, og folk gliser og ser på kvarandre med blikk som seier: «Eg veit eg ser ut som ein tulling no, men det får ikkje hjelpe. No vil eg hoppe og synge!» Det er fint. Slikt opplever ein ikkje åleine. Eller når folk strøymer ut i gatene for å feire ein siger i ein fotballkamp. Eg har nylig skrive ein opera om ein slik kveld: 23. juni 1998, dagen då Norge slo Brasil i fotball-VM og landet gjekk bananas. Folk som ikkje kjende kvarandre klemte kvarandre, dansa med kvarandre og bada saman i fontener. Slike kveldar kan du oppleve å vere på veg til butikken og bli omfamna av ein diger mann iført kongekappe og vikinghjelm og lite anna. Han er språklaus av glede og byr opp til dans. Slikt er fint. Veldig fint. For ikkje lenge sidan var eg på Gardermoen saman med veldig mange andre, midt i verste rushtida. Lang kø i sikkerheitskontrollen. Stressa stemning.
Vu
rd
er
in
gs ek
se m
pl
ar
fineste du har
Te kst sa ml i ng 383