7 minute read

Inkludering må læres

Next Article
Lektorquiz

Lektorquiz

Inkludering må lærast!

Sidan 2017 har ungdomane i organisasjonen Ung Inkludering (UI) styrkt minoritetsspråklege elevar i Bærum og Trondheim i norsk og motivert dei for skulearbeid, og i prosessen har mange blitt vener. No skal metodikken og verdiane til UI ut til fleire skular og kommunar.

AV | Anne Sande

I UNG INKLUDERING er det ungdom som hjelper ungdom. Elevar som kan norsk og har budd lenge i Noreg, hjelper elevar med kort butid og lite norskkunnskap gjennom leksehjelp, samvær på sosiale møteplassar og arrangement både i og utanfor skulen. Tiltaka fremjar språkferdigheiter, meistring og sosialt liv for nykomne og minoritetsspråklege elevar. Men nytten er gjensidig, for ungdomar med lang butid og norske ungdomar lærer også mykje av samspelet, mellom anna om ulike kulturar. Dei får også styrkt sine sosiale ferdigheiter.

Inkludering i skulen og i samfunnet skjer ikkje av seg sjølv, seier grunnleggaren av UI, lektor Merete Lien Utaker. – Vi er ikkje naturleg inkluderande, vi er eit reservert folk og held oss til dei vi kjenner. Inkludering må difor lærast og øvast på, understrekar ho.

Innlemma i KFUK-KFUM

Ung inkludering er døme på sosialt entreprenørskap i skulen. Merete Lien Utaker, som til dagleg underviser på Østerås skole, etablerte den frivillige organisasjonen i 2017. Basen for UI har vore Bærum kommune, men også i Trondheim har UI preppa ungdomsskulelevar frå ulike land før dei skulle bli kjende gjennom eit valfag. Fram til nedstenginga på grunn av korona fekk også 20 elevar med kort butid på ein vidaregåande skule leksehjelp av eit eige UIteam.

Etter fem år som leiar har Merete Lien Utaker no levert stafettpinnen til KFUKKFUM, som skal føre arbeidet vidare. Den landsdekkande organisasjonen tek med seg verdiane og metodikken UI har utvikla, til ti skular i fire kommunar, under namnet «Ung inkludering i skolen». Prosjektet blir også knytt til KFUKKFUM sine Forandringshus. Dei to organisasjonane har mykje felles, fortel Øivind Mehl Landmark, som er verksemdsleiar i KFUKKFUM Forandringshuset Norge. – Vi deler same verdigrunnlag, formål og engasjement og er opptekne av at barn og unge skal finne tilhøyrsle og oppleve meistring. Det gullet som Ung inkludering i Bærum har utvikla, og som evnar å inkludere så mange, kan få vekse og bety meir for fleire.

Han forklarer at «Ung inkludering i skolen» skal fortsette med dei aktivitetane som alt er etablerte, og forsterkast med fleire skular. KFUKKFUM skal samarbeide med administrasjonen og lærararne i skulane, blant anna om leksehjelp og valfag.

Lite kontakt

Det starta skuleåret 2015–2016. Gjennom valfaget «Innsats for andre» fekk Merete Lien Utaker og elevane hennar nyttige erfaringar. Faget var nytt, og det stod lite i læreplanen. På den tida kom det mange flyktningar. Elevane var bevisste på kva som skjedde, og ein av dei sa at ho hadde lyst å bli kjent med flyktningar. Det var kimen til utviklinga av valfaget det året. Dei oppretta eit samarbeid med ein innføringsklasse og skapte møteplassar kvar veke. Samarbeidet var vellykka, og mange ville at arbeidet skulle halde fram.

Merete Lien Utaker og elevane hennar såg behova til ungdomar med kort butid i Norge. Dei forstod utfordringane desse elevane hadde, med språk, skulearbeid og ikkje minst det sosiale livet. På ein skule var velkomstklassen med minoritetsspråklege elevar skilde frå dei andre elevane i ein eigen bygning, og det var null kontakt og kommunikasjon med dei norske elevane. Ei undersøking Ung Inkludering gjorde, viste at blant 40 minoritetsspråklege velkomstklasseelevar og elevar på vaksenopplæringa i Bærum kommune hadde berre to elevar snakka med norske ungdomar i løpet av sine to første år i Norge. – Vi fekk signal frå elevar og lærarar i innføringsklassen om at det var som ein glasvegg mellom dei og dei andre elevane på skulen. Utaker og UI sitt styre og ungdomar stilte seg derfor spørsmålet: Kor stort er eigentleg dette problemet, og er det like vanskeleg å få til inkludering på andre skular med innføringsklassar? Ho fortel at når dei hadde kurs for elevar på ulike skular, såg dei at det var ei stor utfordring på stadar der dei minoritetsspråklege elevane var i mindretal på skulen: Norske elevar hang med sine vener, og dei nye elevane var for seg sjølve.

På skular med mange nasjonalitetar gjekk inkludering i større grad meir av seg sjølv. Her blei nykomne ungdomar oftare omfamna av elevar frå same kulturbakgrunn.

Kva er det dei ikkje får til for desse elevane i skulen? – Ein kan ikkje seie at skular generelt ikkje får til inkludering, det er ulikt frå stad til stad. Men det avhenger av folk og kompetanse. Inkludering

blant ungdom skjer ikkje av seg sjølv. Vår erfaring er at det bør vere vaksne som legg til rette for styrt aktivitet. Då vi starta aktivitetane våre, var dei planlagde av ungdomane, men til ein viss grad styrte av lærarar. Ung Inkludering har, etter at dei fekk god rettleiing frå ein tidlegare leiar for Operasjon Dagsverk, utvikla seg i retning av meir elevstyring. Utaker fortel at aktiviteten Globalcamp i stor grad vart organisert av ungdomane åleine.

Kva er unikt med Ung Inkludering? – Ungdomane sin eigarskap til aktivitetane ved å få mykje ansvar. Dette er Operasjon Dagsverkmetodikken. Dei tek ansvar, og dei veks på det. Og det tenkjer eg er heilt unikt, spesielt at minoritetsspråkleg ungdom med lite norskkunnskap får jobb og får dette på CVen sin.

Sett, inkludert og verdsett

Sidan 2017 har 50 ungdomar jobba for og med Ung Inkludering. To av dei er Najma Ahmed Mohamed og Shane Vinje Mc Keon. Najma har vore med i UI sidan starten, og Shane har jobba i ulike prosjekt i tre år. Shane Vinje Mc Keon fortel at først tenkte han meir på det å bli med som ei god moglegheit for å få jobb, god erfaring og bra å ha på CVen, men etter berre ei veke såg han heilt annleis på det. – Når ein blir ein del av UI, ser og føler ein kor viktig arbeidet faktisk er. Ein ser at det er mange som treng å bli sett og inkludert, og det er ei god kjensle å vite at du kan gjere det for andre. Med ein gong eg lærte meir og erfarte, vaks interessa, seier Shane Vinje Mc Keon.

Verdiane til UI er sett, inkludert og verdsett. – Det eg synes er så bra med UI, er at vi hjelper ungdomar frå andre land, men også oss som er hjelparar. Vi får masse erfaring. Ungdom som er nye, oppfattar at dei blir sette pris på i sitt nærmiljø, og det er utruleg viktig for å bygge sjølvtillit når du skal starte på nytt i eit land.

Najma Ahmed Mohamed, prosjektleiar for leksehjelpa i Bærum, fortel at ho gjekk på norskopplæring på grunnskulen og kunne ikkje så mykje norsk då ho vart kjent med UI. Ho fann fort ut at ho likte prosjektet, ho fekk etter kort tid jobb som kursleiar, og ho fekk vener og erfaring. – Ung Inkludering har hjelpt dei som ikkje har hatt norske venner før, og som ikkje har snakka så mykje norsk med andre nordmenn, seier Najma Ahmed Mohamed. Ho trur også at mange norske ungdommar ikkje torer å ta kontakt med ungdom med utanlandsk bakgrunn. – UI hjelper både minoritetsspråklege og majoritetsspråklege til å kommunisere. Dei blir på ein måte

Najma Ahmed Mohamed og Shane Vinje Mc Keon er blant dei 50 ungdomane som har jobba for Ung Inkludering i fleire år.

Merete Lien Utaker starta opp og har leia organisasjonen Ung inkludering i fem år.

inkludert av kvarandre. Dei norske lærer om andre kulturar, mens dei med kort butid lærer språket og norsk kultur, forklarer ho.

Er ikkje skulen flink nok til å jobbe med inkludering, fungerer det ikkje godt nok i skulen? – Ein blir jo oppfordra til å inkludere alle på skulen, men forskjellen er at UI påverkar til at ein byr på meir av seg sjølv, meir enn eg var komfortabel med. Eg har ikkje opplevd på skulen at eg må steppe ut av komfortsonen. I UI har eg måtta gjere ting som eg kanskje ikkje var komfortabel med å gjere då, og by meir på meg sjølv enn eg kanskje hadde lyst til. Men som eg etterpå har vore veldig glad for at eg gjorde. Det er lærerikt, seier Shane Vinje Mc Keon.

Han legg til at det har vore ein fantastisk arbeidsplass og eit trygt miljø for alle, og han gir mykje ros til Merete Lien Utaker og dei andre vaksne.

KFUKKFUM har ambisjon om at «Ung inkludering i skolen» blir etablert i ti kommunar.

Merete Lien Utaker ser fram til at KFUKKFUM kan bygge vidare på grunnmuren UI har lagt desse fem åra. Ho er særleg opptatt av at ungdomane som har vore leiarar, får jobbe vidare i organisasjonen. Ho tilrår også at KFUKKFUM tilset ein prosjektleiar for Ung Inkludering i skolen, som jobbar som lærar og som kan jobbe begge stader. – Og viktigaste av alt, den som skal leie arbeidet, bør ha eit hjarte for inkludering, seier Utaker. – Det er viktig at KFUKKFUM fortset med å bruke dei unge i arbeidet sitt. Det er viktig for å få til inkludering, understrekar også Najma Ahmed Mohamed.

AKTIVITETAR I UNG INKLUDERING

• Leksehjelp på ungdomsskular og vidaregåande skular • Medelev – sosial inkludering på vgs. • Valfagsinkludering på ungdomsskulen • Globalcamp • Kurs og opplæring

This article is from: