FORDYP DEG Hva skjer når vi ler?
BISON
Ta et overblikk over teksten. Hva tror du teksten handler om?
Når ler vi? Latteren er daglegdags. Dei fleste ler kvar dag, mange
se m pl ar
gonger om dagen – i alle slags situasjonar. Vi kan til dømes begynne å le berre fordi vi ser at andre ler. Latter ser ut til å smitte!
Kjenner du historia om tvillingane som låg i senga si og lo og lo? Dei skulle bade før leggjetid, men mora hadde bada den same tvillingen to gonger.
ek
Kanskje lo mora også? For det er nokså
rd er in gs
vanleg å le når vi har dumma oss ut. Latteren får det dumme til å verke mindre alvorleg. Men vi kan også le for å dumme ut andre.
Ein vond latter kan ein vel kalle det. Mange ler når dei blir redde. Og her finn vi
sjølve grunnlaget for latteren. Dei som har
Vu
forska på latter, trur at latteren blei til for
uendeleg lang tid sidan. Den tid menneska levde i små flokkar, var det viktig å kunne sende ut signal om at dei sjølve ikkje var farlege. Ved å le når dei sjølve kjende seg truga, kunne dei melde frå at ingen trong å gå til angrep på dei, for dei var redde sjølve. Latteren var godt eigna til å sende slike signal, for den kunne både høyrast og sjåast.
1 82
SPRÅK I NORGE