lb # 1-22
aktuelt
Fjernar kravet om 4 i matematikk Regjeringa har fjerna kravet om karakteren 4 i den enklaste matematikken for å kunne kome inn på lærarutdanningane. FRÅ VÅREN VERT det to alternative
vegar til lærarutdanninga. Søkjarane må enten ha minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i matematikk og norsk, eller dei må ha minst 35 skulepoeng og ha 3 i norsk og 4 i matematikk. – Noreg treng fleire lærarar. Med denne endringa femner opptakskrava breiare og gir fleire kvalifiserte søkarar. Vi skal framleis stille høge krav til dei framtidige lærarane våre, men utan å stenge ute søkarar som har høge karaktersnitt, og har styrken sin i andre fag enn matematikk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).
I november sende regjeringa forslaget om dei nye opptakskrava ut på høyring. No er høyringa ferdig behandla og regjeringa har vedtatt å gjennomføre den føreslegne endringa. Dei fleste universiteta og høgskulane støttar forslaget. Nokre organisasjonar vil ha høgare eller andre krav. – Som Universitets- og høgskule rådet òg påpeikar, er det er viktig å vere klar over at endra opptakskrav ikkje åleine løyser alle utfordringane med rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket.
5 prosent fleire kvalifiserte I følge Samordna opptak vil dei nye krava gi fleire kvalifiserte søkarar enn eitt av krava åleine. Det gir òg fleire kvalifiserte søkarar enn til dømes berre 40 skulepoeng. Khrono har fått Unit til å sjå på søkjarane i 2021 som hadde ei lærarutdanning som førstevalet sitt. 330 fleire av totalt 6347 førstevalsøkjarar ville vore kvalifiserte med de nye opptakskrava til regjeringa. Ut frå dette, kan den potensielle auken i kvalifiserte førstevalssøkarar vere 5,2 prosent med nye reglar.
OPPTAKSKRAV TIL LÆRERUTDANNINGANE I 2005 vart det innført særskilde krav om 35 skulepoeng og 3 i norsk og i fellesfaget matematikk, for opptak til allmennlærarutdanning. I 2009 og 2015 vart same krav gjort gjeldande også for lektorutdanninga og treårig faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Det var ikkje karakterkrav i matematikk for søkarar som har bestått samfunnsfagseller realfagsmatematikk (S-matte og R-matte). Frå studieåret 2016/2017 blei det innført eit nytt opptakskrav til grunnskolelærer og 5-årig lektorutdanning:
• karakter 3 eller bedre i norsk • karakter 4 eller bedre i matematikk • minst 35 skolepoeng. Dette blir opptakskrava frå hausten 2022: • minst 40 skulepoeng, og karakteren 3 i matematikk og norsk eller • minst 35 skulepoeng, og karakteren 3 i norsk og karakteren 4 i matematikk
17