
3 minute read
Maurizio Quarell, Fabrizio Silei – Rosas buss
from 9788203408281
FØR DU LESER
Forklar begrepene segregering og boikott med egne ord. Finn noen fakta om Rosa Parks og bussboikotten i Montgomery. Del det du har funnet ut med klassen.
Rosas buss
Tekst: Fabrizio Silei. Illustrasjonar: Maurizio A. C. Quarello. Fra italiensk ved
Guri Vesaas Ho var 42 år, brukte briller og førte seg på ein fin og verdig måte. Ho var ei av dei mange farga kvinnene som bussa heim frå arbeidet sitt i det store magasinet. Ho var syerske. Ho sette seg ved sida av meg. Det var andre svarte som stod, men alle dei kvite hadde fått sitjeplass. På neste stoppestad kom det på fire personar med hud så kvit som mjøl. Straks brølte sjåføren at folk måtte reise seg og gi plass til dei kvite. Eg lystra, og det same gjorde to svarte kvinner. Det mangla ein plass til den fjerde kvite, men Rosa rørte seg ikkje. Sjåføren såg det, og brølte på nytt frå førarsetet.Vurderingseksemplar
Originaltittel: L’autobus di Rosa © 2011, orecchio acerbo, Roma «Alle negrar må reise seg og gi plass til dei kvite. Du der, stå opp og gi herren sitjeplass!»
Vurderingseksemplar

Akkurat då og der hende det noko utruleg, noko så ufatteleg at det forandra alt, og gjorde dagane deretter heilt annleis enn alle andre dagar inntil då:
Rosa vart sitjande urørleg på plassen sin.
Sjåføren svinga inntil fortauet og stansa bussen. Illsint reiste han seg og gjekk bak til Rosa. «Kva er dette? Er du døv i tillegg til at du er neger? Ser du ikkje at det er ein herre her som står?» Eg såg bekymra på denne kvinna som eg ikkje kjende: «Frue, De bør reise Dykk, elles endar dette gale.» Ho sette auga i meg, og blikket hennar trengde inn i det svarte djupet i auga mine og såg redsla mi. Eg sa ikkje meir, og ikkje ho heller. Denne spinkle og bestemte kvinna berre såg på meg til eg kjende meg mindre enn ingenting. Vurderingseksemplar
Vurderingseksemplar

Auga til bestefar er blitt blanke, sørgmodige. Han tek handa til guten, klemmer henne hardt og held fram:
– Ikkje eit ord. Berre dette blikket, fylt av angst. Sjåføren i uniforma si, med nybarbert hals og sveitteflekker under armane, stilte seg opp framfor henne i heile sitt velde: «Reis deg! Gi plassen til herren her!» befalte han henne.
sa kvinna roleg og klart, og såg han beint i auga.
«Eg seier at du skal stå opp og gi sitjeplass til denne herren, neger!»
Rosa rørte ikkje ein muskel, såg han berre i auga slik ho hadde sett på meg like før, og tok bestemt opp att: «Nei!»
Frå seg av raseri fór mannen ut av bussen, fektande og skrikande:
«Å, jasså! Er det slik å forstå? No skal eg vise deg, eg. Eg skal nok få grillene ut av hovudet på deg.»
Endå det var i desember, byrja det å bli varmt i bussen, ein uuthaldeleg varme. Nokon av dei kvite riste på hovudet. «Kvar skal dette ende?» sa ei dame og såg seg forarga rundt. Ein gammal svart mann som sto like ved meg, nærma seg Rosa. «Frue, det er enno tid, reis Dykk!» sa han nesten tryglande. Ho såg fast på han, smilte til han og riste på hovudet.
«Nei!,» Vurderingseksemplar
Vurderingseksemplar

Så kom sjåføren tilbake med to politimenn, dei greip henne med makt og drog henne opp frå setet. Ho heldt seg like urørleg og lét seg bere bort til politibilen som ei dronning i sin berestol. Dei sette handjern på henne som ein forbrytar – og eg gjorde ingen ting,
ingen verdsens ting.
Vurderingseksemplar

Vurderingseksemplar
