3 minute read

Adjektiv på nynorsk

To tenkjer betre enn eitt. (hovud) Han fekk på . (kniv, strupe) Han lukta . (lunte) blir mett før . (mage, auge) Han vassar i . (penge) Ho er sur som ei . (potte) tråkke i (salat) d Set om alle dei faste uttrykka frå oppgåve c til bokmål. e Hald fram i grupper på fire. I gåta nedanfor er det ti ulike substantiv. Finn dei, og sei kva slags kjønn og form dei har. Skriv dei inn i eit bøyingsskjema, og bøy dei i alle former. Klarer de å finne svaret på gåta også? Ei lita jente går i skogen. Ho kjem til ein stad der stien deler seg. Ho veit at den eine vegen f fører til Dødsmyra, medan den andre fører ut av skogen. Då kjem det ei heks med to hovud. Det eine hovudet seier alltid sanninga, medan det andre alltid lyg. Jenta får berre stille eitt spørsmål. Kva for eit spørsmål bør ho stille for å kome levande ut? Hald fram i den same gruppa. Bli einige om ein vits eller ei gåte de har lyst til å dele med klassen. Skriv vitsen eller gåta på nynorsk. Alle må vere einige i dei formene de har valt. Bruk ordbok og sjekk teksten nøye før de framfører han for klassen. Adjektiv på nynorsk Gradbøying Vurderingseksemplar STOPP OG TENK

På nynorsk får dei fleste adjektiva -are og -ast når vi gradbøyer dei. Elles brukar vi meir og mest.

Lag eit enkelt bøyingsskjema over substantiv på nynorsk. Du skal markere alle endingane i orda, slik at det er lett å sjå korleis dei blir bøygde.

Positiv

Bokmål hyggelig

Komparativ Superlativ

hyggeligere hyggeligst

Nynorsk hyggjeleg hyggjelegare hyggjelegast

Bokmål hard hardere hardest

Nynorsk hard hardare hardast

Bokmål moderne mer moderne mest moderne

Nynorsk moderne meir moderne mest moderne

Positiv

liten

Komparativ Superlativ

mindre minst

Samsvarsbøying

Som i bokmål bøyer vi adjektiva etter substantiva dei står til:

ein pen mann ei pen dame eit pent barn pene menneske

Merk: Liten og eigen blir bøygde slik:

ein liten bil ei lita hytte eit lite hus små hus min eigen bil mi eiga hytte mitt eige hus våre eigne hus I Nynorskordboka på nettet finn du denne informasjonen om adjektivet pen:

pen Eintal Fleir tal Grad bøying Han kjønn og ho kjønn Inkjekjønn Bunden form

Komp arativ Super lativ Super lativ, bunden form a1 pen pent pene pene penare penast penaste Vurderingseksemplar

13 Set om til nynorsk. Litt hjelp: de = dei, hun = ho, fikk = fekk. a Hansen er greiere enn Olsen, men Jensen er aller greiest. b Bare de aller snilleste barna fikk være med på tur. c En vakrere kvinne hadde han aldri sett. d Jens er tøffere enn toget. e Det var den mest fantastiske dagen de hadde hatt på lenge. f Hun fikk en liten sløyfe i håret. g Jensemann fikk en egen hammer da familien bygde seg sin egen hytte. Han skulle også få sitt eget rom. 14 Les teksten.

Stort og smått

Datamaskinene har berre blitt mindre og mindre. (...) På ein måte er det nesten synd at datamaskinene har blitt så små og puslete og vanlege. Ein har mista litt av respekten for dei. Så eg håper nesten at det ein eller annan stad, kanskje på ein mørk eller bortgøymd fjelltopp, finst eit digert, uhyggeleg hus. Der har alle dei store, ja, dei enorme datamaskinene søkt tilflukt. Der ventar dei på at deira tid skal kome. Da skal dei ete alle dei små datamaskinene til frukost og deretter overta verda. Frå Ragnar Hovland: Verdt å vite (trur eg), 2002 15 Set om teksten til bokmål. a Finn adjektiva i denne teksten, og gradbøy dei både på bokmål og nynorsk. Hugs: Fleire stadar må du bruke meir og mest, og minst eitt av adjektiva er uregelrett. b Tenk over: Hadde det vore mogleg å skrive denne historia utan adjektiv? c Bruk adjektiva du har funne, til å skrive ei kort historie, men denne gongen om noko anna enn datamaskiner. Du kan velje om du vil Vurderingseksemplar skrive teksten på nynorsk eller bokmål.

STOPP OG TENK

Lukk boka og fortel ein læringspartnar korleis ein bøyer adjektiv på nynorsk. Kva gjorde du då du skulle hugse korleis ein bøyer adjektiv? Lukka du auga og såg føre deg sida? Såg du på notat du hadde teke, eller berre hugsa du det? Snakk saman og diskuter korleis vi på best mogleg måte kan hugse det vi les.

This article is from: