Årbok 2021 Bygghytta

Page 114

Øystein Ekroll

Skulptur, sølv og suvenirar Sculptures, Silver and Souvenirs Alle skulpturar og ornament, både gamle og nye, vart frå 1870-åra systematisk fotograferte og avstøypte i gips. Alle gipsavstøypingar av skulpturar på Domen kunne kjøpast på bestilling, frå dei minste og heilt opp til den 220 cm høge statuen av St. Johannes på Vestfronten. Mange av steinhoggarane laga også – offisielt på fritida – små gjenstandar av kleberstein som skrin og skulpturar, som dei selde direkte til turistane i sommarhalvåret (meir om dette i neste årbok).

Fig. 1: Suvenirfotografi av det åttekanta kapitelet i korbogeveggen i «kabinettformat», 1870-talet. Fotograf: Hans Krum. NDR arkivfoto 0056 Souvenir photo of the octagonal capitel in the choir screen wall, 1870s.

Nidarosdomen er det viktigaste reisemålet i Trondheim, og mange vil gjerne ha med eit minne om besøket. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) har nesten sidan starten i 1869 hatt inntekter av suvenirsalg. «Utsalget» for suvenirar var i lange tider eit lite bord i kyrkja, seinare ein kiosk med luke og i dag er det ein heil butikk i Besøkssenteret ved Vestfrontplassen. Dei første suvenirane var fotografi av Domen i ulike storleikar, (Fig. 1) etter kvart også postkort og guidebøker. Alle fotografia var til salgs «til Indtægt for Restaurationen af Throndhiems Domkirke». Inntektene var samla i «Fotografikassen» som eksisterte til 1990-talet, og som var eit lite «fond» utanfor det ordinære budsjettet, og som vart brukt til studiereiser, stipender og andre ting som departementet ikkje tillét å bruke den årlege statsløyvinga til.

112

Den stadig veksande turismen skapte også ein marknad for andre produkt. Fleire av byens gullog sølvsmedar utvikla ei lang rekke med produkt som hadde Nidarosdomen som motiv. Ofte var det eit relieff eller gravering av heile Domen, som regel sett frå nordaust som var den beste sida. (Fig. 2) Vestfronten var stadig ein uferdig byggjeplass og lite eigna som motiv før etter 1969. Til gjengjeld er det i dag vestfronten som er det dominerande motivet på suvenirane. Dei mange fine detaljane, både ornament og skulpturar, vart også eit populært motiv. Kjende gullsmedfirma som Henrik Møller (etablert 1770), Ole Aas (etablert 1874), Odin Domaas (etablert

Fig. 2: Nidarosdomen på melkekvit glasplate, til oppstilling som eit fotografi, ca. 1890. NDRs samlingar View of Nidaros Cathedral printed on glass, souvenir from ca. 1890.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Forfatterne

1min
pages 145-148

Norsk Lyspris til Nidaros domkirke

1min
pages 142-144

Marie Louise Anker Ny belysning i Nidaros domkirke

16min
pages 132-141

Atle Elverum Fra ett kontor til alles hjemmekontor

5min
pages 122-125

Gunn Bergmann Nidarosdomen - arbeidsplass for horgbygger gjennom 150 år

11min
pages 126-131

Eva Hansen og Øystein Digre Brosteinsverkstedet

1min
pages 112-113

Øystein Ekroll Skulptur, sølv og suvenirar

13min
pages 114-121

Jens Strassegger Støping av messing

5min
pages 108-111

Eva Stavsøien og Johannes Klem Toppstein til våpenhusets gavl, Vår Frue kirke

14min
pages 100-107

Joseph Carter Dama og isbjørnen fra Bjørnsund

11min
pages 84-91

Chris Pennock Restaurering av Lagmannstovas kjellervegg

14min
pages 92-99

Oddmund Aarø Ikke bare stein i en steinbygning

9min
pages 70-77

Øystein Ekroll Paramentkista

12min
pages 78-83

Øystein Ekroll Mannen i midten

10min
pages 60-65

Chris Pennock Beinlimets fortreffelighet

5min
pages 66-69

Steinhuggermerkene i Nidarosdomen – utforsking gjennom 150 år

13min
pages 42-49

Laila Strøm-Rognhaug 3D-modell av korets nordre fasade

5min
pages 32-35

Ronald Hübner Fasadeinspeksjoner ved Nidarosdomen

9min
pages 20-25

Rune Langås Bygghytta - Årbok 2021

12min
pages 6-11

Anita Gjersvold og Magnus A. Vartdal Punkteringsapparat – et kopieringsverktøy

10min
pages 36-41

Kristin Bjørlykke Kongeinngangen og den mystiske trappen i veggen

19min
pages 50-59

Henning Grøtt Parapeter – takrenner til besvær

11min
pages 26-31

Eva Stavsøien og Jan Strand Tilbake til Grundnes

13min
pages 12-19
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Årbok 2021 Bygghytta by BK.no - Issuu