
1 minute read
Forlis
from 9788203408267
FØR DU LESER
Hva betyr ordet forlis? Slå opp ordet i en ordbok, og skriv en definisjon eller forklaring på det.
46 Jobb sammen med en læringspartner og svar på spørsmålene under. a Hvordan oppleves et menneskelig forlis? b Hva kan du gjøre for at medelever skal ha det bra på skolen? c Hva slags holdninger til mobbing synes dere kommer fram i diktet? d Hvem er helten i diktet? 47 Skriv et dikt som handler om mobbing og det å være utstøtt. Du kan la deg inspirere av Moren Vesaas’ dikt, eller du kan komme på noe helt selv.
Forlis
Halldis Moren Vesaas
Han var ein liten bleikfis. Stakkarsleg. Lite flink på skulen, og lite til kar i frikvarteret òg. Fekk ingen kameratar og vart erta og plaga, som ventande var.
Så hende det noko. Ei jente i klassa, litt eldre enn han, og flink og ferm og stor, tok han reint uventa under sine venger: «Stopp! Vil de versgo vere folk mot ’n Tor!»
Alle lystra henne. Han fekk det mykje betre. Gjekk stadig einsam, men fekk gå i fred. Så vart han overmodig. Gutane dreiv på med noko slags kappestrid, og han gav seg med.
Og dumma seg ut. Som eit sprellande insekt tumla han i vegen for dei. Alle lo. Og midt i tummelen trudde han han hørte at den som lo høgst av alle, var ho.
«Forlis» er kan hende for sterkt eit ord å bruke om det som var hendt. Det var da så smått. Berre at ho uklart kjende skam, og berre at hans tillit til henne var knust for godt.