LÆR OM
Inkjekjønnsorda Inkjekjønnsorda har inga ending i ubestemt form fleirtal, og dei har -a i bestemt form fleirtal. Nynorsk: eit eple – eplet – eple – epla Bokmål: et eple – eplet – epler – epla/eplene Hugs: I nynorsk har inkjekjønnsord alltid same form i ubestemt form eintal og ubestemt form fleirtal. Det heiter altså eple, møte, tre, både i eintal og fleirtal i ubestemt form. På bokmål heiter det epler, møter, trær i ubestemt form fleirtal.
pl
ar
OPPGÅVER
11 a Fyll inn rett form av substantiva: ___ (år) går.
se m
Dei to skrift ___ (språk) bokmål og nynorsk er jamstilte. Ingen plukka nokon av ___ (eple) på ___ (tre).
gs ek
Dei hadde tre ___ (møte) for å diskutere kva dei skulle gjere med dei falleferdige ___ (hus). b Set inn rett form av substantiva:
in
Det budde tre___ (familie) i kvart sitt hus på den vesle staden. I familien Glad var det to ___ (son) og fem ___ (dotter). Dei var
er
mykje saman med ___ (barn) i dei andre to ___ (hus). Nokre kalla
rd
___ (hus) for ___ (villa), men kva ein skulle kalle dei, var det ulike
Vu
___ (meining) om. Alle ___ (mor) var ivrige ___ (joggar), medan ___ (far) var like ivrige ___ (skiløpar). Som ___ (mor og far) flest såg dei også mykje ___ (serie) på tv. Fleire ___ (sommar) på rad drog dei tre ___ (familie) saman på ferie, men fann ut at dei likte seg best heime i ___ (bustad) sine.
c Du og ein ven har vore på overnattingstur i skogen eller ein annan stad. Fortel om alle uhella som råka dykk på turen. Ord du mellom anna kan nytte: regn, vind, sovepose, hengekøye, primus, menneske, elg, spøkjelse, bål, pølse, klede, mobiltelefon, dekning, uver.
7 Bruk nynorsk
129