18
aktuelt lb # 4-20
Ikkje pengar til rettleiing i vidaregåande Sondre Kvamme slutta etter eit halvt år som lektor i vidaregåande skule. Med god og tilstrekkeleg rettleiing kunne det første møtet med yrkeslivet vore annleis – men regjeringa har berre gitt ressursar til rettleiing av nyutdanna i grunnskulen. AV | Inger Johanne Rein
DET VAR LIKE før praksissjokket gjorde
Sondre Kvamme til ein del av ein dyster statistikk: Ein av seks lærarar og lektorar forlèt skulen innan fem år etter ferdig utdanning. Heldigvis er han i gang igjen som vikar ved ein annan vidaregåande skule.
Å gå i blinde Tjuesjuåringen var ferdig utdanna lektor med master i nordisk ved Universitetet i Bergen i 2018. Etter eit årsstudium i utlandet var han klar for å jobbe som lektor. Han fekk ei 50 prosent stilling ved ein yrkesfagleg vidaregåande skule som han kombinerte med ei halv stilling ved universitetet. Etter eit halvt år slutta han som lektor i skulen, fordi han fekk eit tilbod om full stilling som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet. – Eg hadde ikkje energi til å halde fram som lektor, fortel han. Han opplevde det første året som beinhardt, og sjølv om han sjølvsagt hadde høyrt om det berykta praksissjokket, var det overveldande å møte det. – Det var ein ubalanse mellom min eigen identitet som lektor og det som viste seg å vere lektoryrket på yrkesfag, seier han, og fortel at mangelen på oversikt og kjennskap til det administrative var utfordrande. – Det var som å gå i blinde. Kvar finn eg årsplanar, korleis lagar eg ein? Korleis får eg fjerna fråvær ført inn av andre? fortel han.
Må setje av tid Kvamme fortel at han fekk ein mentor ved skulen, men at det var vanskeleg å vite kva ein skal spørje om. – Det er ikkje lett å ha innsikt i kva eg ikkje veit som eg burde vite. Eg trur det hadde vore til stor hjelp med tydelege og målbestemte rettleiingsøkter for meg som nyutdanna, seier han. Og legg til at ei oversikt over datoar, rutinar og administrative krav også hadde vore godt å støtte seg på. Dersom det hadde vore sett av tid til rettleiing, ville det også vore enklare. Det var mange ulike rutinar, metodar og opplegg som ikkje hadde vore ein del av studietida hans. Han opplevde at dette skugga for det som var kjerneoppgåva – å undervise i fag og skape gode relasjonar til elevane. Det var også utfordrande å handtere alt frå fråvær til å tilpasse pensum til elevar som var svake i norsk. – Det første året er sikkert tungt for alle, seier han, men for hans del gjorde det at han ikkje fekk sove om nettene.
Gir seg ikkje Trass i det tøffe førstemøtet med yrkeslivet, sende han før sommaren søknader til skular over heile Vestlandet. – Eg har ikkje tenkt å gje meg, for læraryrket – og særleg norskfaget – er verkeleg noko eg brenn for, fortel Kvamme. – Allereie som 20-åring kunne eg sjå meg sjølv ti–femten år fram i tid med ein kaffikopp i handa, strikka kardigan over rutete skjorte, siterande på vers frå Håvamål, seier han med eit smil.
Kvamme vart tidlegare i år intervjua av NRK i samband med at styresmaktene brukar 60 millionar kroner på rettleiing av ferske lærarar i grunnskulen, men ikkje éi krone i vidaregåande skule. – Eg trur ikkje det er noko lettare å byrje som nyutdanna lærar på vidare gåande skule enn i grunnskulen, seier han. Og her får han støtte frå Ingrid Helleve, professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen. Til NRK stadfesta ho at rettleiing i starten er viktig og kan vere heilt avgjerande for om nyutdanna vel å halde fram i skulen.
Ros frå politisk leiar Rita Helgesen har høyrt Sondre Kvamme snakke om utdanning og opplevingane som fersk lektor i fleire podkastar. – Det er veldig bra at han fortel om opplevingane sine, sidan han deler denne erfaringa med altfor mange nyutdanna lærarar og lektorar, seier ho. Ho er svært kritisk til at det ikkje er løyvd pengar til å rettleie nyutdanna i grunnskulen, men ikkje i vidaregåande skule. – Dette må kome på plass snarast. Nyutdanna i alle skuleslag har krav på rettleiing frå ein erfaren kollega med formell kompetanse i dette. Og det skal settast av tid. Dette er tomme løfte for ferske lektorar i vidaregåande dersom det berre er grunnskulen som får ressursar til å faktisk gjere dette på ein god måte, seier ho. – Mi erfaring er at det er tid til rettleiing som manglar, ikkje dei gode og erfarne kollegaene. Per no har eg eit vikariat på 14 dagar. Det seier diverre