5 minute read

Liedutvalget har sett på videregående

Next Article
Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon

Ny rapport om struktur og innhald i vidaregåande opplæring

Liedutvalet har undersøkt kor godt vidaregåande opplæring førebur elevar til studiar og jobb.

DÅ UTVALSLEIAR RAGNHILD Lied presenterte NOU 2019: 25 «Med rett til å mestre» i desember, fekk kunnskapsministeren overrekt forslag til over 100 tiltak som skal svare på utfordringane i vidaregåande opplæring.

Nokre av dei viktigaste er desse: –Retten til vidaregåande opplæring vert utvida til ein tidsuavgrensa rett til å fullføre. –Elevar som ikkje har eit godt nok fagleg nivå frå ungdomsskulen, skal få innføringsfag i norsk, engelsk og matematikk, og elevane må bestå faga for å kunne gå vidare til neste fagnivå. –Vidaregåande opplæring skal føre til enten studiekompetanse eller yrkeskompetanse. –Skuleåret skal bli delt inn i to eller tre terminar.

Lieduvalet vil ha ei ny og meir fleksibel organisering av skuleåret, og vil dele året inn i to eller tre terminar. Målet er å samle undervisninga i enkelte fag med låge timetal til ein termin, og gi sluttvurdering i faget etter at terminen er over. Liedutvalget trur dette vil gi betre rom for fordjupning ved at skulen tilbyr færre fag om gongen. Kortare terminar skal gjere det enklare med omval undervegs, og elevane får sluttvurdering etter kvar termin. Når elevane samtidig må oppnå kompetanse i

faget før dei kan gå vidare, vil elevane kunne ha ulik takt for gjennomføring av faget. Leiar i Norsk Lektorlag Rita Helgesen er positiv til at elevane får betre høve til å fordjupe seg, men vil sjå nærare på detaljane rundt forslaget frå Liedutvalet i høyringsprosessen. –Det er sjølvsagt bra å legge til rette for djuplæring i fag, men forslaga om terminar vil gjere planlegging og logistikk rundt timeplanar og fag endå meir krevjande, seier Helgesen.

Vil ha innføringsfag De siste tre åra har rundt 8000 elever kvart år gått ut av grunnskulen med under 30 grunnskolepoeng. Frå tidlegare år veit vi at mindre enn 50 prosent i denne elevgruppa har fullført vidaregåande. Elevar med svake føresetnader møter forventningar og krav som alle andre elevar, og då vert vegen frå skulebenken til fråfall kort.

Utvalet foreslår obligatoriske innføringsfag i engelsk, norsk og matematikk for elevar som treng det for å kvalifisere seg til den ordinære opplæringa i dei tre faga.

– Alle elevar skal få oppleve meistring, og opplæringa skal vere tilpassa det faglege utgangspunktet til elevane. Vi må derfor sørge for at elevar er kvalifiserte, og at dei får ein tydeleg sluttkompetanse som er relevant både for dei sjølve og samfunnet når dei er ferdige, sa Ragnhild Lied.

Rita Helgesen er tydeleg på at Norsk Lektorlag vil gå lenger enn Liedutvalet, som ikkje foreslår inntakskrav til vidaregåande opplæring. Norsk Lektorlag meiner at differensierte opptakskrav og poenggrenser for ulike studieretningar er naudsynte. Dette er også foreslått utgreidd av Stoltenbergutvalget, og er særlig viktig for opptak til studieførebuande løp. –Regjeringa bør sjå forslaga frå Liedutvalget i samanheng med forslaget frå Stoltenberg-utvalet om poenggrenser og differensiering, særleg for studieførebuande, men også for yrkesfaglege løp, avslutter Helgesen.

Fornøgde med rapporten. Rita Helgesen sat i referansegruppa til Liedutvalet og Olav Myklebust var utvalsmedlem.

Nye program, meir fleksibilitet I tillegg til at altfor mange elevar byrjar i vidaregåande med svake føresetnader, er det i den andre enden av skuleløpet mange elevar som ikkje er godt nok førebudde på vidare studium og livslang læring. Elevane på studieførebuande program etterlyser mellom anna meir undervisning i akademisk tekstforståing og skriving, i tillegg til opplæring i kritisk tenking og praktisk kunnskap. Utvalet foreslår at det skal lagast nye studieførebuande utdanningsprogram, og at vidaregåande skal bli mindre likt ungdomsskulen.

Utvalet ønsker også at dei yrkesfaglege utdanningsprogramma skal få større fleksibilitet. I nokre yrke er det større behov for god språkkunnskap, som i reiselivsbransjen, medan det i andre yrke vil vere meir behov for endå meir realfagskunnskap. Utvalet foreslår difor større variasjon mellom dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Vil sjå på kompetansekrav Norsk Lektorlag er svært positiv til at Liedutvalet meiner det bør greiast ut om ein skal utvide kompetansekrav for lærarar i vidaregåande opplæring. I tillegg understrekar utvalet at vidaregåande skule har behov for lærarar med mastergrad på dei studieførebuande programma.

Eit anne forslag frå utvalet er å etablere eit nasjonalt fagråd for studieførebuande utdanningsprogram og høgare utdanning for å fremje samarbeid, jobbe for utvikling og sjå på behov for endringar i ulike utdanningsprogram. –Dersom det vert etablert eit slik fagleg råd, er det viktig at dei faktiske ekspertane vert inviterte inn, nemleg dei som jobbar i skulen, seier Rita Helgesen.

Rapporten frå Liedutvalet blir sentral inn i arbeidet med stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring, som etter planen skal bli lagd fram våren 2021.

På innsida avLiedutvalet

OLAV MYKLEBUST, LEKTOR ved Volda vidaregåande skule, sat i Liedutvalet som den einaste praktiserande læraren av utvalsmedlemmene. –Vi har ikkje alltid vore einige i utvalet, det er store utfordringar vi vart bedne om å finne løysingar på. Vi kjem frå ulike ståstadar med ulikt syn på vidaregåande opplæring. Gjennom gode dialogar i utvalet, hjelp frå ei tydeleg referansegruppe, innspelskonferansar og skulebesøk, klarte vi på ein god måte å samle oss om NOUen, seier han.

Han framhevar Ragnhild Lied som ein svært god og diplomatisk leiar av utvalet, og meiner at det var verdifullt å ha ein utvalsleiar som har bakgrunn frå skulen.

Myklebust trur at dersom forslaga vert gjennomførde, vil det gje ein mykje betre skule i framtida. Han la også vekt på at sjølv om det har vore viktig for å utvalet å tenkje ut tiltak som får ned fråfallet, har det vore like viktig at det vert stilt høge krav til sluttkompetansen.

Han seier at utvalet er klar over at det er store kostnader knytt til å innføre fleire av tiltaka, men viser til at den samfunnsøkonomiske gevinsten ved å få fleire elevar gjennom vidaregåande opplæring er større. –Eg er fornøgd med arbeidet vi har gjort i utvalet, og er veldig spent på tilbakemeldingane frå sektoren, seier han.

To sunnmørslektorar i Liedutvalet: Olav Myklebust og utvalsleiar Ragnhild Lied med NOUen Med rett til å mestre.

This article is from: