10 ville ekspedisjonar Pia Strømstad og Trond Bredesen
FØR DU LESER Hva betyr begrepene skruis, råk og basketak?
Draumen om Nordpolen Fridjof Nansen blei fødd i Oslo i Noreg i 1861. • I 1893 leia han ein ekspedisjon som skulle til Nordpolen. • Etter 18 månader i isen forlét Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen skipet for å gå dei siste milene på ski.
Vu
rd
er
in
gs ek
se m
pl
ar
Ingen har nokon gong vore på Nordpolen før, men Fridtjof Nansen har ein plan. I nesten to år har han og mennene hans overvintra i isen om bord i skuta Fram. Tanken er å la skuta drive med isen heilt til Nordpolen. Men isen driv dei ikkje framover som dei har tenkt. I staden får Fridtjof ein ny idé. Saman med Hjalmar Johansen lesser han kajakkar og mat på sledane og spenner hundane framfor. Det er 600 kilometer fram til polpunktet. Dei to vil gå dit på ski, medan skuta og dei andre blir liggande igjen og vente på dei. Om dei skal klare det, må dei rekke fram og tilbake i løpet av den korte sommaren, før det blir for kaldt og mørkt igjen. Isen er full av skruis og opne råker, og ofte må dei bere og løfte sledane for å komme over. Sjølv om dei går framover, driv isen bakover nesten like fort. Dei skjønner ganske snart at dei ikkje vil nå fram til Nordpolen før vinteren kjem. Dei er nok skuffa når dei plantar to små flagg i isen på 860 14’ nordleg breidde og så snur. Ingen har nokon gong vore så langt nord. Men dei har ikkje noko val. Med ryggen til Nordpolen begynner dei på den lange vegen tilbake. Heilt frå Fridtjof var barn, likte han å vere ute. Han og broren gjekk kappløp på skøyter, var ute i skogen i dagevis for å jakte og fiske og gjekk mykje på ski. Fridtjof gjekk på ski heilt frå Bergen til Oslo og tilbake igjen. Han leia den første ekspedisjonen som klarte å krysse Grønland, den største øya i verda, på ski. Men turen til Nordpolen såg ut til å bli tøffare enn noko han hadde vore med på tidlegare. Basketak med isbjørn No balar dei med sledane, og enser ikkje isbjørnen som kjem bak dei. Isbjørnen kastar seg over Hjalmar og legg han i bakken. Fridtjof
380 Te ks t s a m l in g