FORDYP DEG
Trappetrinn
ar
Tomas skal bu hos far ei tid. Blokka som far bur i er gammal, men trappa er ny. Og lang. Ho har 113 trinn. Tomas har talt dei. Sjølv bur han ved det 13. trinnet, han og far.
ek
se m
pl
Aller øvst, ved trinn 113, bur ei jente. Ho ser grei ut, synest Tomas. Så grei at han vil vere venn med henne. Men korleis skal han få det til?
Vu
rd
er
in
gs
Han skriv eit brev. Eit lite brev. TA 100 STEG OG FÅ EIN VENN Så tar han brevet og går heile trappa opp. På det øvste trinnet i den lange trappa stiller han det veldig korte brevet inn mot døra. Han ringjer på. Tre klemt. Fort spring han ned og inn til far. For jenta skal jo ikkje sjå at det er han som har ringt på! Inne hos seg sjølv – og far – blir han ståande i gangen. Han legg øyret inn mot døra. Kan han høyre noko høgt der oppe? øvst: øverst
LES SKJØNNLITTERATUR
67