Lektorbladet # 2 2022

Page 14

14

aktuelt

lb # 2-22

Inkludering må lærast! Sidan 2017 har ungdomane i organisasjonen Ung Inkludering (UI) styrkt minoritetsspråklege elevar i Bærum og Trondheim i norsk og motivert dei for skulearbeid, og i prosessen har mange blitt vener. No skal metodikken og verdiane til UI ut til fleire skular og kommunar. AV | Anne Sande

I UNG INKLUDERING er det ungdom som hjelper ungdom. Elevar som kan norsk og har budd lenge i Noreg, hjelper elevar med kort butid og lite norskkunnskap gjennom leksehjelp, samvær på sosiale møteplassar og arrangement både i og utanfor skulen. Tiltaka fremjar språk­ ferdigheiter, meistring og sosialt liv for nykomne og minoritetsspråklege elevar. Men nytten er gjensidig, for ung­ domar med lang butid og norske ung­ domar lærer også mykje av samspelet, mellom anna om ulike kulturar. Dei får også styrkt sine sosiale ferdigheiter. Inkludering i skulen og i samfunnet skjer ikkje av seg sjølv, seier grunnleg­ garen av UI, lektor Merete Lien Utaker. – Vi er ikkje naturleg inkluderande, vi er eit reservert folk og held oss til dei vi kjenner. Inkludering må difor lærast og øvast på, understrekar ho.

Innlemma i KFUK-KFUM Ung inkludering er døme på sosialt entreprenørskap i skulen. Merete Lien Utaker, som til dagleg underviser på Østerås skole, etablerte den frivillige organisasjonen i 2017. Basen for UI har vore Bærum kommune, men også i Trondheim har UI preppa ungdoms­ skulelevar frå ulike land før dei skulle bli kjende gjennom eit valfag. Fram til nedstenginga på grunn av korona fekk også 20 elevar med kort butid på ein vidaregåande skule leksehjelp av eit eige UI-team. Etter fem år som leiar har Merete Lien Utaker no levert stafettpinnen til KFUK-KFUM, som skal føre arbei­ det vidare. Den landsdekkande orga­ nisasjonen tek med seg verdiane og

metodikken UI har utvikla, til ti skular i fire kommunar, under namnet «Ung inkludering i skolen». Prosjektet blir også knytt til KFUK-KFUM sine For­ andringshus. Dei to organisasjonane har mykje felles, fortel Øivind Mehl Landmark, som er verksemdsleiar i KFUK-KFUM Forandringshuset Norge. – Vi deler same verdigrunnlag, for­ mål og engasjement og er opptekne av at barn og unge skal finne tilhøyrsle og oppleve meistring. Det gullet som Ung inkludering i Bærum har utvikla, og som evnar å inkludere så mange, kan få vekse og bety meir for fleire. Han forklarer at «Ung inkludering i skolen» skal fortsette med dei aktivite­ tane som alt er etablerte, og forsterkast med fleire skular. KFUK-KFUM skal samarbeide med administrasjonen og lærararne i skulane, blant anna om lek­ sehjelp og valfag.

Lite kontakt Det starta skuleåret 2015–2016. Gjen­ nom valfaget «Innsats for andre» fekk Merete Lien Utaker og elevane hennar nyttige erfaringar. Faget var nytt, og det stod lite i læreplanen. På den tida kom det mange flyktningar. Elevane var bevisste på kva som skjedde, og ein av dei sa at ho hadde lyst å bli kjent med flyktningar. Det var kimen til utvik­ linga av valfaget det året. Dei oppretta eit samarbeid med ein innføringsklasse og skapte møteplassar kvar veke. Sam­ arbeidet var vellykka, og mange ville at arbeidet skulle halde fram. Merete Lien Utaker og elevane hen­ nar såg behova til ungdomar med kort butid i Norge. Dei forstod utfordrin­

gane desse elevane hadde, med språk, skulearbeid og ikkje minst det sosiale livet. På ein skule var velkomstklassen med minoritetsspråklege elevar skilde frå dei andre elevane i ein eigen byg­ ning, og det var null kontakt og kom­ munikasjon med dei norske elevane. Ei undersøking Ung Inkludering gjorde, viste at blant 40 minoritetsspråklege velkomstklasse-elevar og elevar på vaksenopplæringa i Bærum kom­ mune hadde berre to elevar snakka med norske ungdomar i løpet av sine to første år i Norge. – Vi fekk signal frå elevar og læra­ rar i innføringsklassen om at det var som ein glasvegg mellom dei og dei andre elevane på skulen. Utaker og UI sitt styre og ungdomar stilte seg der­ for spørsmålet: Kor stort er eigentleg dette problemet, og er det like vanske­ leg å få til inkludering på andre skular med innføringsklassar? Ho fortel at når dei hadde kurs for elevar på ulike sku­ lar, såg dei at det var ei stor utfordring på stadar der dei minoritetsspråklege elevane var i mindretal på skulen: Nor­ ske elevar hang med sine vener, og dei nye elevane var for seg sjølve. På skular med mange nasjonalitetar gjekk inkludering i større grad meir av seg sjølv. Her blei nykomne ungdomar oftare omfamna av elevar frå same kul­ turbakgrunn. Kva er det dei ikkje får til for desse ­elevane i skulen? – Ein kan ikkje seie at skular generelt ikkje får til inkludering, det er ulikt frå stad til stad. Men det avhenger av folk og kompetanse. Inkludering


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Lektorbladet # 2 2022 by Lektorbladet - Issuu