Øystein Ekroll
Paramentkista The Medieval Cope Chest Av alt det rike inventaret Nidarosdomen hadde i mellomalderen, har berre ein einaste ting overlevd til i dag. Det er den trekanta, store kista som i lang tid har stått i Kapittelhuset, og som no er blitt flytta over til Museet Erkebispegarden. Kista har to måla innskrifter: på eine sida står «For Alder Jeg Æres. Ao. 1304» og på den andre «Reparert og Malt Ao. 1778». Begge innskriftene er frå det siste året. Men er kista verkeleg frå 1304? Og kva skjedde i 1778? Og kva er denne merkelege kista sin funksjon? brukar. Kista er rett og slett forma for å innehalde korkåper eller -kapper og messehaklar. I dag er det berre biskopen som brukar slik kåpe (frå latin: capa via engelsk cope) eller kappe og vi talar derfor om bispekåpe, medan alle prestar enno brukar messehakel. Dette er den einaste kista av denne typen som har overlevd i Skandinavia, og vi må til England for å finne dei næraste parallellane.
Fig. 1: Paramentkista i Kapittelhuset i 2021 før flyttinga til Museet Erkebispegarden. The cope chest in the chapter house in 2021 before it was moved to the Archbishop’s Palace Museum.
Ei merkeleg kiste Ved omvisingar blir ofte folk bedt om å gjette funksjonen til denne kista, som gjerne blir presentert som Norges første ‘funkismøbel’ etter den perioden sitt slagord: form følger funksjon. Og det er funksjonen som har bestemt den trekanta forma på kista, som er nesten ein kvartsirkel. (Fig. 1) Det er også den same funksjonen som gjorde at kista har overlevd til i dag. Det vanlege namnet er «paramentkista», for kista er laga for å oppbevare «paramenter» (av latin: parare = utstyre), som er eit samlenamn på alle dei liturgiske tekstilar og klesplagg som prestane
76
Korkåpene hadde frå først av form som eit halvsirkelforma tøystykke og var åpne framme, og vart festa saman på brystet med ei stor spenne. (Fig. 2) Messehaklane var derimot sirkelforma som ein poncho med ein opning for hodet i midten, slik at han like stor framme og bak og dekker begge armane. Ved å folde plagga i to får dei nettopp den kvartsirkelforma som ei slik paramentkiste skal ha. Etter kvart starter messehaklane å bli smalare slik at armane blir fri, og mot slutten av mellomalderen har dei fått den smalare forma vi kjenner i dag. Før reformasjonen brukte alle dei 24 kannikane eller korbrødrene ved Nidarosdomen korkåper og messehaklar. Dei var sydde av dei finaste og mest verdfulle tekstilane som kunne skaffast, som silke og brokade, og kanskje med innvevde gull- og sølvtrådar, og utstyrt med påsydde broderier. Dei vart derfor tunge, og for å unngå strekkskader måtte dei ligge flatt når dei ikkje var i bruk, noko som betyr at dei måtte ligge i ei kiste.