5 minute read

Jorda rundt aleine i seglbåt

kjensla: følelsen fridom: frihet

S P Ø R S M Å L

Sørishavet. Berre namnet får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein. Bølgene kan bli høge som eit seksetasjes hus, og sjøsprøyten piskar som om det skulle vore snøstorm. Det er 1. juledag, og Ellen MacArthur er aleine på ope hav. Isøydet i Antarktis er det nærmaste ein kan kalle land. Dei nærmaste menneska er astronautane om bord i den internasjonale romstasjonen som svever i verdsrommet over ho. Ingen helikopter kan nå ho, ingen fly kan lande, og det vil ta fire dagar for eit skip å komme om ho treng hjelp. Og nå ser det ikkje lovande ut. Ho er på veg inn i ein storm. Brune bønner for ein båt Ellen var berre fire år gammal da ho var med tanta i seglbåten for første gong. Ho gløymer ikkje spenninga da dei la frå land, og kjensla av fridom da dei heiste seglet. Der og da bestemte hos seg for at ho skulle segle jorda rundt ein gong. Mange drøymer om å gjere ting, men mistar draumen av syne etter som tida går. Ellen heldt fast på sin. På rommet sitt hadde ho ei blå sparebøsse. I England er det ikkje vanleg å ha med matpakke på skulen, og da Ellen blei ti år, fekk ho med pengar til å kjøpe mat for. I åtte år åt ho potetstappe og brune bønner til lunsj. Det var det Vurderingseksemplar billigaste dei selde i kantina, og dermed kunne ho kvar dag legge nokre kroner i sparebøssa.

Hva gjorde hun for å skaffe penger til sin første seilbåt?

Da ho hadde spart eitt pund (omkring ti kroner), putta ho det på bøssa og kryssa av på eit skjema med hundre ruter ho hadde laga. Da ho hadde kryssa av alle rutene, hadde

einmannsregatta: konkurranse i seiling der det bare er én person om bord i båten

S P Ø R S M Å L

ho spart opp nok pengar til å kjøpe sin første seglbåt. Men ho hadde ikkje nok pengar til å få ein båtplass og til å få sett båten på vatnet. Så i fleire år sat Ellen i båten i hagen og drøymde om å segle på havet på ordentleg. I 2000 segla ho jorda rundt i Vendée Globe, den tøffaste einmannsregattaen i verda. Ho var 24 år gammal og yngst av alle – og ho kom på andre plass. Seks månader seinare fann ho ut at ho ville prøve igjen, men denne gongen ville ho segle heilt aleine, ikkje i ein konkurranse. Målet var å bli den raskaste til å segle jorda rundt aleine utan stopp. Lag et spørsmål til reiseruta. Vurderingseksemplar

Ellen trong ein ny båt – større, raskare og breiare. Men medan dei heldt på å bygge båten, klarte ein franskmann å slå den gamle rekorden med 21 dagar. Det gjorde verdsrekorden enda vanskelegare å slå.

kollsegle: velte, kantre med seilbåt Alarmen går Vi held fast i livet, fortel Ellen i boka si om turen. Ho er aleine om bord, men ho seier alltid vi, det er ho og båten Moby. Ellen har lova å ta hand om båten, så får båten ta hand om ho. Nå treng dei fart for å komme ut av stormen. Ellen beskriv det som å køyre bil i 160 kilometer i timen utan frontrute og vindaugsviskarar, utan lykter og i stummande mørke. Bølgene løftar båten og slepper han ned igjen med eit smell. Ellen veit at om ho ikkje seglar fort nok, vil ho og båten bli fanga i stormen og enten kollsegle eller bli slått i fillebitar. Folk har drukna på denne ferda tidlegare. Ho veit at ho må, men det er ikkje råd å sove. Om ho legg seg i køya i 20 minutt, har ho ikkje tid til å ete. Ho er våt, svolten og utsliten. Men kva skal ho velje – mat eller kvile? Iblant er ho berre nøydd til å legge seg i køya med alle kleda på. Er ho heldig, søv ho uroleg i 30 minutt, så blir ho vekt av eit smell når båten fell ned i ein bølgedal, eller når alarmen ringer og minner ho på at ho må opp og skifte segl. Vurderingseksemplar Det største seglet gir ho den farta ho treng for å komme ut av stormen, men den sterke vinden kan også rive det sundt. Iblant har ho ikkje anna val enn å byte til eit mindre segl, sjølv om det betyr at ho og båten mistar fart. Heile tida tikkar klokka. Den som fortel om ho ligg før eller etter rekorden til franskmannen som har segla jorda rundt aleine før ho. Ho kjempar seg gjennom stormen. Men i det ho er som trøyttast og ikkje trur ho kan bli meir sliten, klarnar det

F O R ST Å O R D

plutseleg. Regnet gir seg, og på himmelen skin ein ljos måne. Det er sånne augneblinkar som gjer det verdt slitet og redsla.

ljos augneblink

Hjelper sjuke barn Sørishavet er ein av dei mest fantastiske stadene på jorda, seier Ellen i eit intervju. Det er vilt og skremmande, og ho innrømmer at ho var redd. Men ho synest ho var heldig også, som fekk Vurderingseksemplar

regatta: konkurranse i seiling oppleve vêret og naturkreftene. I det ho kryssar mållinja 7. februar 2005, er ho den raskaste som nokon gong har segla jorda rundt aleine. Ho kunne ha fortsett å sette rekordar, vore med i regattaar og utfordra havet og vinden. Ellen elskar å segle, og likevel bestemte ho seg for å slutte. Ikkje fordi det blei for tøft, eller fordi ho var redd, men fordi ho fann noko som var enda viktigare for ho. Somme måler ekspedisjonar i rekordar. For andre er det viktigast å utfordre seg sjølv. Andre igjen reiser ut for å finne løysingar og ny kunnskap. Ellen jobbar for å spreie kunnskap om korleis vi skal ta vare på jorda og havet. Men ho har ikkje heilt slutta å gå i båten. Ho har starta ein organisasjon som lærer unge som har hatt kreft og andre alvorlege sjukdommar, å segle. Ikkje for at dei skal sette verdsrekordar, men for at dei skal få tilbake motet og sjølvtilliten og lysta til å leve. Sjølv ikkje ein verdsrekord på havet kan slå det. Pia Strømstad SAMTALE 11 Når satte Ellen MacArthur verdensrekorden i jordomseiling? 12 Hvorfor måtte hun seile med stor fart i stormen?Vurderingseksemplar 13 Hva var grunnen til at hun sluttet med seilingen? 14 a Hva er formålet med å sette inn et kart til teksten? b Hva får du vite av å studere kartet? Nevn minst tre faktaopplysninger.

INDIVIDUELT ARBEID

15 a Lag en liste med ord fra teksten som du ikke kjente fra før. b Hvordan gikk du fram for å forstå ordene?

This article is from: