12 minute read

Mareritt

FØR DU LESER

Snakk sammen om mareritt dere har hatt. Hvordan føltes det da dere våknet? Tror dere mareritt og drømmer har noe med virkeligheten å gjøre?

Mareritt

Linn T. Sunne

1 Eit skrik skjer i øyra mine. Eg set meg brått opp i senga, tørr i munnen, skjelven i kroppen. Kvar er eg? Kven skreik så desperat?

Hjartet dunkar hardt, det gjer vondt i brystet. Eg ser meg rundt i det halvmørke rommet, skjøner ingenting. Vindauget er på feil plass. Møblane ukjende. Dette rommet ... Det er jo mitt. Eg, Mia og mamma bur her no. Ei veke har vi budd i Smeby.

Skriket frå draumen gjallar som eit ekko inni hovudet. Eg hugsar ikkje noko anna enn dette: Eit jenteskrik, eit fortvila hyl.

Var det Mia? Eg drar dyna til side, set føtene mot det kalde golvet og går til naborommet.

Mia pustar roleg, og eg lukkar døra stille. Går tilbake til rommet som enno ikkje kjennest som mitt eige.

Eg drar gardinene til side og ser ut. Månen skin over hagen, ein plenflekk som skrånar ned mot ei brei, nattsvart elv. Rett ved elva ligg eit kvitmåla, lite dokkehus, som Mia elskar.

Då ser eg det. Ei jente står utanfor dokkehuset. Ei ganske lita jente, med bustete hår. Det er som om ho gløder, som om det brenn i auga hennar. Ho står og ser opp mot huset, og eg får ei ekkel kjensle. Den jenta vil meg ikkje noko godt.

Hjartet bankar hardare att, uroa breier seg i kroppen. Eg lukkar auga, pustar djupt.

Då eg opnar auga, er det heilt mørkt i hagen. Inga lysande jente. Ein bil køyrer på andre sida av elva, det er alt. Natta er mørk og stille i Smeby.

Vurderingseksemplar

2 – Kven er denne sin? Alle i klassen er klare til å gå. Lærar Einar held opp ein tom nudelboks som har stått i vindaugskarmen. Ingen i klasse 9 B melder seg. Boksen er i alle fall ikkje min. Så eg teier, som eg stort sett har gjort i heile dag.

– Skal vi bli her, då? spør Einar tørt. – Er det så vanskeleg? seier ei av jentene og slenger boksen i søpla. Ho kastar irritert på håret og ser utover klassen. Er det meg ho ser på? – Bra, Ea, men neste gong lèt du rotekoppen ta ansvar sjølv, seier Einar. – Takk for i dag!

Eg syklar heimover og går av sykkelen i motbakkane. – Mattias! høyrer eg bak ryggen min. – Ja? seier eg spørjande til ein gut på sykkel rett bak meg. – Julian, seier han. – Frå klassen. – Ja, hei, seier eg, lèt som eg kjenner han att. – Bur du i nærleiken? spør han. – Ja, i Gravgata. – Eg òg! seier Julian, tydeleg begeistra. Han er mykje større enn meg. Har lange armar og bein, raudt hår og urolege hender. – Så bra, seier eg og prøver å høyrast ut som eg meiner det. – Kva liker du å drive med? spør Julian. – Eg liker musikk. Speler bassgitar, mumlar eg. – Tøft! seier Julian ivrig.

Julian verkar hyggeleg, men eg vil berre heim. Vere i fred. Slappe av.Vurderingseksemplar Eg stoppar opp ved porten til huset.

– Bur du her? I nummer 23? seier Julian, det breie smilet hans er heilt borte no. – Ja, svarer eg. – Du bur her, ja ... seier han for seg sjølv. Eg ser på han, er det noko meir han vil seie? – Kjende du dei som budde her før? spør eg. Julian ristar på hovudet. – Nei, eg har aldri vore her. Og no må eg visst heim. Sest i morgon! Det var merkeleg kor travelt han fekk det?

3 – Læraren vår er så grei! fortel Mia mens vi et sushi. – Og så pen! Ho heiter Anne Lise.

Eg dynkar ein maki i soyasaus og lèt att øyra. Mia har hatt ein fantastisk dag i andre klasse. Fint, det. – Du, då? spør mamma og dultar borti meg. – Heilt greitt.

Eg veit mamma vil høyre meir, men det er ikkje så mykje å seie. Mamma meiner det godt, men eg er ikkje Mia, glad som ein kvalp. Eg er Mattias, interessert i musikk, ikkje leiking.

Det ringer på døra, og ei jente med gul kjole står i døropninga. – Hei, Aisha! strålar Mia. – Bli med i dokkehuset mitt! Dei flaksar av garde nedover i hagen.

Etter middag speler eg litt gitar på rommet. Då eg kjem ned på kjøkkenet, sit mamma og legg bokbind på skulebøkene. – Seier du til Mia at det er kveldsmat? spør ho og smiler til meg.

Eg går ned til dokkehuset. Då eg opnar døra, blir eg møtt av to glade jenter. Inne i dokkehuset er det eit lite leikekjøkken, eit lite bord og to blåmåla stolar. På veggen heng eit bilete av to kattungar. Det eine vindauget har blomstrete gardiner.

– Velkomen til vår restaurant! seier Mia. – Takk, kva har de på menyen? spør eg. – Biff! seier Aisha. – Og vaniljesaus, fniser Mia. Det er det beste ho veit. – De får heller kome inn og ete. No er det kveldsmat, seier eg. Då eg lukkar døra til dokkehuset, kjenner eg ei rar lukt. – Har de leika med eld? spør eg strengt. Jentene berre ler og spring om kapp opp mot huset.

Vurderingseksemplar

Eg har hatt god luktesans frå eg var liten. Har støtt snust ut i lufta og fanga opp lukta av vaflar, diesel og appelsinar før alle andre. Eg tar ikkje feil. Det luktar røyk. Bål. Eg kikkar inn i dokkehuset ein siste gong. Jenta!

Den same jenta eg såg i natt. No lyser ho ikkje, ho ser ut som ei vanleg jente, med brunt, bustete hår, olabukse og blå genser. Bortsett frå auga. Auga er svarte av trass og sinne. Eg kjenner ei vond kraft frå den vesle kroppen, som eit svart, ekkelt sug. Det grøsser i meg. Kven er ho? Eg vil spørje, men kjem ikkje så langt. – Forsvinn! kveser jenta. Stemma er grov, skurrande, truande.

Eg ryggar, slenger att døra, spring opp til huset med skjelvande bein og klump i halsen. Mia og Aisha sit ved kjøkkenbordet og et brødskiver. – Kven er jenta i dokkehuset? spør eg andpustent. Mia ser på meg som om eg er heilt dust. – Meiner du Aisha? – Ho andre! seier eg utolmodig. – Det var berre eg og Aisha i dokkehuset, seier Mia. Dei ser på meg som om eg er heilt sprø.

4 – Dei neste vekene skal vi jobbe med lokalhistorie, seier Einar. Han står framfor smarttavla og smiler. – Vi skal jobbe i grupper og grave i historia til byen vår!

Eg har budd i Smeby under ei veke. Eg veit ingenting om byen. Eg er ikkje interessert. – Mattias, Julian og Ea, de er på gruppe, seier Einar, stadig like begeistra. – De skal grave i Smebys kriminalhistorie. Eit spennande tema, ikkje sant?

– Vi tar det beste grupperommet, seier Ea raskt. – Gir du Einar beskjed, Mattias? Ho verkar som ei flinkisjente. Tjukt, brunt hår, lite sminke og ikkje redd for å sjefe. Ho strener bortover gangen med pc-en i hendene.

– Ja, korleis skal vi jobbe? spør Ea då vi er på plass på grupperommet. Eg kjenner typen, Ea skal ha god karakter. – Tja, seier Julian. – Skrive Smeby si kriminalhistorie? – Har det skjedd noko her, då? spør eg. – Ikkje som eg veit om, seier Ea og trekker på skuldrene. – Skal vi starte på biblioteket? Lese gamle aviser? foreslår Julian. – Er det ikkje betre å dra på museet? Snakke med nokon som har

Vurderingseksemplar

Eg stirer inn i pc-skjermen. Ea har opna eit nytt dokument og skrive ei overskrift og namna våre. – Kva synest du, Mattias? spør Ea og ser rett på meg. Eg ser ned og trekker på skuldrene. Ea sukkar. – Ok. Skal vi starte på museet, då?

Så er dei i gang. Ringer museet, får ein avtale på onsdag, lagar tankekart, styrer på. Eg sit og glor inn i pc-en. Kjenner eg er kjipingen i gruppa. – Du veit sikkert ikkje så mykje om Smeby, seier Ea etter kvart. – Nei, eg har berre budd her ei veke. Eg snik inn øyreproppane og lèt ein feit, god gitar fylle øyra mine. Orkar ikkje mas. Har jenta i dokkehuset i hovudet.

5 Skriket skjer inn i øyra mine, gjennom kroppen, heile meg! Skriket er liksom inni mitt eige hovud, som eit ekko. Det er eit jenteskrik, eit hyl av rein skrekk. Det set seg i kroppen, eg stivnar til.

Eg set meg opp i senga, får kontroll på pusten og kroppen. Det var berre ein draum. Men eg finn ikkje roa. Den kalde, gufne kjensla av noko vondt forsvinn ikkje. Eg reiser meg, eg blir sogen mot vindauget. Då eg drar gardinene til side, ser eg jenta att.

Ho står ved dokkehuset og ser opp mot huset, mot mitt vindauge, mot meg. Blikket gløder, endå ho er langt unna. Eg står som fastfrosen og ser på henne. Ho går med stive skritt oppover hagen, mot huset. Mot meg.

Hit skal ho ikkje kome! Brått blir eg forbanna, at eg skal stå her og vere redd for ei lita jente. At eg skal vakne av desse grufulle mareritta. Eg har lyst til å jage vekk jenta, ho skal ikkje kome inn i huset vårt. Aldri i verda!

Eg riv meg laus, spring ned trappa, gjennom stova og opnar verandadøra. Eg spring berrføtt ut i boksaren, haustlufta treffer meg med eit grøss.

Vurderingseksemplar

Eg ser inga jente. Eg ser faktisk nesten ingenting. Nede ved dokkehuset kjennest det som mørket sluker meg. Alt er svart. Sinnet mitt, som gjorde meg så uredd, er borte. Eg kjenner rått gras og vått lauv under føtene mine, bakken er iskald. Eg drar pusten djupt inn og opnar døra til dokkehuset.

– Hallo, seier eg. Halloet er ei kviskring som blir slukt av det svarte mørket. Eit svakt vindpust er alt eg høyrer. Kor er jenta? Har ho kome seg inn i huset?

6 Eg famlar meg tilbake til huset. Snublar i ein stein og skrapar opp tåa. Bannar. Går inn, inga jente, alt er som vanleg, bortsett frå tåa mi som blør. Eg haltar opp på badet, leitar gjennom alle skuffar og skap for å finne eit plaster. Eg veit ikkje kvar ting er i dette nye huset.

Med eitt dukkar mamma opp i morgonkåpa. Eg sit på badegolvet og plastrar stortåa mi. Skuffar og skap står opne. På golvet er det nokre blodflekkar. Eg kjenner meg så sliten.

– Ka gjer du? Klokka er halv tre, seier mamma trøytt. – Eg berre vakna, hadde mareritt, svarer eg. – Har du vore ute? seier ho og ser på føtene mine. – Eg synest eg høyrde verandadøra. – Ja, eg såg ei jente ute i hagen. – Mattias, seier mamma og stryk meg over ryggen. – Har du gått i søvne? – Nei, eg sov ikkje, det var ei jente der! Mamma ristar på hovudet. – No legg vi oss, Mattias. Vi treng å sove no.

Eg vil sove. Prøver å tru på mamma. At eg har gått i søvne. At eg berre har drøymt. Men det hjelper ikkje. Skrekken sit i kroppen, eg klarer ikkje slappe av.

For sikkert tiande gong står eg opp att. Går bort til vindauget, ser ut. Stirer etter jenta. Eg har ei kjensle av at ho nærmar seg. Men eg ser ingenting, ikkje no heller. Eg burde snakke med

Vurderingseksemplar

Eg stirer mot dokkehuset. Både håper og håper ikkje å sjå noko.

7 Eg strekker meg etter mobilen for å sjekke klokka då eg vaknar. Hugsar vagt at mamma var innom og sa noko om skulen. At eg måtte stå opp. Shit. Klokka er halv tolv. Eg har forsove meg grundig.

Det er ingen vits i å dra på skulen. Eg kan lilke godt game litt. Eg tar eit knekkebrød og skrur på pc-en. Speler skytespel. I ein pause poppar Julian opp i chatten.

Julian: Er du sjuk? Eg: Ja. Julian: Kjedeleg, då. Korleis sjuk? Eg: Eller ... eg var det. Betre no. Julian: Så bra! Vi kjem innom deg i ettermiddag.

* – Er du heime alt? seier mamma då ho og Mia kjem heim etter SFO. Eg let vere å svara, og snart er mamma i gang med å steike fiskeburgar. – Turneringa startar om ein time, seier Mia mens vi et. – Eg jobbar litt i hagen før vi går, sier mamma. – Det kjem kanskje besøk til meg etterpå, seier eg, og mamma lyser opp. Vurderingseksemplar – Noko skulearbeid, fortel eg. – Så koseleg, seier mamma. – Eg kan lage ostesmørbrød. Eller vaflar? Kakao? – Slapp no av, seier eg. – Det er ikkje sikkert at dei kjem.

Men Ea og Julian kjem. Ei stund etter at Mia og mamma har gått på turneringa, ringer det på. – Er du bra att? spør Ea. – Ganske. Kom, vi kan gå opp på rommet. – Koseleg hus, kommenterer Ea mens vi går opp trappa til rommet mitt. – Ja, det er det verkeleg, seier Julian overraska.

Ea set seg i gamingstolen og finn fram pc-en. Julian fiklar med bassgitaren, han har klønete fingrar. – Skal vi snakke litt om framføringa? spør Ea. – Er ikkje det litt tidleg? seier eg. Blikket til Ea er ikkje til å misforstå. Det er ikkje tidleg. Ho vil ha god karakter. Julian blunkar til meg. Vi set i gang. Oppdaterer loggen, startar på presentasjonen. – Eg trur dette blir bra! seier Ea. Eg nikkar. Limer inn eit bilete frå museet. Vi har halde på ei god stund og skvett alle saman då døra går opp. – Mattias! seier mamma surt og høgt. – Kvifor har du tent levande lys i stova? – Hæ? Eg glor på mamma. Ea og Julian stirer på oss. – Kva driv de med? Eg reiser meg. Skjøner ikkje kva ho pratar om. Vi går ned trappa til stova, Ea og Julian følger hakk i hæl. Det brenn på peisen. Flammane knitrar. På bordet og i vindaugskarmen brenn fleire stearinlys. På peishylla står det ei rekke telys. – Det er jo koseleg, seier mamma, rolegare no. – Men de må sløkke når de går frå rommet. Dette er alt anna enn koseleg. Kven pokker har tent alle desse lysa? Rommet er varmt, men eg har gåsehud på armane. Fra Mareritt, 2019 Vurderingseksemplar

33 Fortell med egne ord om hovedpersonen Mattias om klassen om gruppearbeidet om den lille jenta han ser 34 Teksten er et utdrag fra en ungdomsroman. Skriv svar på spørsmålene: a Boka tilhører en lettlestserie som heter Grøss og gru. Hva tror du kjennetegner en slik serie? b Synes du språket er lett eller vanskelig å lese? Begrunn svaret ditt. c Hva kjennetegner setningene og språket? d Når kommer det første frampeket om at dette kan bli ubehagelig for hovedpersonen? e Hvordan bygger forfatteren opp spenningen, og hvordan holder hun på den? Se nøye på stedene i teksten der det står om jenta. Legg merke til tempoet og hvor forfatteren stopper opp og beskriver. 35 Skriv en fortelling som heter «Mitt verste mareritt». Du kan beskrive en fryktelig drøm du har hatt, eller lage en historie der en grusom drøm blander seg med virkeligheten. Bruk frampek, hev og senk tempoet og utvid øyeblikkene for skape spenning. Vurderingseksemplar

This article is from: