THE DAMNED UNITED
DVDanmeldelse
Den kritikarroste fotballfilmen The Damned United er no ute på DVD i England, der eit nærast samstemt kritikarkorps har gjeve den god kritikk, som og boka med same namn av David Peace fekk for ei tid attende.
Fordømte Leeds Dette er korleis ein trur Brian Clough hadde det når han trende Leeds United i 44 dager. Ein saus av fri fantasi og realiteter gjer uansett dette til god underhaldning, sjølv om Leeds United som fotballklubb ikkje akkurat vert framstilt som eit glansbilde. Brian Clough sin famile nekta å koma på premieren. Johnny Giles saksøkte forfattaren av boka, i følge nett rykter. Sånne kontroverser trekkjer ikke akkurat mindre publikum på kino. Viss ikkje filmen gledar Leeds fans, burde i alle høve det fyldige ekstramaterialet på DVD plata gjera det. Spessielt kuttet
56
THE PEACOCK NEWS
OKTOBER 2009
under tittelen: The Changing game. Fotball in the Seventies har det meste. Her dukkar Eddie Gray og Gordon Mc Queen opp med fyldig kommentarer, og Eddie Gray konstanterar at Brian Clough på ein av dei første treningane ba dei kvitta seg med medaljane på grunn av at dei hadde vunne serien med skitne triks og det som verre er. Interessant er det at han tilføyer at Brian Clough ikkje fekk mange dager til å byggja laget opp, og legg ikkje skjul på at Brian Clough var ein stor trenar, sjølv om han ikkje passa inn i Leeds.