
2 minute read
Tilbake til todelt eksamen i matematikk
Tilbake til todelt eksamen
Forslag til ny opplæringslov
Utdanningsdirektoratet snur og seier no at alle eksamenar i matematikk skal gjennomførast som todelt eksamen – men berre fram til våren 2023.
Regjeringa sende 26. august forslag til ny opplæringslov på høyring. Her vil dei styrke rettane til elevane gjennom meir medverknad og elevdemokrati. Dei vil gi elevar i vidaregåande fullføringsrett, og lærlingar skal få rett til rådgiving i læretida.
UTDANNINGSDIREKTORATET vart møtt med massiv kritikk då dei i vår avgjorde å fjerne delen utan hjelpemiddel til eksamen i matematikk. Direktoratet ville endre eksamensforma som følgje av innføringa av nye læreplanar og innkjøp av ei ny digital eksamensteneste.
Heldigvis ser sterke reaksjonar og unisone åtvaringar frå eit samla fagmiljø ut til å ha nådd fram. I alle fall dei næraste skuleåra.
Allereie no i haust skal eksamen i matematikk ha del 1 utan hjelpemiddel som varer i ein time for alle. Del 2 skal gjennomførast med hjelpemiddel, og vil vare inntil tre timar for yrkesfaga og fire timar for studieførebuande. Eksamensoppgåvene skal vere retta mot nye læreplanar. Men i 2023 …
Utdanningsdirektoratet er fast bestemt på at eksamen i matematikk frå våren 2023 skal gjennomførast i den nye digitale tenesta for eksamen. – Alle må belage seg på at det uansett blir ei eller anna grad av endring, også i matematikkeksamen, skriv Per Kristian Larsen-Evjen i eit innlegg på Udir-bloggen.
Frå og med våren 2023 skal alle eksamenar i matematikk gjennomførast i den nye digitale tenesta. Fram mot 2023 skal Utdanningsdirektoratet gjere greie for korleis dei kan møte behova og innvendingane som har kome, om bruken av hjelpemidel under heile eksamen, skriv Udir på nettsida si. Skal presse på vidare
– Vi må openbert fortsetje å leggje press på Utdanningsdirektoratet i denne saka. Vi er ikkje med på premissen dei set om at det innkjøpte dataprogrammet skal vere styrande for kva som er den beste løysinga for å avvikle eksamen i matematikkfaget, seier Rita Helgesen. – Dersom det nyinnkjøpte eksamenssystemet ikkje klarer å handtere anna enn heildigitale eksamenar, kan ikkje dette trumfe faglege råd. Tilbakemeldingane dei har fått frå fagmiljøa i matematikk, har vore grundige og med sterke faglege grunngjevingar. Eg tviler på at desse vil sjå fundamentalt annleis ut om to år, seier ho.
DET ER 23 ÅR sidan førre gong lova vart gjennomgått, og i dei åra har fleire reformer og lovendringar gjort at lova har blitt oppstykka, omfattande og vanskeleg å finne fram i. Forslaget til ny opplæringslov er basert på råd frå opplæringslovutvalet og over 700 høyringsinnspel.
Styrker elevdemokratiet
Regjeringa foreslår å ta sentrale elevrettar inn i opplæringslova. Lova vil kreve at ein skal ta grunnleggjande omsyn til kva som er best for elevane, og at elevar skal bli høyrde i alle saker som handlar om dei. Regjeringa vil dessutan at lova skal påleggje skulane å oppmuntre elevane til å delta i elevdemokratiet og at dei får hjelp med organiseringa og gjennomføringa.
Fullføringsrett
Regjeringa vil innføre ein ny fullføringsrett som gir elevar rett på opplæring til dei har fullført og bestått. Retten vil ikkje vere avgrensa til tre år, slik han er i dag. Med den nye lova kan elevane fullføre sjølv om dei bruker fleire år eller treng fleire omval for å kome gjennom.
Ei anna nyvinning er at lærlingar skal få rett til rådgiving. Fylkeskommunane skal sørgje for at dei som går i lære i bedrift, har tilgang til rådgiving gjennom skulen der dei var elevar.
Forslaga er ei oppfølging av fullføringsreforma. Frist for å svare på høyringa er 20. desember 2021.