6 minute read

Pia Strømstad, Trond Bredesen – 10 ville ekspedisjonar

FØR DU LESER

Hva betyr begrepene skruis, råk og basketak?

10 ville ekspedisjonar

Pia Strømstad og Trond Bredesen

Draumen om Nordpolen

Fridjof Nansen blei fødd i Oslo i Noreg i 1861. • I 1893 leia han ein ekspedisjon som skulle til Nordpolen. • Etter 18 månader i isen forlét Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen skipet for å gå dei siste milene på ski.

Ingen har nokon gong vore på Nordpolen før, men Fridtjof Nansen har ein plan. I nesten to år har han og mennene hans overvintra i isen om bord i skuta Fram. Tanken er å la skuta drive med isen heilt til Nordpolen. Men isen driv dei ikkje framover som dei har tenkt. I staden får Fridtjof ein ny idé. Saman med Hjalmar Johansen lesser han kajakkar og mat på sledane og spenner hundane framfor. Det er 600 kilometer fram til polpunktet. Dei to vil gå dit på ski, medan skuta og dei andre blir liggande igjen og vente på dei. Om dei skal klare det, må dei rekke fram og tilbake i løpet av den korte sommaren, før det blir for kaldt og mørkt igjen. Isen er full av skruis og opne råker, og ofte må dei bere og løfte sledane for å komme over. Sjølv om dei går framover, driv isen bakover nesten like fort. Dei skjønner ganske snart at dei ikkje vil nå fram til Nordpolen før vinteren kjem. Dei er nok skuffa når dei plantar to små flagg i isen på 860 14’ nordleg breidde og så snur. Ingen har nokon gong vore så langt nord. Men dei har ikkje noko val. Vurderingseksemplar

Med ryggen til Nordpolen begynner dei på den lange vegen tilbake. Heilt frå Fridtjof var barn, likte han å vere ute. Han og broren gjekk kappløp på skøyter, var ute i skogen i dagevis for å jakte og fiske og gjekk mykje på ski. Fridtjof gjekk på ski heilt frå Bergen til Oslo og tilbake igjen. Han leia den første ekspedisjonen som klarte å krysse Grønland, den største øya i verda, på ski. Men turen til Nordpolen såg ut til å bli tøffare enn noko han hadde vore med på tidlegare.

Basketak med isbjørn

No balar dei med sledane, og enser ikkje isbjørnen som kjem bak dei. Isbjørnen kastar seg over Hjalmar og legg han i bakken. Fridtjof

kavar etter geværet. Hjalmar har fått tak i strupen på bjørnen og klarer å halde han unna, men han veit han står i fare for å bli bjørnemat. Likevel er han heilt roleg i stemma når han seier: – Nå får De nok skynde Dem, skal det ikke bli for sent. Endeleg får Fridtjof tak i geværet, hiv seg rundt og skyt bjørnen bak øyret. Isbjørnen fell død om, og Hjalmar kan reise seg og børste snøen av kleda. Han har berre fått eit par kloremerke på kinnet og på handa. Dei kan ikkje la seg stoppe av sånt småtteri. Det er slik Fridtjof skriv om det i dagboka si. Nå er det berre å få fart på hundane og sledane og gi seg i veg mot ope hav. Der avlivar dei dei siste hundane. Det er ikkje mogleg å få dei med seg vidare. Dei bind kajakkane saman til ein båt, ordnar med ei slags mast og eit segl. Ein stad der ute ventar skuta Fram, og heime ventar kona til Fridtjof og den vesle dottera deira. Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen har vore ute i over to år. Dei håper å vere heime i Noreg til hausten. Ny underbukse til jul Håpet blir smadra av kulda. Framfor dei frys havet til igjen, og dei skjønner at dei må bli enda ein vinter i isøydet. For å overleve må dei ha mat, og i løpet av ein månad skyt dei 13 isbjørnar og eit par kvalrossar. Det får halde. Dei lagar verktøy av bein frå dyra dei har skote, og bygger ei hytte av stein. Opninga til hytta dekker dei med bjørneskinn, og på taket legg dei skinn frå kvalrossane. I midten av oktober går sola ned for vinteren, og det blir mørkare og mørkare. Dei et og søv og går seg ein liten tur om vêret held. Det er som å gå i hi. Når julekvelden kjem, tenkjer dei på familien heime og fantaserer om mat. Dei har rydda inne i hytta. Kasta ut litt beinrestar og rot som har samla seg. Hjalmar vrenger skjorta og tar den ytste inst, og Fridtjof gjer det same. Han byter underbukse og Vurderingseksemplar vaskar seg med ein kvart kopp varmt vatn. Den gamle underbuksa gjer nytta som svamp og handduk. Etterpå kjenner han seg som eit nytt menneske. Kleda klistrar seg ikkje til kroppen som før. I mai kan dei endeleg forlate hytta, og etter tre veker når dei ope vatn. Dei surrar kajakkane saman og seglar sørover. Igjen er det mogleg å drøyme om å komme seg heim.

På svøm mellom isflaka

Dei gjer eit stopp på eit isfjell for å finne ein farbar veg, men festar ikkje kajakkane godt nok. Idet dei oppdagar det, driv kajakkane vekk. Alt dei eig er surra fast på dei. Fridtjof har ikkje noko val. Han hiv seg ut i det iskalde vatnet og svømmer som han

O P P G AV E R

aldri har svømt før. Han halar innpå kajakkane, men dei held stor fart i straumen. Ei stund ser det ut som om det ikkje skal gå. Men endeleg kan han heise seg opp på kajakken. Han er utslitt og hakkar tenner. Likevel klarer han å skyte to fuglar medan han ror tilbake til Hjalmar på isfjellet. Så har dei til kveldsmat. På veg sørover for å finne tilbake til Fram møter dei tilfeldig på ein britisk ekspedisjon. I staden for å fortsette vidare blir dei med skipet deira til Vardø i Finnmark. Etter tre år er Fridtjof

Nansen og Hjalmar Johansen endeleg heime igjen. Kven som var førstemann på Nordpolen, er framleis litt usikkert. Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen klarte det i alle fall ikkje. Og likevel blei Fridtjof Nansen, som leia ekspedisjonen, ein polarhelt og ein av dei store folkeheltane i Noreg. Ikkje berre på grunn av alle historiene han kunne fortelje, men også fordi han gjorde mykje for folk som flykta under den første verdskrigen. Det fekk han Nobels fredspris for i 1922. Men det er ei anna historie. Førstemann til Sørpolen Fridtjof Nansens nesten-ekspedisjon til Nordpolen opna ei moglegheit for Roald Amundsen. Han hadde drøymt om å bli førstemann til Nordpolen, men så kom amerikanske Robert Peary og påstod at han hadde klart det. (I 1989 kom ei bok som sådde tvil om det var sant.) Amundsen blei skuffa. Han endra planane sine og gjekk til Sørpolen i staden. Det blei eit kappløp mellom Amundsen og britiske Robert Scott. Amundsen og laget hans vann. Robert Scott og mennene hans kom aldri tilbake i live. Fra 10 ville ekspedisjonar, 2018 Vurderingseksemplar

52 Velg tre episoder i det du har lest om, som gjorde mest inntrykk. Begrunn svarene dine. Skriv stikkord før dere diskuterer det sammen. 53 Din drømmeekspedisjon: Hvor ville du ha reist og hva skulle ha vært formålet med reisen? Skriv en søknad om hjelp til finansiering til turen og en begrunnelse av hvorfor man bør støtte deg. 54 Diskuter: Hva er deres tanker om hvorfor Nansen gjennomførte ekspedisjonen sin, til tross for at han utsatte seg for livsfare?

This article is from: