4 minute read

dVd-anmeldelse: ”Fordømte leeds

dvdaNMEldElSE

den kritikarroste fotballfilmen The damned United er no ute på dvd i England, der eit nærast samstemt kritikarkorps har gjeve den god kritikk, som og boka med same namn av david peace fekk for ei tid attende. fordøMTE lEEdS

Advertisement

Dette er korleis ein trur Brian Clough hadde det når han trende Leeds United i 44 dager. Ein saus av fri fantasi og realiteter gjer uansett dette til god underhaldning, sjølv om Leeds United som fotballklubb ikkje akkurat vert framstilt som eit glansbilde. Brian Clough sin famile nekta å koma på premieren. Johnny Giles saksøkte forfattaren av boka, i følge nett rykter. Sånne kontroverser trekkjer ikke akkurat mindre publikum på kino. Viss ikkje filmen gledar Leeds fans, burde i alle høve det fyldige ekstramaterialet på DVD plata gjera det. Spessielt kuttet under tittelen: The Changing game. Fotball in the Seventies har det meste. Her dukkar Eddie Gray og Gordon Mc Queen opp med fyldig kommentarer, og Eddie Gray konstanterar at Brian Clough på ein av dei første treningane ba dei kvitta seg med medaljane på grunn av at dei hadde vunne serien med skitne triks og det som verre er. Interessant er det at han tilføyer at Brian Clough ikkje fekk mange dager til å byggja laget opp, og legg ikkje skjul på at Brian Clough var ein stor trenar, sjølv om han ikkje passa inn i Leeds.

Det eksisterte nemleg ikkje kjemi mellom trenar og spelarar anført av Billy Bremner. Laget er så innbarka i Don Revie`s spelestil at Brian Clough vert gjort til latter på første treninga, der Norman Hunter set inn ei takling så Clough dett i søla. Snakk om “five a side” fotball med sting. Johnny Giles og resten av spelarane vert fremstilt som 70 tallets råaste spelarar i engelsk 1 Divisjon. Filmen har gjort seg flid med å få den rette 70 tallets stemninga, og det klarar den fint. Det hjelper på også og ha A laget av britiske skodespelarar i troppen, inkl Colm Meaney som Don Revie, og Timothy Spall som Clough assistent Peter Taylor, men den som tar kaka er Michael Sheen som Brian Clough, der den legendariske replikken: I wouldnt say i was the best manager in the business, but i was the top one” kan stå som en karakterstikk over den utvendige maska han tok på seg ansynes media og andre. Den andre sida var prega av sterke hevntankar, missunnelse, og Revie hat som var fullstendig “over the top”. Men dette gjer og filmen særs sjåverdig med dirrande drama her og der. Heldigvis er fotballkampane trekt ned til det minimale, men heller konsentrert om dei menneskelige relasjonane. Assistenten Peter Taylor er mykje meir trukke inn her en i boka, og det gjer det meir interessant. Brian Clough åleine i Leeds uten Taylor skar seg, og ein spør seg om det hadde vore annleis om dei båe to hadde tatt over Leeds, men det får ein ikkje svar på. Det som er ganske så sikkert var at Taylor lukta trøbbel, og nekta å vera med til Leeds. Revies menn var Super Leeds, og der måtte til og med Clough melda pass.

Dette er temmelig uforståelig at denne filmen i skrivande stund ikkje har gått på kino eller i skrivande stund ikkje har kome på DVD i Noreg. Sjølv om Leeds United som fotballklubb ikkje var særs begeistra for denne filmen, var dei svært samarbeidsvillige i følget filmtidsskriftet Empire: The chief exec is of the view that you, know it`s the part of Leeds history (Empire April 2009 s 132). Det kan nevnast at Johnny Giles og i følge Empire har fått sitt navn fjerna frå seinare utgåvar i boka. Det var i følge filmen han Revie hadde utpeika til å ta over Leeds etter Revie tok over det engelske landslaget. Giles på filmen er heller ikkje særs sympatisk framstilt. Det merkelige med filmen var at når filmen hadde premiere i England tok sonen til Brian Clough Nigel Clough over Championshipklubben Derby. Og det som verkeleg har oppsatt Clough familen i fylgje Empire er scena den han brenne Don Revie sin kontorpult, og med sitt første møte med Bremner og Co fortel som tidligare fortalt: kast medaljene i søpla, fordi det har fått det med å juksa dykk til siger. Men me Leeds fans veit kva som var gale. Han hadde ikkje den Bremnerske ånda med seg. Og når det åndlege sviktar, sviktar det meste.

Men ingen kan ta i frå Brian Clough sin suksessmed Derby og Nottingham der han fekk spelarane til å tilbe han som ein karistmatisk kult ledar. Men han mangla den humane side til Don Revie, som og Gordon Mc Queen og Eddie Gray peikar på i ekstra materiellet, dei ville gå gjennom muren for Revie. Nottingham historien tyder og på at det var mange spelarar som lystra Brian Clough som fekk klubben til å vinna serien til 2 europacup sigrar og seriemesterskap i andre helvta på 70 tallet. Men Leeds hadde ein annan form for fotball som ikkje alle forstår, i alle høve ikkje Brian Clough. Denne DVD plata kan fåes fra amazon,com.uk, og kanskje i norske dvd butikker om ikkje so lenge ,trur eg. Får Leeds fans som er interessert i Leeds historie, om ein tanke overdreve, er dette eit fint inblikk, om berre som rein underhaldnings film, for det er den.

Kvifor er det forresten ingen som lagar film om norske fotballtrenarar med korte karrierar. Her er det trulig mykje underhaldanda for film å henta ut?, sikkert ifrå både høgare og lågare divisjonar. Men no skal me snart møta Liverpool i ligacup. Me har andre ting å tenka på.

ANMELDT AV KURT OLAV HELLE

This article is from: