
7 minute read
Brevet frå krigen
from 9788203402272
Eg har brevet enno. Det brevet eg skreiv til Unni den dagen. Då eg fortalde kva som hadde skjedd, og lurte på korleis det gjekk med henne der inne i Oslo, då bombeflya kom. Eg kunne ikkje ringe og spørje. Unni hadde ikkje telefon, nesten ingen hadde telefon på den tida. Unni budde i byen og eg ute på øya, men vi gjekk på same skule. Vi møttest første skuledagen, på Ruseløkka skole. Eg var blyg, og ho var modig. Vi blei bestevenner. Vi var saman kvar dag etter skulen. Eg blei med henne heim. Vi gjorde lekser i lag og tøysa i lag og åt mat i lag, før eg reiste heim til Lindøya. Men ikkje den dagen. Den dagen fekk eg ikkje sendt noko brev. Ikkje dagane etterpå heller. Veit du kva krig er? Klart du veit. Krig er noko frykteleg. Det visste eg. Krig var noko vi kunne sende ullteppe til og synast synd på langt borte. Men så kom alt nærmare. Folk begynte å hamstre mat, og det kom tilfluktsrom på skulen, og vi lærte oss å lytte etter flyalarm. Når flyalarmen gjekk, måtte vi gå ned i kjellaren på skulen. Heldigvis var det berre øving. Heilt til den dagen. Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår og Flyalarm: Flyalarmen er ei sirene som skal varsle når det kjem fly innover landet. Lyden betyr «Fare for angrep, søk dekning», og er ein tutande lyd med korte støyt. Vurderingseksemplar bomber sperra vegen inn til byen. Ikkje før folk blei sette i fengsel og eg måtte passe meg for kva eg sa. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på venninna mi. Eg forstod kva krig var då eg såg dei redde auga til pappa. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også. Slik er det når det er krig. Slik var det.
Hvilke forandringer ble det for brevskriveren da krigen kom til Norge?
9. april 1940 ti på halv fem om morgonen
9. APRIL 1940
Ulet fyller heile draumen. Det er ein av dei vonde. Dei I Noreg starta krigen natt som handlar om å flykte, om å springe og springe og til 9. april 1940. Då angreip aldri kome nokon stad. Berre mamma spring sin veg. Tyskland med bombefly og Mamma og pappa og Terje og Brita! Jorun set seg opp i senga. Den skingrande lyden kjennest gjennom heile kroppen. Det er ikkje berre flyalarmen som brøler. Brita hyler også. Det er mørkt. Ho ser ikkje søstera der borte i senga, men ho høyrer henne. Gråten til Brita blandar seg med det ulande varselet om bombefly. Lyden kjem støytvis der utanfrå. BUUU-uuu, BUUUuuu, BUUU-uuu. Jorun held hardt rundt sengekanten. Dette er ikkje noka øving. Dette er på ekte. Det er krigen. No kjem han. Jorun er for stor til å skrike. Det er to månader sidan ho fylte 12. Ho græt likevel, ho klarer ikkje å la vere. – Mamma! MAMMA! Døra til barnerommet går opp. Lyset kjem inn frå gangen. Mamma spring bort til Brita og bøyer seg og tar armane rundt henne. Ho held henne tett inntil seg. Jorun tørkar auga. Brita er berre 10 år, og så er ho krigsskip. Tyske soldatar gjekk i land i Oslo, Bergen, Trondheim, Narvik og fleire andre kystbyar i Noreg den dagen. Vurderingseksemplar ikkje slik som andre søstrer. Ho har eit bein som er nesten lamt. Klart det er Brita som må få trøyst. Hva lurer du på etter å ha lest så langt? Lag tre spørsmål. Jorun løftar vekk dyna og set begge dei friske føtene sine på golvet. Ho har pappa. Det er pappa som har tid til å snakke. Det er han som forklarer kva dei vanskelege orda betyr. Rasjonering,
ST O P P O G T E N K
Rasjonering: Ein kallar det rasjonering når staten bestemmer kor mykje folk kan kjøpe av ulike varer. Det blir gjort for å sikre at alle får noko av dei varene det er lite av.
Hamstring: Hamstring er når folk kjøper store mengder av matvarer og anna, som dei lagrar i tilfelle dei ikkje får tak i det seinare.
Luftvern: Få år før den andre verdskrigen fekk alle større byar i Noreg luftvern. Luftvernet hadde ansvar for flyalarmar og tilfluktsrom som folk kunne gøyme seg i dersom det kom bombeangrep. Dei sende også påbod om loftsrydding, slik at husa ikkje så lett tok fyr dersom dei blei trefte av bomber. Ein visste at bombing av byar øydela bustadområde og tok livet av mange sivile. Vurderingseksemplar
ST O P P
O G T E N K
hamstring og luftvern. Det er han som fortel om alt det som skjer ute i verda, om dei tyske soldatane som har marsjert rett inn i Polen, om Hitler og om krigen i Europa. «Kom og sett deg her, jenta mi», brukar pappa å seie når Jorun spør om noko. Og så sit dei der, tett i lag ved kjøkkenbordet, sjølv om pappa eigentleg har ting å gjere nede på verkstaden. Dei snakkar om alt det Jorun lurer på. Og litt til. Det handlar om krig heile tida no, spesielt på radioen. Der pratar dei om fæle ting som ikkje eingong storebrør som Terje kan tøyse bort. På radioen snakkar dei om eksplosjonar og båtar som går ned, og folk som druknar. Av og til må Jorun gå ut i hagen for å sleppe å høyre. Heilt bort til flaggstonga gjekk ho den dagen dei sa at England og Frankrike hadde erklært krig mot Tyskland. Ho stod og såg på rådhuset og Akershus festning og Akers mekaniske Verksted. Båtane låg trygt langs kaia der inne i Oslo. Sola glitra så fint i bølgjene. Alt var vanleg. Det var berre det at sommaren var over og det var krig i verda. Jorun stod der ute i hagen ei stund, før ho tørka vekk tårene og gjekk inn igjen. Etterpå har ho venta. Det er ikkje berre Jorun som har venta på at krigen skal kome til Noreg. Det har kome tilfluktsrom overalt, til og med her ute på Lindøya. På skulen har dei øvd på å gøyme seg i kjellaren når luftvernsirena uler. Det kjennest heilt annleis no når det ikkje er øving. Hva hadde blitt gjort for å forberede seg på krigen? Kvar er pappa? Jorun ser seg rundt i gangen. Ho held seg for øyra. Den pipande lyden trenger gjennom likevel. Kvar dag har ho lytta etter sirena. Ho låg i senga og lytta i går kveld også. Ho venta og venta. Dei hadde sagt på radioen at framande skip var på veg mot Noreg. Når sirena uler, betyr det at det er fly som kjem, fly som
3. SEPTEMBER 1939
skal bombe. No uler det høgt gjennom huset. Jorun spring med nakne føter over golvet mot soveromsdøra til England og Frankrike mamma og pappa. erklærte krig mot Tyskland Døra står på gløtt. Jorun stoppar og skubbar ho heilt – og den andre verdskrigen opp. Det kjem kald luft imot henne. Ho ser kvifor. starta 3. september 1939. Vindauget der inne er ope. Pappa har opna det. Han Då hadde Tyskland allereie angripe Polen. Austerrike, har halve kroppen utanfor. Han ser opp mot himmelen. delar av Litauen og eit land Dei lange ula frå flyalarmen er borte. I staden er det som heitte Tsjekkoslovakia. ein annan lyd i lufta, ei mørk og trugande during. Lyden Den politiske leiinga i blir høgre og høgre. Tyskland, med Hitler som Så ser ho flyet. Eit stort, svart fly. Det kjem rett over førar, meinte at Tyskland flaggstonga, rett mot huset, rett mot vindauget. Det trong og hadde rett på brøler over taket og blir borte. større plass. Mange i Pappa snur seg. Han har fått på seg buksa, men skjorta Tyskland hadde opplevd det som urettferdig at landet har han ikkje knappa. Pappa og Jorun ser på kvarandre. måtte gi frå seg både Heldigvis har dei rydda på loftet. Heldigvis har dei fått pengar og store landområde vekk alt som kan ta fyr når flya kjem og slepper bomber til sigerherrane etter den på huset. No kjem dei. første verdskrigen. Det er ikkje berre eitt fly. Der kjem eitt til. Og enda eitt. Store, svarte klumpar kjem til syne over trea, dei flyg over taket med det fryktelege bråket etter seg. Brølet får heile kroppen hennar til å riste. Pappa ser opp mot dei dundrande flya. Jorun høyrer kva han seier, han som aldri brukar å banne. – Det er vel desse fordømde tyskarane!
Vurderingseksemplar
Ingunn Røyset
INDIVIDUELT ARBEID
35 I teksten forteller Jorun om hva hun opplevde under krigen.
Denne teksten er plassert i kapitlet «Les saktekster». a Hva kan være grunnen til det, tror du? b Hvilken annen sjanger kan teksten likne på?
SAMTALE
36 Still hverandre spørsmålene dere skrev mens dere leste.
Spør og svar annenhver gang. 37 Hvorfor ble brevet til Unni aldri sendt? 38 Hva får du vite om livet til jeg-personen før krigen? 39 Hva måtte folk gjøre da krigen nærmet seg? 40 Hva får du vite om å være barn i et land med krig? SAMARBEID 41 Dere har nå lest første kapittel av boka. Kapitlet slutter på en dramatisk måte. Jorun ser flere bombefly over hustaket, og leseren lurer på hvordan det går videre. Hvorfor avsluttes kapitlet slik, tror dere? 42 Lag tre spørsmål til forfatteren som handler om hvordan det går videre i boka. sammensatt tekst kjennetegn Vurderingseksemplar saktekster