1 minute read

Pronomen

Pronomen står i staden for eller viser til substantiv i teksten.

Personlege pronomen blir bøygde i ei subjektsform og ei objektsform, slik som i tabellen nedanfor. Nokre døme: Eg ser på deg, og du ser på meg. Han gir ho/henne ei raud rose. Vi skal slå dykk sønder og saman i fotballkampen på tysdag. Men de trur kanskje at de kan slå oss? Vi har ikkje hilst på dei nye naboane enno, men dei verkar hyggelege.

Har du tysk som framandspråk, veit du at det er slik på tysk òg.

Eg las boka du lånte meg. Ho var fantastisk!

Gratulerer med ny sykkel. Han ser dyr ut.

O P P G Å V E R

Her er heile skjemaet, og som du ser, finst det fleire valfrie former:

Subjektsform Objektsform 1. person, eintal eg meg 2. person eintal du deg 3. person eintal, hankjønn han han 3. person eintal, hokjønn ho ho/henne 3. person eintal, inkjekjønn det det 1. person fleirtal vi/me oss 2. person fleirtal de / dokker dykk / dokker 3. person fleirtal dei dei I nynorsk bruker vi til vanleg ikkje den som personleg pronomen. I staden bruker vi han eller ho. Vi bruker den når vi legg trykk på noko: Har du lese Hyperpubertet? Nei, den har eg ikkje lese. Vurderingseksemplar

25 Set om til nynorsk:

Hun skulle fortelle dem om hvordan hun hadde det som barn. De så spent på henne. Hun begynte slik: «Dere vil ikke tro det dere nå skal høre. Men jeg skal fortelle det til dere slik som det var.» 26 Skriv teksten med den, ho eller han: Maten var ok. ___ bestod av sukkererter, kålrot og persille. Kålrota hadde kokt litt lenge, så ___ var blitt litt blaut. Ei sukkerert sette seg fast i halsen til Jonas. Han rakk berre så vidt å få ___ ut før han blei kvalt. Persilla var mest til pynt, så ___ var det ingen som åt.

This article is from: