FØR DU LESER Hvorfor er fotball så populært, tror du?
Straffe!!?!? Nils Henrik Smith
Tenkeskriv i to til tre minutter.
pl ar
Fotball er eit spel, og som alle spel har det reglar. Men veit du kor mange reglar det er i fotball? Korrekt svar er 17. Du synest kanskje det er overraskande få, men alle reglane har talrike underpunkt, forklaringar om korleis regelen skal tolkast og kva unnatak som finst frå regelen. Dei offisielle fotballreglane er såleis i dag eit 228 sider langt dokument, og gjev detaljert informasjon om banen, ballen, spelarane, domaren og så vidare. Men då fotball først oppstod som eit eige spel, var reglane ganske annleis enn kva dei er i dag.
rd
er
in
gs
ek se m
Dei første fotballreglane kom i 1863, samstundes som det engelske fotballforbundet (FA) vart grunnlagt i London. Då hadde ein alt i mange tiår praktisert ulike variantar av spelet på kostskular rundt om i England. Skulestyrarane, som ofte var prestar, meinte at fotball var eit bra tidsfordriv som hjelpte elevane med å unngå «syndige» tankar og dei handlingar som kan følgje av slike. Dette verkar underleg å tenkje på i dag, men ein viktig grunn til at fotballen oppstod, var altså at konservative menn på den engelske landsbygda på 1800-talet ville hindre unge gutar i å onanere, noko ein meinte kunne føre til sinnssjukdom, død og evig fortaping.
Vu
I reglane frå 1863 fanst verken tverrliggjaren eller målnettet. Det var lov å ta imot ballen med hendene (men ikkje å springe med eller kaste han). Innkast gjekk til det laget som først rørte ved ballen etter at han hadde gått ut over sidelinja. Det stod ingenting verken om kor lenge ein fotballkamp skal vare eller kor mange spelarar det skal vere på banen. Posisjonen «målvakt» var ikkje oppfunnen. Det var heller ingen domar, ettersom ein gjekk ut frå at alle fotballspelarar var gentlemen som aldri ville finne på å bryte reglane med vilje. Fotballspelet var i utgangspunktet meint som ein fritidsaktivitet for menn frå dei høgare sosiale lag. Men etter kvart viste det seg at mange var interesserte i å sjå på, og at dei til og med var viljuge til å betale for dette. Fotballen hadde fått sitt publikum. Framleis var alle spelarane amatørar, men spelets konkurranseelement vart stadig meir framståande. FA-cupen, verdas eldste nasjonale
36 4 Te ks ts a m l in g