
11 minute read
flinke til å krangle
from 9788203402272
Les tittelen og se på bildene. Hva tror du teksten handler om? Hvilken sjanger tror du dette er? Prinsessene som var så flinke til å krangle Ein far hadde to slemme, morlause døtrer som krangla Vurderingseksemplar støtt. Dei lugga og slost og kalla kvarandre så ekle ting at ein av dei alltid gret. Alle som fór forbi slottet, kunne høyre kor fæle dei to prinsessene var med kvarandre. – Korleis skal det gå i dette landet når vi får ei dronning som er så slem? sa mannen. For han var konge, og dei to jentene var tvillingprinsesser. Ei av dei skulle altså bli dronning, om ho var aldri så slem. Kongen likte det ikkje. Og det gjorde ikkje den trufaste tenaren hans heller. Begge grubla på korleis dei kunne redde landet.
fosterheim: privat hjem der andre enn foreldrene tar seg av barna Ein dag sa tenaren: – Vi gir bort prinsessene! Vi sender dei til kvar sin fosterheim. Men vi fortel ikkje den nye mora og faren at dei er prinsesser. Berre du og eg skal vite kva vi har gjort, og til folk seier vi at dei er slukte av ein drake. For blir ei av desse kranglete prinsessene dronning, blir det til ulykke for oss alle. Men kongen sa: – Om eg gir bort barna mine fordi dei er slemme, blir ikkje eg da ein enda verre far?
ST O P P O G T E N K

Synes du han bør gi bort jentene sine? Hvorfor eller hvorfor ikke? Til det svarte tenaren klart nei. Det beste kongen kunne gjere no, var å tenkje på landet. – Kanskje veks ei av dei seg så snill når ho kjem bort frå den umogelege søster si, at ho likevel kan bli dronning, sa tenaren. Vurderingseksemplar
skreddar: person som har til yrke å sy klær
ST O P P O G T E N K
Da sa kongen: – Ta prinsessene med deg. Sei at dei er foreldrelause og finn nye heimar slik du sa. Men hald oppsyn med dei, for eg er far deira, og eg vil at dei nye foreldra skal vere snille mot dei små jentene mine om dei er aldri så slemme! Dei to prinsessene fekk kvar sin familie, den eine hos eit barnlaust bakarpar. Den andre hos to like barnlause skreddarar. Heimane deira låg på kvar si side av ei elv, slik at jentene ikkje skulle finne saman og halde fram med å krangle. Men ingen av husa låg lenger frå slottet enn at den trufaste tenaren kunne halde eit auge med jentene. Hos skreddaren bad han om å få sydd ei skjorte eller ei bukse. Hos bakaren kjøpte han brød. År etter år fór tenaren for å sjå etter jentene, og han likte det han såg: Dei var blide og flinke. Dei hadde heilt gløymt at dei var prinsesser som kunne forlange og trasse seg fram. No var dei snille mot både foreldre og framande. Og så hjelpsame var dei blitt at dei var til stor glede og nytte i kvar av dei fredelege heimane. Hva har skjedd med prinsessene? Da skjønte kongen at han hadde gjort rett, men han fekk eit nytt problem: Kven av dei skulle han velje til dronning, når begge var like strålande snille og flinke? Igjen måtte tenaren finne råd. – Enn om vi sette prinsessene på ein prøve? sa han.Vurderingseksemplar – Kva for prøve? spurde kongen. – Prinsessene bur jo på kvar si side av ei elv. Over den elva går det ei veldig smal bru, ho er berre nokre steinar som er lagde uti vatnet, så den som vil over, må balansere frå stein til stein. To kan ikkje komme forbi kvarandre, da dett dei uti. Men no skal vi få dei to jentene til å komme samtidig til brua, og den som er så klok og fredeleg at ho lèt den andre gå over, ho blir dronning. Enda ein gong sa kongen ja til den trufaste tenaren sin.
Tenaren ordna alt: Han bad skreddaren sy eit nytt forkle til bakaren. Og han bad bakaren bake brød til skreddaren. Dei to prinsessene skulle begge vere ærensjenter. Den dagen og tida jentene skulle levere varene, gjekk tenaren og kongen til elva. Dei gøymde seg bak ein stein, så prinsessene ikkje skulle sjå dei. For dei skulle jo ikkje vite at kongen vakta dei og venta på at ein av dei skulle vise seg å vere snill og klok nok til å bli dronning. Alt gjekk slik som tenaren hadde planlagt. Dei to jentene kom springande mot brua. Dei hoppa frå stein til stein, for dei var ivrige etter å hjelpe foreldra sine, og begge ærend: et oppdrag, hente eller levere noe ærensjenter: jenter som går ærend for noen Vurderingseksemplar sette si ære i å gjere det fortast råd. Ja, dei hadde slik fart at dei ikkje oppdaga kvarandre før dei var midt på brua. Og der blei dei ståande. Dei forstod begge at det var umogeleg å komme forbi. Om dei prøvde det, ville dei dette uti. Ei av dei måtte altså snu tilbake til den sida ho nett var kommen frå.

ST O P P O G T E N K
Hva tror du vil skje nå?
vike: flytte seg, gå til side Dei to jentene såg på kvarandre. Dei kjende jo ikkje kvarandre lenger, men likevel var det noko som sa at dei ikkje skulle vike. Og i alle fall ikkje for den som dei no hadde framfor seg. Dermed begynte dei å krangle. – Snu, ditt mjølfjes. Eller er du så skitten at du treng eit bad? sa skreddarjenta til bakarjenta. – Kven trur du at du er? svarte bakarjenta like tvert, – ei kongeleg dronning som kan kommandere andre? Ikkje prøv det på meg, for eg skal levere eit brød på andre sida av elva, og det brødet skal vere både tørt og ferskt. Bakarjenta tok eit steg fram, klar til å skubbe skreddarjenta uti. Fort drog skreddarjenta fram ei lang og blinkande saks. Ho retta den mot bakarjentas hjarte. – Snu, elles skubbar eg deg uti! kvesste ho. Men bakarjenta lét seg ikkje skremme. – Berre skubb, di stridige stoppenål, og brødet ditt blir vått! For du er vel ei skreddarjente som trur du kan stikke og klippe deg fram? – Gi meg brødet, di mjølmus, skreik skreddarjenta. Ho ville sjølv ta med brødet til si side, og deretter komme tilbake og avgjere kven som skulle i elva. Om berre bakarjenta ville vente? Saksa blenkte mot halsen til bakarjenta mens ho tenkte seg om. Og kongen som såg det, syntest det var så fælt at han ville springe fram og stanse den uhyggelege krangelen Vurderingseksemplar deira. Men tenaren bad han sitje i ro og sjå korleis det gjekk. – Ver rask, og eg ventar, ropte bakarjenta til skreddarjenta. Da skreddarjenta kom tilbake, sa bakarjenta at det var urettferdig om berre ei av dei hadde noko å verje seg med. Viss skreddarjenta ville stå og fekte og bestemme som ei dronning, ville ho vel ikkje vere så feig at ho slost med ei som var våpenlaus? – Hent noko å forsvare deg med, eg ventar, svarte skreddarjenta da.
ST O P P O G T E N K
Bakarjenta balanserte tilbake til den sida ho var kommen frå, greip ein kjepp og hoppa ut på brua igjen. Nøyaktig der dei møttest første gong begynte dei to jentene å slåst. Bakarjenta fekta med kjeppen, og skreddarjenta stakk med saksa. Men den lange kjeppen gjorde det umogeleg å bruke saksa. – Finn deg ein kjepp, du også, eg ventar, sa bakarjenta. Enda ein gong skunda skreddarjenta seg tilbake til si side av elva. Der fann ho ein kjepp som var like lang som bakarjenta sin. Midt på brua, akkurat som før, heldt kampen fram. Dei slost med kjeppane sine. Rett som den eine heldt på å gli uti, så var det på nippet for den andre. Ingen ville gi seg, ingen ville snu og sleppe den andre fram. Hvem synes du bør gi seg? Hvorfor synes du det? Fleire gonger var kongen klar til å gi seg til kjenne, men den trufaste tenaren stansa han. – Vent, snille konge, sa han, – for dette er ikkje ein vanleg krangel, det ser du vel? Kongen venta, og litt etter litt skjønte han kva tenaren meinte. Dette var ein kongeleg krangel, så rettferdig og vennleg som han aldri hadde sett maken til. Og dermed fekk jentene drive på utan at far deira greip inn. Prinsessene kjempa som løver. Raske og sterke var dei Vurderingseksemplar begge, saman kunne dei ha felt ein drake. Men det enda likevel med at skreddarjenta blei vippa uti. Ho segla med straumen, heilt inntil den sida ho skulle til, bakarsida. Men alt før ho glei inn til land, hadde bakarjenta sprunge tilbake dit ho kom frå og stod og tok imot henne. – Eg skada deg vel ikkje? spurde bakarjenta og strekte hendene mot jenta som ho ikkje visste var søster hennar. – Heil og på rett side, smilte skreddarjenta, for ho syntest det var så overraskande godt å bli hjelpt på land av
ST O P P O G T E N K
ei jente som nett hadde skubba henne uti. Ho gav den gode hjelparen ein klem og sa at no måtte bakarjenta bruke brua og komme seg av garde med brødet, for heldigvis var det tørt der det låg på den andre sida av elva.
Hvorfor ble jentene plutselig venner, tror du?
Men bakarjenta sprang ikkje sin veg! Først hjelpte ho skreddarjenta av med den våte kjolen. Så vreid dei han frå kvar sin kant, og etterpå glatta dei han ut. Skreddarjenta var jo så flink til å stryke, og bakarjenta til å kjevle. Men da bakarjenta oppdaga at sekken til skreddarjenta var full av vatn, og såg at forkleet som ho skulle levere, var kliss vått, tok ho av seg sitt tørre og sa: – Ta det tørre mitt, så tar eg det våte. Og når eg kjem heim, byter eg dei så mor eller far ikkje merkar det. Ingen treng å vite at du datt i elva. Som dei beste venner klemde dei kvarandre før dei skulle skunde seg til kvar sin kant. Da greidde ikkje kongen å vente lenger. Han kom setjande over brua til dei flinke jentene sine. – Gå tilbake, ropte skreddarjenta til han, – bakarjenta skal bruke brua, ho skal til skreddaren med brød, og er forseinka. – Ingen kan be kongen om å snu, ropte tenaren som kom setjande etter. Vurderingseksemplar – Jo, eg kan! Eg torer be om kva eg vil for ein venn, ropte skreddarjenta tilbake. Ho var så glad at ho ikkje visste kva ho sa. Hadde ho vore ei vanleg jente og ikkje ei prinsesse, kunne ho ha hamna i fangeholet, for ingen kan kommandere ein konge. Men no sette kongen i ein skratt, og så fortalde han at han var far deira. Han var så lykkeleg og lo så godt at han heldt på å dette uti der han stod med den store magen på den smale brua. Tenaren måtte springe til og leie han trygt tilbake til land. Og jentene, som endeleg kjende igjen

både far sin og kvarandre, sprang over til han og klemde han om kapp. Den trufaste tenaren lét dei halde på. Ikkje før dei var ferdige, fortalde han prinsessene korleis alt hang i hop. – Og no får vi to dronningar i landet, sa kongen. – Om de vil det, da? Vere saman for alltid og samarbeide og hjelpe kvarandre? Det ville jentene. Men først måtte dei gjere ærenda sine, og kongen måtte vere med å be dei gode fosterforeldra komme til slottet og bake og sy for dei to kloke og sterke dronningane som landet no skulle få. Erna Osland Vurderingseksemplar HVA ER ET EVENTYR?
• Eventyr starter vanligvis med «Det var en gang». • De fleste eventyrene har en lykkelig slutt. • Vi får ikke høre hvor handlingen foregår, eller når den skjer. • Personene kalles bare datteren, kongen og prinsen. • Personene er ofte enten gode eller onde. • Hovedpersonen må ofte løse vanskelige oppgaver. • Tretallet går ofte igjen. Det er tre brødre, tre prinsesser eller tre troll.
INDIVIDUELT ARBEID
14 Hvorfor oppførte prinsessene seg bedre i de nye hjemmene sine, tror du? 15 I teksten får du høre om en vanlig krangel og en kongelig krangel.
Hva tror du er forskjellen? 16 Hvorfor måtte kongen gi bort døtrene sine? 17 Hva er den viktigste oppgaven for tjeneren? 18 a Hvor i teksten skjønner du at jentene slutter å krangle? b Hva skjer da? 19 Hva tror du uttrykket «å trasse seg fram» betyr? 20 a Hva betyr det å være «flink til å krangle»? b Hva vil det si å bli «satt på prøve»? c Hvilken prøve blir prinsessene satt på? 21 Hvilke av punktene på plakaten «Eventyr» på side 117 • passer på teksten «Prinsessene som var så flinke til å krangle»? • passer ikke? 22 Kunne handlingen i denne teksten ha skjedd i virkeligheten? Begrunn. VI LÆRER SAMMEN Hva kan dere lære av denne teksten? Øv deg på å lese mellom linjene.Vurderingseksemplar
Men hald oppsyn med dei, for eg er far deira, og eg vil at dei nye foreldra skal vere snille mot dei små jentene mine om dei er aldri så slemme!
Og så hjelpsame var dei blitt at dei var til stor glede og nytte i kvar av dei fredelege heimane.