FORDYP DEG
Brevet frå krigen Eg har brevet enno. Det brevet eg skreiv til Unni den dagen. Då eg fortalde kva som hadde skjedd, og lurte på korleis det gjekk med henne der inne i Oslo, då bombeflya kom. Eg kunne ikkje ringe og spørje. Unni hadde ikkje telefon, nesten ingen hadde telefon på den tida. Unni budde i byen og eg ute på øya, men vi gjekk på same skule. Vi møttest første skuledagen, på Ruseløkka skole. Eg var blyg, og ho var modig. Vi blei bestevenner.
se m pl ar
Vi var saman kvar dag etter skulen. Eg blei med henne heim. Vi gjorde lekser i lag og tøysa i lag og åt mat i lag, før eg reiste heim til Lindøya. Men ikkje den dagen.
Den dagen fekk eg ikkje sendt noko brev. Ikkje dagane etterpå heller.
ek
Veit du kva krig er? Klart du veit. Krig er noko frykteleg.
rd er in gs
Det visste eg. Krig var noko vi kunne sende ullteppe til og synast synd på langt borte. Men så kom alt nærmare. Folk begynte å hamstre mat,
og det kom tilfluktsrom på skulen, og vi lærte oss å lytte etter flyalarm. Når flyalarmen gjekk, måtte vi gå ned i kjellaren på skulen. Heldigvis var det berre øving.
Vu
Flyalarm: Flyalarmen er ei sirene som skal varsle når det kjem fly innover landet. Lyden betyr «Fare for angrep, søk dekning», og er ein tutande lyd med korte støyt.
Heilt til den dagen.
Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom
over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår og bomber sperra vegen inn til byen. Ikkje før folk blei sette i fengsel og eg måtte passe meg for kva eg sa. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på venninna mi. Eg forstod kva krig var då eg såg dei redde auga til pappa. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også. Slik er det når det er krig. Slik var det.
228
LES SAKTEKST