FØR DU LESER Forklar begrepene segregering og boikott med egne ord. Finn noen fakta om Rosa Parks og bussboikotten i Montgomery. Del det du har funnet ut med klassen.
Rosas buss
ar
Tekst: Fabrizio Silei. Illustrasjonar: Maurizio A. C. Quarello. Fra italiensk ved Guri Vesaas
pl
Ho var 42 år, brukte briller og førte seg på ein fin og verdig måte. Ho var ei av dei mange farga kvinnene
se m
som bussa heim frå arbeidet sitt i det store magasinet. Ho var syerske.
gs ek
Ho sette seg ved sida av meg. Det var andre svarte som stod, men alle dei kvite hadde fått sitjeplass. På neste stoppestad kom det på fire personar med hud så kvit
in
som mjøl. Straks brølte sjåføren at folk måtte reise seg
Vu
rd
er
og gi plass til dei kvite.
Originaltittel: L’autobus di Rosa © 2011, orecchio acerbo, Roma
338 Te ks t s a m l in g
Eg lystra, og det same gjorde to svarte kvinner. Det mangla ein plass til den fjerde kvite, men Rosa rørte seg ikkje. Sjåføren såg det, og brølte på nytt frå førarsetet.
«Alle negrar må reise seg og gi plass til dei kvite. Du der, stå opp og gi herren sitjeplass!»