
1 minute read
Likfunn
from 9788203408267
FØR DU LESER
Hvilke bilder får du i hodet når du hører tittelen «Likfunn»? Tenkeskriv eller lag en tegning som viser dine første assosiasjoner til tittelen.
Likfunn
Jakob Sande
Jakob Sande (1906–1967) var en folkekjær norsk lyriker fra Sunnfjord. Han ga ut ti diktsamlinger og tre novellesamlinger i løpet av livet sitt. Han fornyet nynorsk lyrikk. Mange av diktene er tonesatt, blant annet «Fløytelåt» og julesangen «Julekveld». Vestlandsnaturen, livet til sjøs, kjærlighet og død er sentrale temaer i Sandes lyrikk, og diktningen hans er full av kontraster.
So fann dei han Ole Johan, langt burte i Håsteins-hagen. Der låg han og rotna og brann, med solsteiken rett i magen. Og magen var grøn og blå, av steinklaka gorr og slim, og flugor og kvitmakk små, aula i yrjande stim Spyfluga grøn og feit, la sine egg i skinne’, og ålkvite småmakkar beit seg gangar og hol der inne. Ei rotte stakk tranten ut, – kva svarten som no var å sjå? Ho var som ein blodgorra klut, med blankslimut hale på. Og auga hans Ole Johan, var berre ei slimut glye som nedover kinnet rann, so sleip som ei slimut spye. Og nasa eit blodraudt sår, der beinpipa lyste bleik. – For rotta ho var der i går, og åt seg so feit ei steik.
Og lippa for kjøt var rein, og gliste med kvasse tenner, som illkvite stakk og skein, som marssol på frosne fenner. Og teven sto tjukk ikring, den blaute, flytande kropp, og kråka sat rundt i ring, og skratta med høge hopp. So tok dei han Ole Johan, og la han på fire påla. So bar dei han fire mann, med’ kråkene skratta og skråla. Mykje tå skrotten flaut vekk, og mykje kvarv burt som eim, og mykje i spyfluga gjekk, men beina kom heile heim. Vurderingseksemplar
Fra Svarte Næter, 1929