18
aktuelt lb # 4-21
Arbeidspress, dårleg lønn og utmatting To av tre lektorar har vurdert å forlate yrket i løpet av dei siste fem åra. 17 prosent har søkt jobb utanfor skulen berre i løpet av det siste året. STORT ARBEIDSPRESS , dårleg lønn og utmatting er hovudårsakene til at lektorane vurderer å slutte å jobbe i skulen. Dette viser ei fersk medlemsundersøking i Norsk Lektorlag. – Dette er alarmerande tal, seier leiar i Norsk Lektorlag, Rita Helgesen. Ho er ikkje overraska over at det er arbeidspress og dårleg lønn som er årsakene til at mange vurderer å slutte som lektorar, men ho er overraska over kor mange som har vurdert å slutte. Det er ikkje mangel på trivsel. Det er berre kvar tiande som svarar at det er ei årsak. 67 prosent svarar at det er
stort arbeidspress, 52 prosent svarar at det er den dårlege lønna og 35 prosent svarar at det er utmatting. – Eg er ikkje i tvil om at pandemien og dobbeltarbeidet spelar inn her, men eg er like sikker på at dei dårlege lønnsoppgjera og mangel på overtidsbetaling også er viktige moment, seier Helgesen. Det er lektorane under 50 år som i størst grad svarar at dei har vurdert å slutte i skulen, og aller størst iver etter å jobbe utanfor skulen finn vi hos 30-åringane. Kvar fjerde har søkt annan jobb i løpet av siste året.
Andre årsaker som vert oppgitt: Få andre karrieremuligheter i skolen, vanskelig å finne andre arbeidsoppgaver enn undervisning Lite mestring under pandemien Mangel på anerkjennelse fra foreldre og ellers i samfunnet for den jobben man gjør Stadig nye krav og nye verktøy som ikke virker Mangel på respekt fra elever, mangel på støtte fra ledelse i vanskelige situasjoner, mangel på tid til faglig arbeid. Stat og kommune har behandlet lærere dårlig under koronaepidemien. Føler meg lite verdsatt i jobben jeg gjør Smittevern og vaksineprioritering
Stort arbeidspress, dårleg løn og utmatting er hovudårsakene til at lektorane vurderer å slutte å jobbe i skulen. Foto Eva Rose