5 minute read

Ikkje pengar til rettleiing i vidaregåande

AV | Inger Johanne Rein

Sondre Kvamme slutta etter eit halvt år som lektor i vidaregåande skule. Med god og tilstrekkeleg rettleiing kunne det første møtet med yrkeslivet vore annleis – men regjeringa har berre gitt ressursar til rettleiing av nyutdanna i grunnskulen.

DET VAR LIKE før praksissjokket gjorde Sondre Kvamme til ein del av ein dyster statistikk: Ein av seks lærarar og lektorar forlèt skulen innan fem år etter ferdig utdanning. Heldigvis er han i gang igjen som vikar ved ein annan vidaregåande skule.

Å gå i blinde

Tjuesjuåringen var ferdig utdanna lektor med master i nordisk ved Universitetet i Bergen i 2018. Etter eit årsstudium i utlandet var han klar for å jobbe som lektor. Han fekk ei 50 prosent stilling ved ein yrkesfagleg vidaregåande skule som han kombinerte med ei halv stilling ved universitetet. Etter eit halvt år slutta han som lektor i skulen, fordi han fekk eit tilbod om full stilling som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet.

–Eg hadde ikkje energi til å halde fram som lektor, fortel han. Han opplevde det første året som beinhardt, og sjølv om han sjølvsagt hadde høyrt om det berykta praksissjokket, var det overveldande å møte det.

–Det var ein ubalanse mellom min eigen identitet som lektor og det som viste seg å vere lektoryrket på yrkesfag, seier han, og fortel at mangelen på oversikt og kjennskap til det administrative var utfordrande.

–Det var som å gå i blinde. Kvar finn eg årsplanar, korleis lagar eg ein? Korleis får eg fjerna fråvær ført inn av andre? fortel han.

Må setje av tid

Kvamme fortel at han fekk ein mentor ved skulen, men at det var vanskeleg å vite kva ein skal spørje om.

–Det er ikkje lett å ha innsikt i kva eg ikkje veit som eg burde vite. Eg trur det hadde vore til stor hjelp med tydelege og målbestemte rettleiingsøkter for meg som nyutdanna, seier han. Og legg til at ei oversikt over datoar, rutinar og administrative krav også hadde vore godt å støtte seg på. Dersom det hadde vore sett av tid til rettleiing, ville det også vore enklare. Det var mange ulike rutinar, metodar og opplegg som ikkje hadde vore ein del av studietida hans. Han opplevde at dette skugga for det som var kjerneoppgåva – å undervise i fag og skape gode relasjonar til elevane. Det var også utfordrande å handtere alt frå fråvær til å tilpasse pensum til elevar som var svake i norsk. –Det første året er sikkert tungt for alle, seier han, men for hans del gjorde det at han ikkje fekk sove om nettene.

Gir seg ikkje

Trass i det tøffe førstemøtet med yrkeslivet, sende han før sommaren søknader til skular over heile Vestlandet.

–Eg har ikkje tenkt å gje meg, for læraryrket – og særleg norskfaget – er verkeleg noko eg brenn for, fortel Kvamme.

– Allereie som 20-åring kunne eg sjå meg sjølv ti–femten år fram i tid med ein kaffikopp i handa, strikka kardigan over rutete skjorte, siterande på vers frå Håvamål, seier han med eit smil.

Kvamme vart tidlegare i år intervjua av NRK i samband med at styresmaktene brukar 60 millionar kroner på rettleiing av ferske lærarar i grunnskulen, men ikkje éi krone i vidaregåande skule.

–Eg trur ikkje det er noko lettare å byrje som nyutdanna lærar på vidaregåande skule enn i grunnskulen, seier han. Og her får han støtte frå Ingrid Helleve, professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen. Til NRK stadfesta ho at rettleiing i starten er viktig og kan vere heilt avgjerande for om nyutdanna vel å halde fram i skulen.

Ros frå politisk leiar

Rita Helgesen har høyrt Sondre Kvamme snakke om utdanning og opplevingane som fersk lektor i fleire podkastar.

–Det er veldig bra at han fortel om opplevingane sine, sidan han deler denne erfaringa med altfor mange nyutdanna lærarar og lektorar, seier ho. Ho er svært kritisk til at det ikkje er løyvd pengar til å rettleie nyutdanna i grunnskulen, men ikkje i vidaregåande skule.

–Dette må kome på plass snarast. Nyutdanna i alle skuleslag har krav på rettleiing frå ein erfaren kollega med formell kompetanse i dette. Og det skal settast av tid. Dette er tomme løfte for ferske lektorar i vidaregåande dersom det berre er grunnskulen som får ressursar til å faktisk gjere dette på ein god måte, seier ho.

–Mi erfaring er at det er tid til rettleiing som manglar, ikkje dei gode og erfarne kollegaene. Per no har eg eit vikariat på 14 dagar. Det seier diverre seg sjølv at eg som tilkallingsvikar ikkje får nokon mentor, men heldigvis har eg kjekke kollegaer som hjelper meg, ikkje minst læraren eg vikarierer for, seier han og legg til at det er vanskeleg å få fast jobb. Utanom dette vikariatet har han fått eit tilbod om å jobbe som vikar i fire dagar.

Så lite som skal til

–Eg vonar at all merksemda rundt meg vert teken vidare. Eg er berre eitt tilfelle, ein av fleire som er i den same båten. Det mest påfallande med denne saka er kor eintydig responsen har vore: Alle tilbakemeldingane eg har fått har vore støttande, positive og stadfestande. Lærarar, frå den tidlegare norsklæraren min på vidaregåande og tidlegare kollegaer og studiekameratar til tilfeldige folk, seier dei har opplevd det same, seier han og legg til at det er underleg at så mange har same oppleving, men at det framleis er ei like stor utfordring for nytilsette.

–Som eg og lektor Lomsdalen konkluderer med i podkast-episoden eg var med i, så skal det berre eitt møte til annakvar veke, avsluttar han.

– Eg trur ikkje det er noko lettare å byrje som nyutdanna lærar på vidaregåande skule enn i grunnskulen, seier Sondre Kvamme.

Veiledning av nyutdannede

Hva kan du forvente av veiledning som nyutdannet nyansatt? En god del, faktisk!

AV | Dagne Nordli

DET ER NASJONALE rammer for veiledning av nyutdannede nyansatte, og høsten 2018 kom det skjerpede krav til å følge opp med systematisk veiledning.

Første to arbeidsår

Du har krav på veiledning som nyutdannet nytilsatt lærer de to første årene som ansatt uavhengig av om det er fast stilling eller vikariat. Veilederen skal ha formell veilederkompetanse og minst tre års erfaring som lærer – en støttende kollega som har fått avsatt tid til å veilede. Veiledningen skal være en planlagt, systematisk og strukturert prosess som gjennomføres individuelt og i gruppe. Tilsvarende skal nyansatte ha avsatt tid i sin arbeidsplan til å bli veiledet.

Mange får ikke veiledning

Bare 54 prosent av de spurte nyutdannede nyansatte i videregående skole som fullførte utdanningen sin i 2018 eller senere, oppgir at de får eller har fått veiledning (Rambøll 2020). Tilsvarende tall for grunnskolen er 68 prosent. Har du ikke fått veiledning som nyansatt, bør du bringe det på bane selv overfor arbeidsgiveren – din nærmeste leder eller rektor. Får du ikke gehør, kan du henvende deg til Norsk Lektorlags tillitsvalgte på arbeidsplassen eller til Norsk Lektorlag sentralt for råd. Som fagforening er vi opptatt av at nyutdannede lektorer skal bli tatt godt imot ute i skolen.

This article is from: