13 minute read

Øystein Ekroll Skulptur, sølv og suvenirar

Øystein Ekroll

Skulptur, sølv og suvenirar

Sculptures, Silver and Souvenirs

Fig. 1: Suvenirfotografi av det åttekanta kapitelet i korbogeveggen i «kabinettformat», 1870-talet. Fotograf: Hans Krum. NDR arkivfoto 0056 Souvenir photo of the octagonal capitel in the choir screen wall, 1870s.

Nidarosdomen er det viktigaste reisemålet i Trondheim, og mange vil gjerne ha med eit minne om besøket. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) har nesten sidan starten i 1869 hatt inntekter av suvenirsalg. «Utsalget» for suvenirar var i lange tider eit lite bord i kyrkja, seinare ein kiosk med luke og i dag er det ein heil butikk i Besøkssenteret ved Vestfrontplassen. Dei første suvenirane var fotografi av Domen i ulike storleikar, (Fig. 1) etter kvart også postkort og guidebøker. Alle fotografia var til salgs «til Indtægt for Restaurationen af Throndhiems Domkirke». Inntektene var samla i «Fotografikassen» som eksisterte til 1990-talet, og som var eit lite «fond» utanfor det ordinære budsjettet, og som vart brukt til studiereiser, stipender og andre ting som departementet ikkje tillét å bruke den årlege statsløyvinga til. Alle skulpturar og ornament, både gamle og nye, vart frå 1870-åra systematisk fotograferte og avstøypte i gips. Alle gipsavstøypingar av skulpturar på Domen kunne kjøpast på bestilling, frå dei minste og heilt opp til den 220 cm høge statuen av St. Johannes på Vestfronten. Mange av steinhoggarane laga også – offisielt på fritida – små gjenstandar av kleberstein som skrin og skulpturar, som dei selde direkte til turistane i sommarhalvåret (meir om dette i neste årbok).

Den stadig veksande turismen skapte også ein marknad for andre produkt. Fleire av byens gull- og sølvsmedar utvikla ei lang rekke med produkt som hadde Nidarosdomen som motiv. Ofte var det eit relieff eller gravering av heile Domen, som regel sett frå nordaust som var den beste sida. (Fig. 2) Vestfronten var stadig ein uferdig byggjeplass og lite eigna som motiv før etter 1969. Til gjengjeld er det i dag vestfronten som er det dominerande motivet på suvenirane.

Dei mange fine detaljane, både ornament og skulpturar, vart også eit populært motiv. Kjende gullsmedfirma som Henrik Møller (etablert 1770), Ole Aas (etablert 1874), Odin Domaas (etablert

Fig. 2: Nidarosdomen på melkekvit glasplate, til oppstilling som eit fotografi, ca. 1890. NDRs samlingar View of Nidaros Cathedral printed on glass, souvenir from ca. 1890.

Fig. 3: Kongebyste med skriftrull på korbogeveggen, ca. 1330-40. Hodet er frå 1880-tallet. Foto: Dino Makridis/NDR Bust of king holding a parchment roll, on the choir screen wall, ca. 1330-40. Fig. 4: Ole Laulos gipsmodell til nytt hode på kongefiguren. Fotograf Hans Krum 1871-2. NDRs arkiv Ole Laulo’s plaster model for a new head for the king, 1871-72 Fig. 6: Kongefiguren brukt som motiv på skaftet til serveringsskei, utført av gullsmed Johannes Odde. P.e.

Fig. 5: Ole Laulos kongehode brukt som motiv på brosje. P.e. The king’s head used a motif on a silver brooch.

1885) og mindre kjende i dag som Johannes Odde (1868 el. 70 – 1939), Josef Smejda (1870 – 1934, etablert 1899) eller Christiansen & Svendsen produserte gjenstandar i sølv med slike motiv. Dette var delvis smykker som brosjer, ringar, mansjettknappar og spenner, og delvis bestikk og anna bordutstyr av ulike typer. Mange små medaljongar kunne også kombinerast til armband og belter. Omkring år 1900 vart motiva frå Nidarosdomen ofte kombinert med den nasjonalromantiske «dragestilen» som var inspirert av dekoren på stavkyrkjene og vikingtidsgjenstandar, særleg dei nyoppdaga Oseberg- og Godstadskipsfunna.

På denne måten vart ei gruppe av Nidarosdomens skulpturar spreidd langt utover, og NDR får jamnt spørsmål frå folk som har kjøpt eller arva slike ting, om datering og identifisering av motiva. Det er også interessant å undersøke korleis gullsmedane har tolka motiva. Er smykka nøyaktige etterlikningar, eller har gullsmedane tolka originalane fritt? Korleis vart motiva overført til smykka?

Ein studie av ei gruppe metallgjenstandar, både av sølv, sølvplett og nysølv, kan gi ein del svar på dette. Den første og viktigaste observasjonen er at så godt som alle motiva er henta frå oktogonen og korbogeveggen. Begge vart restaurert mellom 1871 og 1877 og godt dokumentert med foto og avstøypingar. I 1880-åra vart det også modellert ei lang rekke med små skulpturar til dei nye kvelvingane i koret, og eit par figurar herifrå er også brukt som motiv. Det styrkar tanken om at gullsmedane sitt arbeidsgrunnlag ikkje var originalskulpturane, men gipsavstøypingar eller aller helst fotografier utført under restaureringa av oktogonen.

Korbogeveggen Her var det særleg to skulpturar som er brukt, byster av ein konge og ein biskop som flankerer den store midtbogen. Kongen held i venstre hand ein skriftrull og peikar med høgre hand på rullen. (Fig. 3 & 4) Figuren vart sterkt restaurert i 1871-72, og fekk truleg nytt hode utført av Ole Laulo. Kongehodet vart brukt som enkeltmotiv i form av brosjer, og heile figuren er brukt på ei 25,5 cm lang serveringsskei av sølv utført av gullsmed Johannes Odde (1870 – 1939) i Munkegata 25. (Fig. 5 & 6) På skeibladet er i tillegg gravert Trondheims bysegl frå 1200-talet, med ein konge og ein erkebiskop. Interessant nok

Fig. 7: Ole Laulos gipsmodell til nytt hode på erkebiskopen, utskifta midt på 1880-talet. Fotograf Hans Krum 1871-71. NDRs arkiv Ole Laulo’s plaster model for the new head for the archbishop, 1871-71, replaced in the mid-1880s. Fig. 8: Hode av erkebiskopen på korbogeveggen brukt som motiv på brosje. P.e. The head of the archbishop on the choir screen wall, used as motif for a brooch.

er grunnlaget for denne skulpturen modellen som var utforma av Ole Laulo i 1871-72. Erkebiskopen er m.a. brukt på ein brosje. (Fig. 7 & 8) Arkitekt Christie likte ikkje denne skulpturen og fekk hodet erstatta med det noverande ca. 1885, men det har ikkje gullsmeden fått med seg.

Utvendig Utvendig på oktogonen, under vindauget på søndre oktogonkapell, står ein liten skulptur av ein biskop med krokstav i venstre hand og høgre handa løfta til velsigning. Før 1872 mangla både hodet og høgre handa, som Ole Laulo gjenskapte. Denne biskopen er framstilt på ei 21,5 cm lang sølvskei utført av gullsmed Ole Aas og ein brosje. (Fig. 9, 10 & 11)

Gesimsen under takskjegget til oktogonen har 24 hoder med ulik utforming, utførte omkring år 1200. Det mest kjende av dei er ofte kalla «kong Sverre». Dette er eit fantasinamn, men bildet er brukt i mange bøker som illustrasjon på korleis denne kongen såg ut. Originalen vart skifta ut med ein kopi i 1870-åra og står i dag utstilt i Museet Erkebispegården. Det finst fleire variasjonar av dette motivet, og ikkje alle er like trufaste mot originalen. Det ser heller ut som at det er kopien, utført av Ole Laulo, som er modellen for gullsmedarbeida. Hodet er brukt m.a. på eit par mansjettknappar. (Fig. 12, 13 & 14)

Det gotiske koret hadde også skulpturkonsollar under gesimsen, mange av dei utforma som grotesker eller fantasivesen. Ein av dei er eit vesen medtre ansikt. Disse figurane passa godt til små objekt, t.d. til medaljongar eller mansjettknappar. (Fig. 15 & 16)

Fig. 9: Byste av erkebiskop frå ca. 1200 på søndre oktogonkapell, restaurert med nytt hode og høgre arm av Ole Laulo ca. 1875. NDR arkivfoto 0221. Bust of an archbishop Fig. 10: Erkebiskopen brukt som motiv på sølvskei utført av gullsmed Ole Aas, etter 1875. P.e. The archbishop used as motif on a silver spoon, after 1875. Fig. 11: Erkebiskopen brukt som motiv på brosje. P.e. The archbishop used as motif on a brooch.

Fig. 13: Ole Laulos «kong Sverre» brukt som motiv for brosje i sølv. P.e. «King Sverre» used as motif for a silver brooch.

Fig. 12: Ole Laulos kopi av kongehode på oktogongesimsen, kjent som «kong Sverre», ca. 1875. NDR arkivfoto 0248 Ole Laulo’s copy of a king’s head, called «King Sverre», on the octagon cornice, ca. 1875

Fig. 15: Gesimskonsoll på koret, utforma som grotesk vesen med trefaldig ansikt, ca. 1220-30. Fotograf Erik Olsen. NDR arkivfoto 0290 Three-in-two-faced corbel on the chancel cornice, from ca. 1220-30.

16: Mansjettknapp med gesimskonsollen som motiv. P.e. Cufflinks with the chancel corbel as motif. Fig. 14: «Kong Sverre» brukt som motiv på mansjettknapp. P.e. «King Sverre» used as motif for cufflinks.

Fig. 17: Byste av smilande mann med krølla hår, oktogonomgangens skrankevegg, ca. 1330-40. Figure of smiling man with curly hair, octagon ambulatory screen wall, ca. 1330-40.

Fig. 19: Hode av erkebiskop i midtrommet i oktogonen på nordsida, ca. 1330-40. NDR arkivfoto 0354 Archbishop’s head in the central room of the octagon, ca. 1330-40.

Innvendig Skrankeveggen langs omgangen eller ambulatoriet inne i oktogonen har ei rik samling skulpturar som vart laga ved gjenoppbygginga etter brannen i 1328. Nokre er naturalistiske, medan andre er fantasifulle vesen som er ei blanding av menneske og overnaturlege vesen. Ved inngangen til omgangen på nordsida står ein byste av ein smilande mann med kraftig, krølla hår. Ansiktet hans er brukt i fleire samanhengar, m.a. som dekor på eit omslag. (Fig. 17 & 18) På innsida, hogd ut i same steinen, står hodet av ein erkebiskop. Det er også brukt som medaljong på armband, belter o.l. (Fig. 19 & 20)

Eit kapitel viser to skapningar med menneskeansikt, kledd i hetter med lang ‘strut’, og kroppar som endar i ein slags hale. Gullsmed Møller har laga ein versjon av dette kapitelet som brosje, men her er overflata dekt med små hakk eller merker, medan originalen er heilt glatt. (Fig. 21 & 22)

To av kapitela viser ein kvinneleg og ein mannleg skapning som gullsmed Møller har brukt som motiv til brosjer med skiftande detaljar. Arbeidet er av høg kvalitet, med oksydering av sølvet som

Fig. 18: Den smilande mannen brukt som dekorbeslag. P.e. The smiling man used as motif on a fitting.

Fig. 20: Erkebispehodet brukt som motiv på brosje. P.e. The archbishop’s head used as motif on a brooch.

Fig. 21: Kapitel i oktogonomgangen med to skapningar med «struthette», ca. 1330-40. Capital on the octagon ambulatory screen wall, ca. 1330-40.

Fig. 23: Kapitel med kvinneleg skapning med vingar i oktogon- omgangen, fornya i 1870-åra truleg av Ole Laulo. Originalen frå ca. 1330-40. Capital on the octagon ambulatory screen wall, a female creature with wings, made in the 1870s.

gir ei matt overflate. Gullsmeden har tolka motivet ganske fritt, og fleire av detaljane stemmer ikkje med originalen. Kvinnefiguren bygger på eit kapitel frå 1870-åra, med ‘pasjehår’ og vid krage med oppdeling. (Fig. 23 & 24) Mannsfiguren er henta frå eit kapitel som er laga etter brannen i 1328. (Fig. 25 & 26) Mannsansiktet er også brukt åleine som brosje, utan vingane, m.a. på mansjettknappar.

Fig. 22: Kapitelet brukt som motiv på brosje av gullsmed Møller. Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. The capital used as motif on a silver brooch made by g oldsmith Møller.

Fig. 24: Kapitelet brukt som motiv på brosje utført av gullsmed Møller. Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. The capital used as motif on a brooch made by goldsmith Møller.

Fig. 25: Kapitel med mannleg skapning med vingar i oktogonomgangen, ca. 1330-40. Capital on the octagon ambulatory screen wall, male creature with wings, ca. 1330-40.

Fig. 26: Kapitelet brukt som motiv på brosje. P.e. The same capital used as motif on a silver brooch.

Fig. 27: Dobbel kvelvspringfigur i midtskipet i koret, nyskapt i 1890. NDR arkivfoto 0571 Vault spring figure in the central nave of the choir, made in 1890.

Fig. 28: Beltespenne med motiv frå kvelvspringfiguren i koret, utført av gullsmed Møller. P.e. Silver belt bucle with vault spring figures, ca. 1890

Ved gjenoppbygginga av midtskipet i koret i 1880-åra utstyrte arkitekt Christie veggane med ei stor gruppe skulpturar. Kvart kvelvspring er flankert av ein dobbelskulptur, og disse var svært godt eigna som motiv for beltespenner til damebelter. (Fig. 27 & 28)

St. Olav tar over Etter 1905 starta gjenoppbygginga av skipet og vestfronten for alvor, og det førte til at fokus gradvis flytta seg til denne delen av katedralen. Spørsmålet omkring korleis vestfronten skulle rekonstruerast førte til mange års strid og kiv, og to arkitektkonkurranser førte til slutt til det resultatet vi ser i dag. I 1920-åra blir planlegginga av 900-årsmarkeringa i 1930 av slaget på Stiklestad og St. Olav eit samlingspunkt. St. Olav erstatta også i stor grad dei gamle skulpturane på suvenirane, og truleg hadde også smaken endra seg. Smykka blir no erstatta av bruksgjenstander, særleg små skeier og serveringsbestikk.

Eit interessant døme er ei marmeladeskei merka «Trondhjem», og som viser den gjenoppbygde domen. (Fig. 29) Dette er imidlertid Olaf Nordhagens modell av 1921 med pyramidetak på alle tårna, men som aldri vart utført.

Også frå 1920-talet stammar ei marmeladeskei med skaft utforma som St. Olav med øks og rikseple, ståande på eit langhalsa dyr med menneskehode. (Fig. 30) Under han står domkyrkja sitt våpen frå ca. 1515 med kors og olavsøks,

Fig. 29: Marmeladeskei med relieff av domkirkearkitekt Olaf Nordhagens utkast til gjenoppbygging av Nidarosdomen, ca. 1921-30. P.e. Marmalade spoon with relief showing Cathedral Architect Nordhagen’s restoration proposal from 1921.

Fig. 30: Marmeladeskei med St. Olav på skaftet og relieff av Nidarosdomen på bladet, 1920-talet. P.e. Marmalade spoon with St. Olav on the handle and a relief of Nidaros Cathedral on the blade, 1920s. Fig. 31: Kakespade med St. Olav på skaftet og relieff av Nidarosdomen på bladet, 1929-30. P.e. Cake server with St. Olav on the handle and relief of Nidaros Cathedral on the blade, 1929-30.

som i dag er våpenet til Den norske kyrkja. På skeibladet er relieff av Domen sett frå nordaust.

Same datering har ein kakespade med St. Olav ståande på eit fantasidyr. (Fig. 31) Under dyret står Trondheimsrosa, og på bladet er eit relieff av Domen frå nordaust og innskrifta «Trondhjems domkirke» med runeliknande bokstavar. Kakespaden er truleg laga til Olavsjubileet i 1930 eller litt tidlegare. Fram mot 1930 var det ein sterk strid om byen skulle skifte namn til Nidaros. Stortinget endra likevel bynamnet i 1930, men den lokale motstanden mot namnebyte var så massiv at etter berre eit halvår vart namnet på nytt endra til kompromisset Trondheim, som er namnet også i dag. Rosa i byvåpenet vart eit symbol på kampen mot namneendring, og er i dag motiv på byflagget. I NDRs suvenirutsalg er det statuen av St. Olav på vestfronten, formgitt av Stinius Fredriksen, som er det viktigaste motivet. Miniatyrutgaver av statuen fås i plast, og i dag også med innbygd minnepinne. (Fig. 32)

Fig. 32: Minnepinne som kopi av St. Olavstatuen på Vestfronten. Selges i NDRs butikk i Besøkssenteret. Memory stick made as copy of the St Olav statue on the West Front. For sale in NDR`s souvenir shop.

This article is from: