6 minute read

lokalhistorisk: mestaren har talt

kUrT olav HEllE

kURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.

Advertisement

MESTarEN Har TalT

Me vil bæra sigerenes fane, det vil værta Liverpoolfansen Stepp og Lehnin Lonins bane.

Me nærmar oss haustens “fårikåltid“, og det er ikkje noko som tilsei at Leeds sin formkurve vil svikta. I skrivande stund har Leeds og Charlton vunne alle sine kamper til no, og no snart står Liverpool for tur i 3 runde i Ligacupen. Ein har aldri sett so mange sleske glis blant Liverpool fansen i nærmilijøet, om at dette vert rein “walk over” for å sitera Lohnin på leitet. Kanskje når du les dette har Liverpool slått ut Leeds av Ligacupen, men la oss tenkja at dei ikkje har det. At Leeds har sett skapet på plass ein gong for alle. Då kjem dei truleg trillande ut, “skap Leeds tilhengarane” som ikkje har heva fana høgt til no. Det var i ei sodan stund tankane gjekk tilbake til den gongen The Monkees var den store popgruppa på slutten av 60 tallet, og tv serien om dei gjekk på NRK i svart/kvitt og me ungar song på Daydream beliver, og Hey, hey vede Monkees. Det var ei lukkeleg tid og Super Leeds var i emning. Det var ikkje noko “daydream beliving” på den tida. Det var realitet. Det var Leeds. Det var Super Leeds.

Her om dagen fekk eg eit syn enten du trur det eller ei. Eg gjekk og la meg på nordre lemmen, og med stod ei kvitkledd ånd fremfor meg, i kjortel. Han talde til meg: Eg er glad min son, at Leeds er dit favorittlag, og den Bremnerske åndi står i deg. Tap eller vinn mot Liverpool er berre smårusk i maskineriet, mot at den kvite, reine, og gode fotballen nok ein gong skal stiga fram i sin velde. Før eg fekk tatt han i hånda, høyrde eg sangen: Leid milde ljos, so Hebbe (Herbjørg) song med oss i småskulen, og eg visste at fotballens ljos nok ein gong kom til å stiga fram på Elland Road. Der og då visste eg at sånne syn hadde dei neppe på leitet, hos Stepp og Lohnin. Fotballens andelege førarar viser seg kun for dei retttruande. Viss du heldt med gale lag,bannar og sverjar, kan du få makka (mark) på tunga, so Hebbe fortalte oss. Eg har høyrt ein del banning og “sinta stepping” bort på Leitet viss Liverpool tapte opp gjennom tida. Men i Nesjavegen har me gått heller stille i dørane, sjølv om ei anna “raud fare” på leitet dukka opp, Arsenal fansen påhimmel leitet Axen freista å krasja trøbilen min ein gong i slutten på 60 tallet for å understreka at det var Arsenal som var dei store på “Himmeleitet”. Så det var ikkje lett å veksa opp med Man U fans (S.Vest), Axen(Arsenal), Stepp og Lohnin (Liverpool), når Joppen flytta her i frå på slutten av 70 tallet. Hissigsprett og når Stepp ropte ut: Din førebannade Jipp Jopp, då Joppen (legendarisk lokal Leeds frelsar i Nesjavegen) påpeikte ein smånegativ ting om Liverpool. Då måtte trost, mann og mus passa på. Trø ein ikkje for nære, før ein tek fram luftgeveræ var mottoet. Det vart meir stepp og stull då, inspirert frå gamle sjekkhefte format Vill Vest teikneseriar kjøpt frå Lille snille på kaien

for 60 øre pr stk. Kviin sa det rundt beina på Joppen og Leeds fansen, viss det vart sagt noko negativt om Leeds. Fort Nevada hadde kanskje ikkje Kaptein Miki som frontfigur, men dei hadde Stepp og Lohnin, so det var ikkje berre berre å leika Cowboy og Indianar på den tida, det var ikkje alle “fotballfarisearane” som fant det rette laget å helda med. Sidan har det berre bredd seg ut. Liverpool, Man U, og Arsenal fans har dukka opp både her og der. Enkelte har vorte meldt inn i fan klubbane, før dei har vorte fødd. Det var ingen som i den reine kvite Leeds frelsa kunne ta i mot dei. Har ikkje jordmora i bygda eit ansvar her spør ein seg?

Me har ikkje hatt det lett den seinare tid, me Leeds fans, men kan me gå gjennom serien utan å tapa kan dette bli historisk . Når eg sit her i finstova og knotar ned er det Southend som står for tur. Me snakkar om 11 September. Viss det er nokre Bin Ladenske krefter som er virke, la dei ikkje sleppa te. Merkeleg at kampen vart flytta frå først 12 September til 11 september. Er det eit tegn frå oven, at Leeds United mestrar 11 September kampar. Med siger her er det ikkje måte på kva Super Leeds kan klara. Ja, til og med Liverpool kan verta sendt heim som slaktoffer. Ein har sett fjesa til Liverpool fansen. Dei er so sikre på siger over Leeds, at dei berre ler, og kallar det “walk over” for å bruka Lohnin sine ord. Stepp er meir diplomatisk og har omsut for Leeds og meiner at sjangsane er der. Me får venta å sjå. Dei for ein gong læra, so far min sa. Man U S Vest Timbermann havnar på DVD i Oktober i filmen den norske skrekkfilmen Skjult. Ellers går det mykje i Uriah Heep der i gården, og mulig sjangse for at rock/pop gruppa Exit skal gjennoppstå, viss då manageren får fingjen ut. Hjå vokalist JMK (Jan Magne Kalleklev) som fotballkarriere stogga då han på bedriftslaget til LKAM(Lonevågskameratane) ropte etter lange ballar på vingane, utan å motta særleg av dei i det heile er ein mest opptatt av potettransport mm og lite fotball. Når det gjeld Veterantreningane er det Luscos medl Janson (Eivind Solberg dy) som har tatt over. Det borgar for kvalitet, energi, og disiplin i den Bremnerske and. Ja til og med Lenin Lonin på leitet har karakterisert han som spelaren som gav alt for Osterøy, sjølv om han haldt med Leeds. Lurar på kor mange som møter opp? Det er ikkje heilt det store været, men kunstgrasbana skal visst nok væra i tipp topp stand. Ja, ja, det nærmar seg jol med truleg ny Ribbecup i vente, og ein får byrja så smått å tenkja framover. Mark Viduka er i skrivande stund på fri transfer frå Newcastle. Kunne det væra noko? Det er vel ikkje lenge før Alan Smith er det same? Kjem dei tilbake nokon gong? Er dei for gamle?, Ja, ja, det kan bli ein spennande haust i vente. Ein har då trua, sjølv om ein møter på ein del fotballmessige “hottentottar” som heldt med Man U, Liverpool, og Arsenal som smilande leverar inn tippelappen i disken, der Leeds sjeldan er med, men trur du dei vinn sjølv om ein tipsar dei om sikre sigrar til Leeds. I haust til no har det no “slått te” som me sei på bygda. Det går opp og ned i livet, men mange av dei som har tippa har no ikkje fått 12 rette. Snart skal dei få tørka dei sleske Man U og Arsenal smila, og sjå kven som stig frå oska som fugl fønix, eit symbol på ei fotballmessig gjenføding. Neste gong me snakkast er det ikkje berre Super Leeds ein snakkar om, men super duper Leeds. Nærast uslåeleg i alle høve i Leauge 1. Charlton hen visst enno med, men det vert ikkje lenge. Sann mine ord. Det vert i alle høve direkte opprykk. Mestaren har talt til meg. Ein er sveipa inn i ei Bremnersk and, og det er sterke saker. Vert det nok eit år i League one, er det satans verk. Ikkje det fotballmessige kvalitetar.

Come on Super Duper Leeds.

This article is from: