
6 minute read
Straffe!!?!?
from 9788203408267
FØR DU LESER
Hvorfor er fotball så populært, tror du? Tenkeskriv i to til tre minutter.
Straffe!!?!?
Nils Henrik Smith
Fotball er eit spel, og som alle spel har det reglar. Men veit du kor mange reglar det er i fotball? Korrekt svar er 17. Du synest kanskje det er overraskande få, men alle reglane har talrike underpunkt, forklaringar om korleis regelen skal tolkast og kva unnatak som finst frå regelen. Dei offisielle fotballreglane er såleis i dag eit 228 sider langt dokument, og gjev detaljert informasjon om banen, ballen, spelarane, domaren og så vidare.
Men då fotball først oppstod som eit eige spel, var reglane ganske annleis enn kva dei er i dag. Dei første fotballreglane kom i 1863, samstundes som det engelske fotballforbundet (FA) vart grunnlagt i London. Då hadde ein alt i mange tiår praktisert ulike variantar av spelet på kostskular rundt om i England. Skulestyrarane, som ofte var prestar, meinte at fotball var eit bra tidsfordriv som hjelpte elevane med å unngå «syndige» tankar og dei handlingar som kan følgje av slike. Dette verkar underleg å tenkje på i dag, men ein viktig grunn til at fotballen oppstod, var altså at konservative menn på den engelske landsbygda på 1800-talet ville hindre unge gutar i å onanere, noko ein meinte kunne føre til sinnssjukdom, død og evig fortaping. I reglane frå 1863 fanst verken tverrliggjaren eller målnettet. Det var lov å ta imot ballen med hendene (men ikkje å springe med eller kaste han). Innkast gjekk til det laget som først rørte ved ballen etter at han hadde gått ut over sidelinja. Det stod ingenting Vurderingseksemplar verken om kor lenge ein fotballkamp skal vare eller kor mange spelarar det skal vere på banen. Posisjonen «målvakt» var ikkje oppfunnen. Det var heller ingen domar, ettersom ein gjekk ut frå at alle fotballspelarar var gentlemen som aldri ville finne på å bryte reglane med vilje.
Fotballspelet var i utgangspunktet meint som ein fritidsaktivitet for menn frå dei høgare sosiale lag. Men etter kvart viste det seg at mange var interesserte i å sjå på, og at dei til og med var viljuge til å betale for dette. Fotballen hadde fått sitt publikum. Framleis var alle spelarane amatørar, men spelets konkurranseelement vart stadig meir framståande. FA-cupen, verdas eldste nasjonale
cupturnering, vart arrangert for første gong sesongen 1871–72. Den første landskampen (England–Skottland 0–0) vart spelt same år. Med auka konkurransefokus følgde eit aukande konfliktnivå. Ved usemje på banen var det i utgangspunktet slik at lagkapteinane diskuterte seg fram til ei løysing, men i 1874 vart det innført ein såkalla «umpire», ein nøytral overdomar som var plassert ute på sidelinja, ved midtstreken. Hovudoppgåva hans var å passe tida, men han var òg ein person kapteinane kunne vende seg til for ei avgjerd viss dei ikkje klarte å verte einige seg imellom.
1 1888 vart det innført profesjonell fotball i England. No handla ikkje kampane lenger berre om prestisje, men òg i aukande grad om pengar. Dette førte til eit nytt nivå av kynisme, både i form av valdelege taklingar og ved at forsvarar avverja scoring ved å stoppe ballen med hendene. Problemet var at det ikkje fanst nokon adekvat reaksjon mot slike regelbrot. Stygt spel og hands kunne berre straffast i form av indirekte frispark. I 1890 føreslo difor William McCrum, målvakt for det irske laget Milford FC, å innføre ein regel om straffespark. Etter innleiingsvis å ha møtt krass kritikk vart forslaget godkjent i juni 1891. Det første Vurderingseksemplar
straffesparket i ein ligakamp i England vart tildelt Wolverhampton Wanderers i kampen mot Accrington 14. september same år.
Innføringa av straffespark medførte at domaren for første gong trådde inn på sjølve banen. Samstundes vart linjedomarar introdusert. Dei første åra fanst det ikkje noko straffefelt. Derimot vart det trekt ei linje tvers over heile banen, elleve meter frå mållinja. Skyttaren kunne ta straffesparket frå eit kva som helst punkt på denne linja. Målvakta hadde, ulikt i dag, lov til å bevege seg inntil fem meter ut frå mål. I 1901 innførte ein straffefeltet og straffemerket, og straffesparket hadde fått si moderne form.
Dei neste 70 åra var straffesparkets formelle status i fotballen bortimot uendra, men utover 1960-talet byrja ei utvikling som skulle endre dets rolle i spelet dramatisk. I takt med at spelarane vart stadig betre fysisk trent og laga betre organisert i forsvar, hendte det stadig oftare at kampar i cup- og turneringsspel enda uavgjort etter ordinær tid og ekstraomgangar. Ein hadde difor behov for ein metode til å kåre ein vinnar på utan å måtte spele omkamp eller ty til myntkast (som faktisk var ganske vanleg på denne tida). Det er ingen som veit heilt sikkert kven som først fekk idéen til straffekonkurransen – minst tre personar hevdar dei står bak – men ordninga vart iallfall godkjent i juni 1970 og deretter gradvis innført i dei fleste turneringar med utslagskampar. Dette medførte ei radikal endring i fotballens dramaturgi, ettersom kampar i lagspelet fotball no i mange tilfelle vart avgjort av ein serie individuelle mannjamningar mellom skyttar og målvakt etter at den eigentlege kampen var over.
Straffekonkurransen har alltid vore omstridd. Han vert regelmessig samanlikna med både vanleg og russisk rulett. Å brenne den avgjerande straffa i ein viktig straffekonkurranse er noko av det mest traumatiserande som kan hende ein fotballspelar. Samstundes er straffekonkurransar unekteleg uhyre spennande for publikum. Det engelske uttrykket «shoot-out» er henta frå den klassiske western-sjangeren, og det hollywoodske aspektet ved straffekonkurransen var utan tvil ein viktig grunn til at ein i fleire land på 70- og 80-talet eksperimenterte med å late uavgjorte kampar óg i ligasamanheng verte avgjort ved straffekonkurranse. I Noreg prøvde ein dette sesongen 1987. Rosenborg måtte ut i straffekonkurranse i 11 av sine 22 kampar. I dag finst det ikkje lenger nokon liga kor ein held straffe-
Vurderingseksemplar
konkurranse ved uavgjort resultat, men i utslagsturneringar, særleg på landslagsnivå, må eit lag med ambisjonar om å vinne stadig rekne med å måtte gjennom minst éin straffekonkurranse.
I våre dagar står straffesparket overfor den mest radikale endringa sidan det fann si form i 1901. Videodøming (VAR) er på full fart på veg inn i fotballen, noko som gjer det mogleg både å døme straffe i situasjonar kor domaren ikkje har sett regelbrotet, og å kalle tilbake straffespark domaren feilaktig har idømt. Kva konsekvensar dette vil få på sikt, er ikkje lett å seie. Optimistane meiner det vil gjere fotballen meir rettferdig, skeptikarane hevdar at bruk av teknologi frårøvar spelet augneblinkens magi. Men uansett kva som skjer, vil nok straffesparket behalde sin O P P G AV E R status som fotballens mest dramatiske einskildelement òg i framtida. Fra Faktafyk #6, 2019 73 Skriv sammen med en læringspartner svar på disse spørsmålene: a Hvordan og hvorfor oppstod sporten? b Hvilke regler gjaldt i 1863? c Hvem drev med sporten i starten? d Hva er FA-cupen, og når ble den arrangert for første gang? e Hvilke løsninger hadde de på det høye konfliktnivået på banen? f Hva skjedde i 1890, og hvilke endringer ble innført som følge av dette? g Når og hvorfor ble straffekonkurransen innført? h Nevn positive og negative sider ved straffekonkurranse. i Hva er VAR, og hvilke fordeler og utfordringer kan Vurderingseksemplar videodømming føre med seg?