3 minute read

Mengdeord

SELV OG EGEN

Desse orda heiter sjølv og eigen på nynorsk: meg sjølv, mitt eige. Ordet eigen har denne bøyinga på nynorsk: min eigen sykkel – mi eiga veske – mitt eige hus – mine eigne meiningar Eg har ingen genser, inga skjorte, ikkje noko slips og ingen pengar å kjøpe for heller. Eg har ikkje nokon plan og har heller ikkje noka meining om problema, bortsett frå å ikkje gjere noko med nokon av dei.

På nynorsk blir nokon og ingen bøygde.Det heiter noka og inga når orda bestemmer hokjønnsord.

O P P G Å V E R

31 Set om setningane under til nynorsk. Bruk både personlege pronomen og eigedomsord: Kan jeg be dere om en tjeneste? Hold meningene deres for dere selv. Det er nå min mening. Og det er meningen hennes også. 32 Bruk skjemaet og set inn annan, nokon eller ingen med rett bøying i setningane under: Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal annan gong anna meining anna hus andre menneske nokon gong noka meining noko hinder nokre/nokon menneske ingen stad inga meining ikkje noko hinder ingen menneske Vi må dra dit ein ___ gong. Det vi ser på museum, stammar frå ei ___ tid. Kanskje det bur nokon i eit ___ solsystem? Eg trur det finst liv på ___ planetar. Han trudde ikkje han ville bli funne ___ gong. Det fanst ___ løysing på problemet. Han hadde lyst på ___ godt. Han hadde ___ planer. Vurderingseksemplar

Det var ikkje ___ å gjere.

33 Ordet eigen blir bøygd på same måte som adjektivet liten på nynorsk.

Set inn rett form i setningane under:

Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal

eigen eiga eige eigne

Han gjekk sin ___ veg. Ho hadde si ___ meining. Han bygde på sitt ___ hus. Pass dine ___ saker.

O P P G Å V E R

34 a Set saman flest mogleg av desse orda til ei miniforteljing: nykkel, hus, dør, rom, kommode, skuff, dokument, opplysning, familiehemmelegheit. b Du har stranda på ei aud øy og veit ikkje om du blir funnen. Mobiltelefonen din er sjølvsagt blitt øydelagd. Du må finne mat og byggje deg ei hytte. Skriv dagbok. PS. Du blir redda etter fem dagar, heldigvis. c Beskriv verda sett frå synsvinkelen til ein elg. Vurderingseksemplar

Løysing på gåta på side 121

Etter mordet gjekk Rita ned til stranda. Ho tok med seg støvlane og lua til læraren. Lua og sitt eige skjerf kasta ho på vatnet, slik at det skulle sjå ut som om dei hadde teke livet av seg. Derpå tok ho på seg støvlane til læraren og gjekk attende til villaen baklengs. Når ein går baklengs, blir skritta kortare enn elles, og avtrykket etter tåa blir djupare enn hælen. Etterpå forlét paret huset gjennom hovudinngangen, og tok vegen inn til Oslo. Dei vart tekne på Svinesund idet dei skulle forlate landet.

1 Kva for ordklasser synest du det var enklast å jobbe med, og kva for ordklasser var det meir strev å lære seg? Kvifor?

2 I kva for ordklasser snakkar vi om bestemt og ubestemt form – preteritum – gradbøying – objektsform?

3 Kva for ordklasser høyrer desse orda til: eg, springe, stjerneskot, kvarandre, hans, nokon, dykk, hennar, desse og glad?

4 Korleis vil du forklare skilnaden på bokmål og nynorsk for ein danske? 5 Set om desse setningane til nynorsk, og merk alle stader der dei to målformene skil seg frå kvarandre: Hvorfor synger fuglene i skogen hver vår? Svar: Det er fordi de elsker livet og hverandre. Korleis har du lært det? Skriv litt om arbeidet ditt med dette kapittelet. Du kan ta utgangspunkt i desse spørsmåla: • Kva for tankar hadde du om nynorskkapittelet før du sette i gang med arbeidet? • Gjekk arbeidet slik du trudde? • Har du lært deg nokre knep til hjelp for å skilje ordklassene frå kvarandre? • Har du blitt meir obs på i kva for situasjonar du møter på nynorsk i kvardagen din? Kvifor skal du kunne dette? Vurderingseksemplar Tenk litt på spørsmåla nedanfor og skriv ned nokre forslag til svar: • Kva for gode grunnar er det for at vi har to skriftlege målformer i Noreg? • Kva for argument finn eg for at det er bra med språkleg mangfald? • Kva nytte kan eg ha av å lære om dei ulike skriftspråka i landet vårt?

Fortell

Vurderingseksemplar

Vurderingseksemplar

8Les og skriv noveller

Vurderingseksemplar

This article is from: