
10 minute read
Øystein Ekroll Mannen i midten
from Årbok 2021 Bygghytta
by BK.no
Øystein Ekroll
Mannen i midten
The Man in the Middle
Fig. 1: Den spesielle skulpturen av mannen står midt på vestfronten, rett over Kristus på korset. The sculpture of «the man in the middle», situated on the gable above the crucifixion above the nave’s central doorway.
Midt på vestfronten, på gavlen over Korsfestingsgruppa over hovedportalen, står ein merkeleg skulptur av ein mann i ei borg. (Fig. 1) Mange besøkande spør om datering og tolking av denne figuren, men ingen har hatt fornuftige svar å gi. Denne figuren er hogd i 1916 og sett opp på vestfronten sommaren etter. Det er ein kopi og delvis rekonstruksjon av ein mellomaldersk skulptur som i dag er ein del av steinsamlinga på Dora. Det er altså svært mange spørsmål om denne skulpturen, men historia og bakgrunnen for den nye plasseringa er aldri blitt undersøkt i detalj. Det har ikkje lukkast å finne informasjon i dagbøkene om når og kvar delane av originalskulpturen dukka opp. Dei ulike delane er teikna i målestokk 1:2 på ei udatert og usignert tegning i arkivet. (Fig. 2) I tillegg til midtdelen er det også teikna inn fire fragment av hjørnetårna.
I katalogen er teikninga innført mellom teikningar som er datert 1899 og 1905, men må vere eldre. Streken minner om arkitekt Lars Solberg, som var arkitekt Christie sin assistent mellom 1884 og 1891, eller kanskje Alf Hofflund, som var assistent mellom 1886 og 1899. Det var i 1880-åra at dei fleste skulpturfunna vart gjort, særleg ved rivinga av nyare murar i koret og tårnet. Både skulpturar, gravsteinar og profilsteinar var brukt som fyllmasse i dei over 2 m tjukke murane. Inntil vidare må vi derfor rekne med at skulpturrestane dukka opp i slutten av 1880-åra.
Etter brannen Erkebispegarden i 1983 «forsvann» skulpturen i kaoset av tusenvis av steinar. Alle hyllene i magasinet – som var ein stor kjellar kjent som «Båthuset» - var av treverk som brann opp, og alle steinane raste saman og vart liggande i store røyser. Etter lang tids opprydding og flytting er steinsamlinga no på ny katalogisert og mesteparten av steinane identifisert.
Mot slutten av arbeidet dukka også restane av «mannen i midten» opp, sterkt brent og knust i fleire delar. Fleire viktige bitar manglar enno, som tre delar av tårna, hodet på skulpturen og eit stykke av midtpartiet, men det er håp om at dei stadig kan finnast og samanførast med resten av skulpturen. Det meste er likevel bevart og kunne settast saman. Eit midtriss på baksida viser at midtpartiet hadde ei breidde på 41cm. Hjørnetårna stakk ca. 4-5 cm ut på kvar side, noko som gir ei største breidde på 20 tommar eller ca. 50

Fig. 2: Kopi frå 1941 av udatert oppmåling (nr. 2004 i NDRs arkiv) av dei ulike delane av skulptur etter oppdaginga, truleg 1880-åra. Copy dated 1941 of undated drawing of the remnants of the original sculpture, probably made in the 1880s.
cm. Den største høgda – målt på hjørna – var truleg tilsvarande, og breidda er ca. 30 cm, slik at skulpturen er hogd ut av ei firkanta blokk på 50 x 50 x 30 cm (eller 20 x 20 x 12 tommar). Steinen ligg i magasinet vårt på Dora og har nummer 11215.
Skulpturen består av ei borg i miniatyr, forma som eit rektangulært mellomstykke med rettvinkla brystvern på alle fire sidene. Det er flankert av to runde hjørnetårn, forma som søyler med base. Tårna er øverst utforma som eit søylekapitél med fire stk. trepassforma brystvern (krenellering), og kvart brystvern har ei grunn nisje. Tårnveggen har fleire 1-2 mm grunne nisjer eller markeringar av vindauge av ulik form; både runde, firpassforma og høgsmale. Undersida av skulpturen er hogd i ein butt vinkel som ser ut som avtrykket av ein gavl. Baksida av skulpturen er glatthogd og viser at denne sida ikkje var synleg, men sto inntil eller nær ein vegg.
Når vi ser bort frå brannskadene, er overflatene svært godt bevart med lite spor av forvitring. På undersida er meiselspora heilt «ferske», og dei godt bevarte overflatene tyder på at skulpturen ikkje har stått utsett for vér og vind i lang tid, om i det heile.
Bak brystvernet og ‘inne’ i borga står restane av ein mannsfigur, der skuldrane og nedre del av hodet var bevart, med ein hårkrøll på kvar side og rest av ei tettsittande lue som var knytta under haka, slik fleire andre skulpturar i samlinga også

Fig. 3: Arkitekt Nils Ryjords framlegg til vestfronten i arkitektkonkurransen i 1907-08. NDR arkivfoto 1730 Architect Nils Ryjord’s reconstruction of the west front, for the competition of 1907-08.


Fig. 5: Arkitekt Lars Solbergs framlegg til rekonstruksjon av skulpturen. NDR arkivfoto 1751 Architect Lars Solberg’s mistaken reconstruction of the original sculpture. Fig. 4: Arkitekt Nils Ryjords oppmåling av restane av skulpturen i 1907-08. NDRs arkiv Architect Nils Ryjord’s drawing of the remnants of the sculpture in 1907-08.
viser. Slike hetter var typiske for arbeidsfolk i mellomalderen, så dette var ingen geistleg eller høgtståande verdsleg person. Mannen har lent seg fram over brystvernet, og begge armane strekte seg over muren ved sidan av tårna, men det er berre spora igjen etter armane.
Tolking av skulpturen som eit ornament på ein gavltopp må vere korrekt, men kva for ein gavl? Den butte vinkelen gjorde at skulpturen er tolka som toppen på gavlen over korsfestingsgruppa på vestfronten. Både Lars Solberg og Nils Ryjord plasserte han slik i kvart sitt utkast til arkitektkonkurransen om vestfronten i 1907-08. I Ryjord sitt utkast med namnet «Te Deum Laudamus» (Fig. 3) inngår på Blad 8 ei nøye oppmåling av skulpturen, men utan å rekonstruere dei manglande delane av figuren i detalj. (Fig. 4) Lars Solberg tolka i sitt konkurranseutkast, som ikkje er bevart, figuren som ein Kristusfigur med glorie. (Fig. 5) Solberg plasserer Kristus ståande heilt inne i borga, utan dei utstikkande armane. Ingen av dei gir ei tolking av figuren eller forklaring på rekonstruksjonen.

Fig. 6: Den rekonstruerte skulpturen, utført i 1916 etter modell av domkirkearkitekt Olaf Nordhagen. NDR arkivfoto 2572 The reconstructed sculpture, modeled by Cathedral Architect Olaf Nordhagen and made in 1916.
Nokre år seinare, i 1916, vart ein rekonstruksjon av figuren hogd i stein og plassert på gavlen over korsfestingsgruppa, der han står i dag. Eit fotografi i arkivet av den ferdighogde steinen er datert 5. oktober 1916, og katalogen opplyser at det er domkyrkjearkitekt Olaf Nordhagen som har modellert steinen. (Fig. 6) Kven som hogde steinen er dessverre ikkje opplyst.
Fotografiet frå 1916 viser at det er gjort fleire endingar frå originalen: det er langt færre vindu, og brystverna på tårna er gjort rettvinkla, ikkje trepassforma. Midtfeltet er gjort heilt glatt. Steinen er også hogd i eitt med gavltoppen, medan den originale skulpturen var plassert fritt oppå sjølve gavlen. Mannen samlar hendene over gavlmønet, noko som originalen heller ikkje gir grunnlag for å seie sikkert. Teikninga nr. 2004 tyder heller på at venstre underarm var horisontal. Han kunne derfor like gjerne ha hatt eit verktøy eller ein gjenstand i hendene. Kanskje er det ein byggmeister eller ein steinhoggar?

Fig. 7: Symbolsk arkitektur som framstiller det himmelske Jerusalem på øvre delen av ein gravstein frå Sakshaug kyrkje i Trøndelag, lagt over presten Peter som døde i 1286. Symbolic architecture depicting the Heavenly Jerusalem, on the upper part of the gravestone of the priest Peter, who died in 1286, from Sakshaug Church.
Datering Miniatyrarkitekturen på borga gir eit visst grunnlag for datering. Vi finn liknande arkitektur på fleire av marmorgravsteinane i Domen og andre stader i Trøndelag, og disse er datert til 12-1300talet. (Fig. 7) Der symboliserer dei det himmelske Jerusalem, med tak og tårn og krenellering. Vi finn dei same vindua på gravsteinane, både runde, firpassforma og høgsmale, som på denne skulpturen. Vi kan også kome fram til ei nærare datering: Nidarosdomen vart herja av ein kraftig brann i 1328 som kravde ei stor restaurering. Den best bevarte bygningsdelen frå denne gjenoppbygginga er korbogeveggen mellom koret og oktogonen, og der finn vi fleire døme på brystvern (krenellering) både i stort og lite format. Dette er påvirka av engelsk arkitektur, der slik krenellering var eit svært populært element i arkitekturen på 1300-talet, også på kyrkjer.
Midt i korbogeveggen står eit frittståande, åttekanta kapitel dekorert med åtte hoder og krenellering og skyteskår (sjå fig. 1 i min artikkel «Skulptur, sølv og suvenirar»). I Museet Erkebispegården står ein rekonstruert bueåpning, kanskje frå lektoriet (galleriet) under tårnet, der vi også finn eksempel på slik mikroarkitektur. (Fig. 8) Søylebasane er rikt dekorerte med grindverksvindu, både spisse og firpassforma, og mellom dei står små sirkelforma opningar som er bora
langt inn i steinen. Alle er utheva med ein smal profil og svært fine detaljar, og er utan tvil meint å skulle opplevast på nært hald.
På denne skulpturen er derimot vindusåpningane svært enkle og grunne. Det gjer dei vanskelege å oppdage på avstand, også om dei var framheva med maling. Så sjølv om dette er to heilt ulike måtar å lage slik mikroarkitektur på, så skal begge skulpturane opplevast på nært hald. Kopien står i dag ca. 10 m over bakken, og berre hovedtrekka kan skimtast derifrå, sjå fig. 1. Han er plassert på ein prydgavl (wimperg) som stikk opp over sålbenken på det store midtvinduet, slik at han er frittståande og delvis sperrar utsikta til Rosevinduet. Originalen er glatthogd på baksida, og ser heller ut til å ha stått inntil ein vegg. Dersom originalen var laga for å stå fritt, så ville truleg baksida også ha blitt rikare dekorert.
Etter 1328-brannen skjedde det store ombyggingsarbeid på Domen, ikkje berre i oktogonen. Også vestfronten er blitt endra, og det er etter mitt syn først no det store vinduet i veggen vart sett inn, det som vi kallar Rosevinduet i dag. Det kan diskuterast om grindverket var forma som ei rose, slik det er rekonstruert, eller som eit tidstypisk grindverksvindu slik det var vanleg i samtida. Brage Irgens Larsen har foreslått at det var no korsfestingsgruppa over midtportalen vart sett inn, og det er truleg rett. Dersom «mannen i midten» sto på ein gavl over korsfestinga, så er skulpturen samtidig, dvs. frå ca. 1330-40.
Men det var også mange andre tenkelege plasseringar, både inne og ute. Seinare brannar og ombyggingar i mellomalderen har, med unntak av oktogonen, øydelagt det aller meste av bygningsdelane som vart laga etter 1328-brannen, og restaureringsarbeida frå 1869 og framover tok knekken på resten.
Tolking Det er aldri gjort ei skikkeleg analyse av denne skulpturen, og dei bevarte delane er heller ikkje så lette å tolke. Figuren er ein verdsleg og jordisk mann, ikkje ein engel eller helgen. Det er heller ingen ting som tyder på at dette var ein konge, som gjerne budde i ei borg. Trondheims byvåpen frå slutten av 1200-talet viser nettopp ein konge ståande i ei borg ved sidan av ein erkebiskop i ein katedral.
Mannen bar ei tettsittande lue festa under haka, av same type som arbeidsfolk brukte i mellomalderen, og det er ingen ting i vegen for at dette var ein steinhoggar. Mannen kunne halde verktøy eller reiskap i dei manglande hendene, ikkje berre samla dei slik som på 1916-kopien. Det mest spesielle er at mannen lener seg fram over borgmuren, og held begge hendene utanfor muren. Borgsymbolikken som eit bilde på det himmelske Jerusalem var godt kjent frå 1200-talet og framover, og det himmelske Jerusalem eller Paradis vart gjerne framstilt som ei ei borg med tårn og tindar. Symbolikken blir stadig brukt i salmar som «Eg veit i himmelrik ei borg» og Martin Luthers «Vår Gud han er så fast ei borg», begge dikta tidleg på 1500-talet.
Men kanskje ligg det ingen større symbolikk i dette. Kanskje var det berre ein god idé å dekorere ein gavl med eit så fint toppornament? Skulpturen var sikkert også i mellomalderen ei kjelde til spørsmål frå pilegrimar og andre besøkande. Kanskje fekk dei same svaret som i dag: vi veit ikkje.

Fig. 8: Miniatyrarkitektur på ein søylebase på sålbenk frå ein innvendig skrankevegg i Nidarosdomen. Første halvdel av 1300-talet. Miniature architecture on a shaft base from a screen wall in Nidaros Cathedral, ca. 1300 – 1350.