Bruk Google Maps
489 mil til Aleppo
og finn ut hvor
Lars Mæhle
FØR DU LESER langt det er fra deg til Aleppo. I hvilket land ligger byen? Diskuter med en medelev: Hovedpersonen har flyktet fra krig i Aleppo til Sunndalsøra. Hva tror du er det første hun legger merke til
– Do you like your new room? Aya snudde seg. Kvinna med det korte, grå håret stod i døropninga. Ho kikka mot Aya med forventningsfulle auge. Det var ho som hadde møtt familien på busshaldeplassen, trekt dei og bagasjen inn i maxi-taxien og køyrt familien hit, til trehuset som venta på dei i Sunndalsøra. Staden som frå no av skulle vere heime. Aya kremta. – I like it. Very much. Thank you. Kvinna smilte kort. Så forsvann ho.
ar
der hun er nå?
Vu
rd
er
in
gs ek
se m
pl
Aya gjekk inn i rommet. Auga leita. Ho strauk handflata langs veggane. Tre. Så uvant. Alle husa på staden var laga av det. Liene vrimla av det. Tre og farger. Vill natur. Varmt og grønt. Fjell og foss og elv. Her fanst ikkje sletter og sand. Ikkje mur og betong. Slik som i Syria. Alt var annleis. Fargene inne i det nye huset var lyse. Soverommet til Aya var beige. Dei einaste møblane var ei seng ved sida av vindauget. Eit klesskåp i motsett hjørne, ved døra. Rommet var lite. Like fullt var det eit mirakel. Det var hennar rom. Hennar eige. Ho trong ikkje dele det med dei to yngre brørne eingong. Men best av alt: Det var stille. Rommet var fylt av ro. Ingen kampar i gatene utanfor. Ingen knatrande skot. Ingen knugande redsel. Ingen duvande bølgjer. Ingen kroppar i kø langs landevegen. Ingen svolt og stank og død. Som ho gledde seg til å ta ein dusj. Spyle sveitte og lort av kroppen. Bli rein. Starte på nytt. Men ho var så uendeleg sliten òg. Ville berre legge seg ned og sove. Kvile ut. Hente seg inn. Det ville ta dagar. Det ville ta veker. Men det var no det begynte. Det nye livet. Ho skulle ha vore så ufatteleg glad. Like fullt kjente ho seg berre tom og rar. Aya stilte seg ved vindauget og kikka ut. Herifrå hadde ho utsikt mot den vesle hagen. Grønt gras. Blomsterbed. Eit einsleg epletre. Ein hekk.
3318 1 8 TTe ks t s a m lin g