
12 minute read
Øystein Ekroll Paramentkista
from Årbok 2021 Bygghytta
by BK.no
Øystein Ekroll
Paramentkista
The Medieval Cope Chest
Av alt det rike inventaret Nidarosdomen hadde i mellomalderen, har berre ein einaste ting overlevd til i dag. Det er den trekanta, store kista som i lang tid har stått i Kapittelhuset, og som no er blitt flytta over til Museet Erkebispegarden. Kista har to måla innskrifter: på eine sida står «For Alder Jeg Æres. Ao. 1304» og på den andre «Reparert og Malt Ao. 1778». Begge innskriftene er frå det siste året. Men er kista verkeleg frå 1304? Og kva skjedde i 1778? Og kva er denne merkelege kista sin funksjon?
Fig. 1: Paramentkista i Kapittelhuset i 2021 før flyttinga til Museet Erkebispegarden. The cope chest in the chapter house in 2021 before it was moved to the Archbishop’s Palace Museum.
Ei merkeleg kiste Ved omvisingar blir ofte folk bedt om å gjette funksjonen til denne kista, som gjerne blir presentert som Norges første ‘funkismøbel’ etter den perioden sitt slagord: form følger funksjon. Og det er funksjonen som har bestemt den trekanta forma på kista, som er nesten ein kvartsirkel. (Fig. 1) Det er også den same funksjonen som gjorde at kista har overlevd til i dag. Det vanlege namnet er «paramentkista», for kista er laga for å oppbevare «paramenter» (av latin: parare = utstyre), som er eit samlenamn på alle dei liturgiske tekstilar og klesplagg som prestane brukar. Kista er rett og slett forma for å innehalde korkåper eller -kapper og messehaklar. I dag er det berre biskopen som brukar slik kåpe (frå latin: capa via engelsk cope) eller kappe og vi talar derfor om bispekåpe, medan alle prestar enno brukar messehakel. Dette er den einaste kista av denne typen som har overlevd i Skandinavia, og vi må til England for å finne dei næraste parallellane.
Korkåpene hadde frå først av form som eit halvsirkelforma tøystykke og var åpne framme, og vart festa saman på brystet med ei stor spenne. (Fig. 2) Messehaklane var derimot sirkelforma som ein poncho med ein opning for hodet i midten, slik at han like stor framme og bak og dekker begge armane. Ved å folde plagga i to får dei nettopp den kvartsirkelforma som ei slik paramentkiste skal ha. Etter kvart starter messehaklane å bli smalare slik at armane blir fri, og mot slutten av mellomalderen har dei fått den smalare forma vi kjenner i dag.
Før reformasjonen brukte alle dei 24 kannikane eller korbrødrene ved Nidarosdomen korkåper og messehaklar. Dei var sydde av dei finaste og mest verdfulle tekstilane som kunne skaffast, som silke og brokade, og kanskje med innvevde gull- og sølvtrådar, og utstyrt med påsydde broderier. Dei vart derfor tunge, og for å unngå strekkskader måtte dei ligge flatt når dei ikkje var i bruk, noko som betyr at dei måtte ligge i ei kiste.

Fig. 2: Bispekåpe frå ca. 1500 i Stavanger domkyrkje, forma som ein halvsirkel. Bishop’s cope from c.1500 from Stavanger Cathedral, shaped like a half circle.
Det er vanskeleg i dag å fatte kor store mengder med liturgiske tekstilar som fanst ved kyrkjene i katolsk tid. Vi har få kjelder om dette, men ei liste frå 1577 fortel at det enno var 48 messehaklar i sakristiet.1 19 av dei var av damask og andre kostbare stoff frå Midt-Austen (damask frå Damaskus i Syria, setterny frå Zetani i Syria og arist frå Arras ved Antiokia). Tolv var av ulike typer silke og andre av fløyel og brokade og dei finaste av gyllenstykke (silke med innvend gulltråd). Mange av messehaklane var nok oppbevart i denne kista. Dette var vel å merke etter at både brannen i 1531, plyndringa i 1532, reformasjonen i 1537 og den svenske okkupasjonen i 1564 sikkert hadde gjort store innhogg i det liturgiske utstyret. Fram til 1869, då restaureringsarbeidet starta, sto kista truleg i Kapittelhuset, som var brukt som sakristi og arkiv. Det er nesten berre her eit slikt møbel kan ha overlevd, for hit inn nådde aldri dei mange brannane. Dei solide romanske kvelvingane tålte alt – heilt til restaureringa starta. Då bestemte arkitekt Schirmer at dei var for ustabile og måtte rivast, og kista blei nok flytta rundt i Domen. Til slutt enda kista, saman med mykje av det andre etter-reformatoriske inventaret, i «Raubua» som ligg i det nordaustre hjørnet av Domkyrkjegarden og som i dag er samanbygd med Bispeboligen. Eit fotografi frå 1903 viser kista inne i dette huset.2 (Fig. 3)
Raubua vart også i lang tid brukt av NDR som lager for gipsavstøypingar og -modellar. I 1955-56 vart Raubua bygd om til glasmaleriverkstad for NDR og bustad for Oddmund Kristiansen, som arbeidde med glasmaleria. I samband med det fekk NDR overta ein del av «Østre Magasin» i Erkebispegarden, og ein stor del av gipsen, alt det gamle inventaret frå Domen pluss arkeologiske funn vart flytta hit. Det enda med katastrofe: ved brannen i 1983 forsvann det aller meste av disse

Fig. 3: Paramentkista lagra i «Raubua» saman med andre eldre inventarsaker frå Nidarosdomen i 1903. NDR arkivfoto 1177 The cope chest stored in the «Red House» together with post-Reformation furnishings from the cathedral in 1903. Archive photo 1177
1 Meddelelser fra det norske Rigsarchiv, bind 2, 1. hefte. Kristiania 1900: 172 – 175; Trygve Lysaker: Domkirken i Trondheim III (Oslo 1973): 11; Helen Engelstad: Alterklær og messeskrud (Oslo 1942): 7 – 12. 2 NDR Arkivfoto 1177, datert 2.4.1903.

Fig. 4: Målsett oppmålingsskisse av paramentkista, utført av arkitekt Wilhelm Swensen i 1959. NDRs arkiv Sketch of the cope chest with measurements, made by Architect Wilhelm Swensen in 1959. NDR Archive
tinga i flammane. Det største tapet var nok det eldgamle, husforma bokskapet (meir om dette i ei seinare årbok).
Konstruksjonen Paramentkista er ei 77 cm høg stolpekiste av furu som eigentleg skulle ha form av ein kvartsirkel, men i staden for ei krum side er kista utforma med to rette, korte sider slik at forma i staden dannar ein uregelmessig firkant. (Fig. 4) Dei bevarte engelske paramentkistene har alle ei krum side, slik at dei utgjer ein kvartsirkel. Nidaroskista har inga ytre krumming – det vart kanskje for komplisert for snekkaren – men dei to rette sidene er lagt som tangentar slik at ein halvsirkel blir liggande innanfor kistesidene. Heller enn ein kvartsirkel er kista altså ein kvart åttekant eller oktogon, som også er ei interessant form i Nidarosdomen. Dei to lengste sidene måler 190 cm, og dei to korte måler 130 cm kvar. Dei tre trekanta hjørnestolpane og ein midtstolpe på baksida tener alle som føter. Sideplankane er innfelt i hjørnestolpane og festa til dei med trenaglar.
Lokket er stort, slik at tekstilane lett kunne leggast ned og takast opp. Det består av nesten heile kista si overside, og er ei ramme med innfelte plankar festa med dyblar. (Fig. 5) Det har to hengsler med ‘kjøttbeinform’, og kistehjørna er forsterka med beslag av same form. Disse stammar truleg frå reparasjonen i 1778. Omkring hengsla er det ei mengde spor etter tynne naglar som stammar frå eldre, rikare hengsler med beslag forma som spiralar eller ranker slik vi kjenner det frå stavkyrkjeportalane. Ved sidan av det eine hengslet står ein rest av eit eldre beslag med to naglar, og under dette ser det ut til å stikke fram skinn. Det kan bety at kista var kledd med lær under beslaga, kanskje med rustbrun farge.
Kista blir i dag låst med ein solid, svært gammal hengelås gjennom to bøylar på det spisse hjørnet, og det var sikkert slik i mellomalderen også. Det er ingen spor etter ein fast lås. To eldre bøylar som viser på 1903-fotografiet er borte. Alle dei engelske kistene har opninga på motsett side, d.v.s. at ein står ved den krumme sida når lokket skal opnast.
I 1715 vart Kapittelhuset reparert innvendig med kalking og pussing, og året etter vart «Kisten» og «Brevskabet» reparert av Povel Melhorn. Kista er merkeleg nok ikkje omtalt av Gerhard Schøning i boka om Nidarosdomen frå 1762. Kanskje forsto han ikkje kva dette var, eller kor gammal kista var? Eller var kista alt då gått ut av bruk og flytta ut? Men Schøning omtaler heller ikkje det store, husforma bokskapet som truleg også sto i sakristiet. Derimot nemner han i ein fotnote ein prektig stol, kanskje erkebiskopens tronstol, som sto i nordre oktogonkapell, og som på ryggen var måla med bilete av St. Olav, St. Hallvard og St. Øystein.3 Denne er tragisk nok forsvunnen utan spor, kanskje auksjonert bort i 1860 saman med anna kassert inventar som skrap.
I 1778 var Frederik Marcus Bang biskop i Nidaros, og han var historisk interessert. Han oppretta m.a. det første bispegalleriet for eigne midlar. Han sto bak ei ny oppussing av Kapittelhuset, med pussing og kalking av det innvendige.
3 Gerhard Schøning: Beskrivelse over Dom-Kirken i Throndhjem, Throndhjem 1762: 87

Fig. 5: Oppmåling av paramentkista med plan og snitt, utført av arkitekt Wilhelm Swensen i 1959. Merk naglespora etter mellomalderske, rikt utforma smijernsbeslag. NDRs arkiv Survey of the cope etter chest, made by Architect Wilhelm Swensen in 1959. Notice the rivets showing the pattern of the medieval richly wrought iron hinges. NDR Archive


Fig. 6 a & b: Dei to måla innskriftene «For Alder Jeg Æres Ao. 1304» og «Reparert og Malt Ao. 1778». The two painted inscriptions «I Am Venerated For My Age» and «Repaired and Painted Ao. 1778».
Roald Thomessen fekk betalt for å måle kister og skap, så det er nok han som har måla den gamle kista med dei to innskriftene.4 (Fig. 6) Restaurert og redda Æra for å ha redda kista må tilskrivast arkitekt Wilhelm Swensen, som var byggeleiar ved NDR 1946 – 65. I august 1948 etterlyste Swensen kista, men leiting i Raubua var først resultatlaus. Til slutt dukka kista likevel opp, og det tyder på at Raubua var stuva full frå golv til tak.5
I juli 1952 vart kista henta ut og stilt opp i Lektoriet (Kvinnenes Minnekapell). Tilstanden var ikkje god: både baksida og alle bakbeina var borte, men dei to hovedsidene og lokket var heile.6 Restaureringa av paramentkista med nye føter og ny bakside vart utført til 800-års jubileet for Nidaros Erkebispesete i 1953, og kista var ein del av utstillinga av eldre kyrkjeutstyr då.7 Begge dei to korte baksidene, tre av beina, nesten halve botnen og den bakarste planken på oversida er
4 Lysaker 1973: 210 5 Byggmesterens dagbok 1943 – 1962, august 1948 6 Byggmesterens dagbok 1943 - 1962, 22.7.1952 7 Wilhelm Swensen 1959: «For alder jeg æres». En middelaldersk paramentkiste fra Nidarosdomen. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Forhandlinger, bind 32 nr. 6 (Trondheim 1959): 41

Fig. 7: Paramentkista plassert i Nordre Oktogonkapell etter restaurering og komplettering ca. 1960. NDR arkivfoto 5428 The cope chest placed in the Octagon’s North Chapel after restoration c.1960.
nye. Målinga stammar frå 1778, og skal imitere marmorstein med årer, slik det var på moten i denne tida. Bakgrunnen er mørkegrøn, og sidefelta er grågule.
Ifølge dagboka skulle Riksantikvarens fargekonservatorar undersøke kista, både Finn Krafft i 1952 og Ove Kvale i 1956, og det kan vere ein av disse som har måla dei nye delane i same stil og teknikk som målinga frå 1778. Swensen skreiv ein liten artikkel om kista i 1959, som er den einaste undersøkinga av kista.8 Her samanliknar han «vår» kiste med ei gruppe engelske paramentkister. Han skriv at kista då stod i NDR sine samlingar i Erkebispegarden, og ho kom altså ikkje tilbake til Domen før tidlegast i 1960. Kista sto først i nordre oktogonkapell, og vart deretter flytta inn i Kapittelhuset. (Fig. 7) Som pensjonist skulle Swensen skrive verket om Nidarosdomen etter reformasjonen, som eit framhald av Gerhard Fischer sine to bind om Domen i mellomalderen som kom ut i 1965. Det gamle inventaret skulle inngå i denne boka. Men Swensen døde brått i 1966 før han for alvor kom i gang med skrivearbeidet. Trygve Lysaker tok over arbeidet med den etter-reformatoriske perioden, og verket var ferdig i 1973.
I det siste har Domen fått gode skap med skuffer til alle tekstilane, og derfor er paramentkista gått ut av bruk for godt og blitt flytta til mezzaninen i Museet ved sidan av Olavsfrontalet.
Engelske paramentkister I engelske katedralar er det bevart ei lita gruppe på sju slike ‘cope chests’ som liknar på denne kista, men dei er alle laga av eik. I Salisbury står den største, som er halvsirkelforma med ein diameter på fire meter. Det må to mann med tau og talje til for å løfte lokket! (Fig. 8) Der ligg korkåpene heilt flatt og ubretta. Dei andre kistene er alle kvartsirkelforma (Wells (2 stk.), York (2 stk.), Glouchester og Westminster Abbey), og her ligg kåpene bretta i to. Dei to kistene i York er forma som ein kvartsirkel med ein diameter på 190 cm og er 79 cm høge, altså nesten heilt identiske mål som «vår» kiste. Dette er også stolpekister med sideplankar som er innfelt i ein fals og nagla til hjørnestolpane. Lokka er todelte, kanskje på grunn av tyngda av det massive eiketreet. Begge kistene har bevart rike smijernbeslag på lokket av liknande type som Nidaroskista må ha hatt.
8 Swensen: 38 – 43.

Fig. 8: Paramentkista i Salisbury Cathedral, den største av alle og forma som ein halvsirkel med diameter 4 meter. Foto: Wikimedia Commons The Salisbury Cathedral cope chest, the largest in existence. It is shaped like a half-circle, and its diameter is 4m.
Dei bevarte engelske kistene er datert til perioden 1260 – 1300, og slike plasskrevande kister vart på 1300-talet avløyst av skap som tok langt mindre golvplass. Det er bevart ei stor gruppe slike skap i Nord-Europa. Men då måtte paramenta enten henge i skapet eller foldast pent saman og ligge på hyller. Dei nesten identiske måla på Nidaroskista og dei engelske paramentkistene viser at dei same typene liturgiske klesplagg vart brukt både i York og Nidaros.
Datering av kista Kva var grunnlaget i 1778 for å datere kista til akkurat 1304? Årstalet var neppe henta ut av lause lufta. Kan det ha stått måla på kista? Eller var årstalet forma i smijern? Ei nærare undersøking kan kanskje gi svar på dette. Som vi har sett, er dei engelske kistene daterte til perioden 1260 – 1300 sjølv om ingen av dei har sikre årstal, så årstalet 1304 passar godt saman med dei engelske. At kista skal ha blitt laga i 1304 er kanskje ikkje heilt tilfeldig: omkring år 1300 skjedde det ei stor reorganisering av det indre av Domen. På denne tida sto det store gotiske skipet, eller i alle fall vestfronten med tårna, endeleg ferdig. I 1309 kjøpte adelsmannen Bjarne Erlingsson til Bjarkøy gravstad til seg og familien under golvet i det søre vestfronttårnet, som i brevet blir kalla «det nye verket» og derfor nokså nyleg var fullført. Det gav meir plass til presteskapet og til fleire alter, og kanskje også plass til fleire oppbevaringsmøblar? Kanskje var det først no at kapellet på nordsida av koret vart omgjort til kapittelhus? Og at det vart markert med bygginga av ei stor paramentkiste etter engelsk modell?