Lektorbladet #1 2020

Page 6

6

aktuelt   lb # 1-20

Ny rapport om struktur og innhald i vidaregåande opplæring Liedutvalet har undersøkt kor godt vidaregåande opplæring førebur elevar til studiar og jobb.

DÅ UTVALSLEIAR RAGNHILD Lied presenterte NOU 2019: 25

«Med rett til å mestre» i desember, fekk kunnskapsministeren overrekt forslag til over 100 tiltak som skal svare på utfordringane i vidaregåande opplæring. Nokre av dei viktigaste er desse: – Retten til vidaregåande opplæring vert utvida til ein tids­ uavgrensa rett til å fullføre. – Elevar som ikkje har eit godt nok fagleg nivå frå ungdomsskulen, skal få innføringsfag i norsk, engelsk og matematikk, og elevane må bestå faga for å kunne gå vidare til neste fagnivå. – Vidaregåande opplæring skal føre til enten studiekompetanse eller yrkeskompetanse. – Skuleåret skal bli delt inn i to eller tre terminar. Lieduvalet vil ha ei ny og meir fleksibel organisering av skuleåret, og vil dele året inn i to eller tre terminar. Målet er å samle undervisninga i enkelte fag med låge timetal til ein termin, og gi sluttvurdering i faget etter at terminen er over. Liedutvalget trur dette vil gi betre rom for fordjupning ved at skulen tilbyr færre fag om gongen. Kortare terminar skal gjere det enklare med omval undervegs, og elevane får sluttvurdering etter kvar termin. Når elevane samtidig må oppnå kompetanse i

faget før dei kan gå vidare, vil elevane kunne ha ulik takt for gjennomføring av faget. Leiar i Norsk Lektorlag Rita Helgesen er positiv til at elevane får betre høve til å fordjupe seg, men vil sjå nærare på detaljane rundt forslaget frå Liedutvalet i høyringsprosessen. – Det er sjølvsagt bra å legge til rette for djuplæring i fag, men forslaga om terminar vil gjere planlegging og logistikk rundt timeplanar og fag endå meir krevjande, seier Helgesen.

Vil ha innføringsfag De siste tre åra har rundt 8000 elever kvart år gått ut av grunnskulen med under 30 grunnskolepoeng. Frå tidlegare år veit vi at mindre enn 50 prosent i denne elevgruppa har fullført vidaregåande. Elevar med svake føresetnader møter forventningar og krav som alle andre elevar, og då vert vegen frå skulebenken til fråfall kort. Utvalet foreslår obligatoriske innføringsfag i engelsk, norsk og matematikk for elevar som treng det for å kvalifisere seg til den ordinære opplæringa i dei tre faga. – Alle elevar skal få oppleve meistring, og opplæringa skal vere tilpassa det faglege utgangspunktet til elevane. Vi må derfor sørge for at elevar er kvalifiserte, og at dei får ein tydeleg sluttkompetanse som er relevant både for dei sjølve og samfunnet når dei er ferdige, sa Ragnhild Lied. Rita Helgesen er tydeleg på at Norsk Lektorlag vil gå lenger enn Liedutvalet, som ikkje foreslår inntakskrav til vidaregåande opplæring. Norsk Lektorlag meiner at differensierte opptakskrav og poenggrenser for ulike studieretningar er naudsynte. Dette er også foreslått utgreidd av Stoltenberg­ utvalget, og er særlig viktig for opptak til studie­førebuande løp. – Regjeringa bør sjå forslaga frå Liedutvalget i samanheng med forslaget frå Stoltenberg-utvalet om poenggrenser og differensiering, særleg for studieførebuande, men også for yrkesfaglege løp, avslutter Helgesen.

Fornøgde med rapporten. Rita Helgesen sat i referansegruppa til Liedutvalet og Olav Myklebust var utvalsmedlem.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Lektorbladet #1 2020 by Lektorbladet - Issuu