2 minute read

Covid-19: Vaksiner og yrkesskade

Next Article
Spørsmål og svar

Spørsmål og svar

Ingen vaksineprioritet

Berre halvparten av dei tilsette i skular og barnehagar var fullvaksinerte ved skulestart. – For dårleg av myndigheitene og skuleeigarane, meiner Lektorlaget.

TAL FRÅ FOLKEHELSEINSTITUTTET (FHI) viser at per 19. august hadde 90,6 prosent (247 000) av dei tilsette i skular og barnehagar fått første dose koronavaksine, og 51,5 prosent (140 000) hadde fått dose to. Ser ein på befolkninga elles, hadde på same tid 85 prosent fått første dose og 49 prosent hadde fått begge. Tala viser også at vaksinasjonsdekninga er høgast blant lærarar i vidaregåande skule (94,3 prosent) og lågast blant assistentar (87,9 prosent).

For seint og for svakt

Trass i at alle lærarorganisasjonane pressa på, var det ingen reell vilje til å prioritere desse yrkesgruppene som gjennom størstedelen av pandemien har jobba under arbeidsforhold som ikkje har hatt godt nok smittevern. Rett nok ba Regjeringa tidlegare i sommar kommunane om å prioritere tilsette i barnehage og skule dersom dette var mogeleg. Trass i at nokre kommunar har valt å følgje rådet, er effekten liten på totalen. – Regjeringa burde vore mykje tidlegare på ballen og langt tydelegare når dei til sist kom med rådet om å prioritere lærarane. Dette ville ha sikra barn og unge ein normal skulestart og at samfunnet skulle få kome skikkeleg i gang til hausten. Eg er skuffa over at dei ikkje sytte for at alle tilsette i skulen fekk tilbod om fullvaksinering i god tid før skulestart. Når berre halvparten er fullvaksinerte idet skuleåret startar, er det berre å slå fast at dette er for dårleg – både frå skuleeigarane si side og frå myndigheitene, seier Helgesen.

Norsk Lektorlag prøvde å legge press både på regjeringa og KS for å få dei til å prioritere lærarar og lektorar i vaksinekøen.

116 lærarar har søkt om yrkesskade

Per første august hadde 2450 søkt om yrkesskadeforsikring knytt til covid-19. Av desse var det 116 lærarar.

– VI HAR FØREBELS IKKJE blitt kontakta av medlemmer som vil søkje yrkesskadeerstatning, fortel advokat i Norsk Lektorlag Else Leona McClimans. Ho ber medlemmer om å melde frå ved behov eller spørsmål.

For å få godkjent ein sjukdom som yrkessjukdom må arbeidstakaren ha blitt smitta eller fått påført denne medan han eller ho var i arbeid på arbeidsstaden i arbeidstida. Og ved eventuelle alvorlege komplikasjonar av covid-19 vert det stilt krav om karakteristisk sjukdomsbilete, rimeleg samanheng mellom mogeleg smitte og aktuelt sjukdomsbilete, at symptoma kjem innan rimeleg tid og at det er tilstrekkeleg sannsynleg at symptoma ikkje kjem av annan sjukdom.

Det var i april 2020 Regjeringa endra reglane for yrkessjukdommar slik at alvorlege komplikasjonar som følgje av covid-19 kan gå som yrkesskade. Det er stort sett tilsette i helse- og omsorgssektoren som har søkt om yrkesskade med sine nesten 1700 skademeldingar, men også tilsette i skular og barnehagar. I tillegg til dei 116 lærarane er det 131 miljøarbeidarar og barnehagetilsette og 64 som jobbar på skole utanom undervisning som har søkt om yrkesskadeerstatning på grunn av covid-19.

This article is from: